Produksjonen er ikkje så stor for tida, så eg legg heller ut ting eg har laga tidlegare. Her er ein gryteklut der hendene kan stikkast i lommene, og maten kan settast på bordet rett frå omnen, for då fungerer den som bordskånar;) Eigen ide;)
På den eine sida har eg quilta; Smaken er som baken,
den er delt, står det på andre sida. Mellom dongeridelane, felte eg inn eit stykke med "små vannglass", som var ein prøvelapp som berre låg der.
Ei lang beltestropp fungerer som oppheng.
Baksida er sydd saman av dongeribitar og strimler frå ramma på framsida.
Blomstrane er quilta frå framsida.
Kjempesmart.
SvarSlettAstrid
Kjempesmart ide:))
SvarSlettDet var jammen lurt!! Trur eg skal stjele den ideen der :)
SvarSlettTrine