tirsdag 26. mai 2015

Nytt Legoteppe


Skumle greier kanskje, 
men dei ser no snille ut spøkelsa som skal vakte over legoklossane.


Eg har sydd eit legoteppe til gåve. 
Det er fleece på innsida, slik at det er godt og lunt å sitje på,
og det blir mindre skramling i klossane.


Eg klipte delane i ein stor sirkel, rette mot rette.
16 hemper blei lagt inni før vrengsying.
Etter vrenging blei saumen pressa ut, 
og eg tok ei stikning rundt for å halde alt på plass. 
Vrengeopninga blei sydd igjen samtidig. 
Til slutt blei ei lang snor trædd gjennom alle hempene,
lang nok til at heile teppet kan ligge flatt under leik.


Og når leiken er over, er det enkelt å berre ta tak i
snora mellom annakvar opning
og henge den på plass.


Til dagleg er det vel meir praktisk på
ein knagg på veggen, eller på ein krok inni eit skap,
men det er fint å ta med til leik ute
ein finevérsdag også;)


No har eg fylt oppi ein del duploklossar.


Men når barna blir større, er det berre å bytte ut med legoklossar.

søndag 10. mai 2015

Grove focaccia med spelt


Eg fekk så lyst å prøve å lage grove focaccia med spelt. 
Det blei veldig bra, så derfor vil eg dele min oppskrift med deg. 
Dvs at måla er ca, for det går mest i dæsjar av det eg har.


0,5 dl appelsinjuice, 4,5 dl godt fingervarmt vatn, ca 400g sammalt spelt, 
300g fin spelt, 50g fibra, 1,5 ts salt og 1 pk tørrgjær 
blanda i kjøkkenmaskina på lavaste hastigheit i 5-6 minutt. 
Lav hastigheit er viktig med spelt, for det blir så lett klissete.


Plast eller lokk over bakebollen, 
og la deiga heve i ca 1 time. 
Klapp så deiga ut i ei langpanne med bakepapir. 
Dekk med eit klede og etterhev i ca 40 minutt.
Stikk så hol med ein finger eller skaftet på ei sleiv.
Ha god olivenolje over det heile, 
og strø over Maldonsalt og urter.
Eg tok halve med rosmarin og halve med urteblanding.


 Etter ca 15-20 min i omnen ved 225gr er det ferdig.
Avkjøl på rist og del opp i bitar.
Brødet luktar godt og smakar godt til supper og salatar, 
men også til reker.


Og brød med majones, reker og eit dryss av sitronpeppar eller urtekrydder,
smakar veldig godt. Her har eg halve med kvar.
Velbekomme!

lørdag 2. mai 2015

Pung til konfirmanten


Då har eg laga ein liten pung som konfirmasjonshelsing.


Frihandsquilta ulike mønster på kvar rute. 
Denne blomsten fekk ein knapp i midten.


Glidelåsendane har ein påsydd stoffbit,
og glidaren er pynta opp med snor og litt dingel-dangel.


Den andre sida består av lysare stoffbitar.


Her er det også forskjellig quilting.


Pungen kan ho bruke til pengar eller anna oppbevaring.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...