lørdag 30. mars 2013

Vinnar og Vannbakkels-svanar


Vinnaren av lotteriet mitt er kåra. Det må feirast med Vannbakkels-svanar.
Tusen takk til alle deltakarar og for alle hyggelege kommentarar! Så herlege lesarar eg har! Og VELKOMMEN til nye følgjarar. Det er sikkert ikkje så lenge før eg kjem med eit nytt lotteri:)

Eg lærte å lage svanar av vannbakkels då eg hadde husstell valfag på ungdomskulen. Då var dei fylte med krem og hermetisk pære. I anledning påska blei dei fylte med gul appelsinkrem.


Røra er laga slik: Kok opp 2,5 dl vatn. La 125g smør smelte oppi. Rør i 125g kveitemjøl, og kok "klumpen" under stadig omrøring i 2 minutt. Etter litt avkjøling: -ha i 1 egg og rør kraftig før neste egg has i. Gjenta dette med 4 egg. Røra skal være blank og nesten halde formen på plata.

Ha litt av røra i ein pose og sprøyt S-form på bakepapir. Det skal bli svanehalsen. Steik dei ved 200 gr i ca 7 minutt.

Sett toppar på bakepapir av resten av røra. Bruk to skeier. Steik ved 200 grader i 20 minutt. 
NB!!! Døra må ikkje opnast før dei er (nesten) ferdige, for då vil dei falle saman. Eg brukar å sette omnsdøra på gløtt når dei er ferdigsteikte, slik at dei blir avkjølte inni omnen. 


Appelsinkremen laga eg slik: Bruk skall og saft av ein appelsin. Bland dette i ei gryte saman med 4 eggeplommar og 100 gr sukker. La det tjukne over svak varme. Rør heile tida med ei tresleiv.


Når appelsinkremen er kald, blandast den med 2-3 dl fløte som er piska til krem.


Del bollane, og topplokket skal delast på midten igjen til vinger. Fyll holrommet med krem, legg på vingane og stikk svanehalsen i kremen så den står. Dryss på litt melis. Velbekomme!


Og den eg feirar er Ingunn med bloggen Bundingen!!! Gratulerer!! Ein verdig vinnar som eg føler at eg nesten kjenner gjennom bloggkontakt:) Både Ingunn og bloggen hennar er så koseleg, og så er ho så flink å legge igjen hyggelege kommentarar. Send meg adressa di Ingunn, så kjem øyenstikkaren flygande til deg:)

Fortsatt GOD PÅSKE til deg som kjem innom her:) Vi har eit strålande påskevér! 

fredag 29. mars 2013

Trekning laurdag og vinnerlykke


I morgon kl 21 er det trekning på blogglotteriet mitt, så det er endå tid om du vil delta. 

I ventetida vil eg vise kor stor mi vinnarlykke har vore i det siste! Tre fine premiar har funne vegen til meg:)
Strikkeboka "Maske for maske" har eg fått frå bloggen Tones ting og tang. Ho strikkar så mykje fint! Så ta gjerne eit koseleg bloggbesøk til henne:)


Dette flotte fatet kjem frå nettbutikken Oppebøen interiør, tekstil og media, og eg vann det på ei trekning på facebooksida til Tips og inspirasjon til hjemmet. Der er stadig nye tips og konkurransar med flotte premiar:) Det er ei side som er kjekk å like:)


Og frå bloggen til Misemors hobbyrom vann eg to retrostoff. Misemor er er ei aktiv dame som både heklar, strikkar, syr og har produkt for sal, så det er lurt å ta ein tur til henne:)

Tusen, tusen takk til alle tre for fine gevinstar!


Og no er eg veldig spent på kven som får øyenstikkaren min! Den er flygeklar, og ventar no på å få vite i kva retning den skal flyge:) Minner igjen om trekninga i morgon!


mandag 25. mars 2013

Kven er det som trampar


Mot slutten av naturprosjektet mitt kom eg veldig inn i eventyrmodus. På morgentur med mitt "barnebarn" i dag, møtte vi desse flotte eventyrmodellane. Eg kom ikkje nært nok for å sjå om trollet var under brua, men der var nokon som brumma... Dei tre Bukkene Bruse må no vel vere eit fint syprosjekt, sjølv om dei eigentleg var geit og ikkje sau! Men først må syrommet ryddast og sorterast. Etter innspurten til Norsk Quiltetreff er der ei salig blanding av stoff og garn i alle fargar og kvalitetar, kvistar, kongler, tang, skjell og notatar. Men der skal snart bli bra til å starte på nye prosjekt:)


Bianca er ein Shetland Sheepdog (Sheltie), og ho kosar seg i sitt rette elment.


Sjefen sjølv kom for å helse på.


Bianca leita fram ulldottar til meg også.


Og det passar bra, for i eventyrverden treng eg ull. Her er meir om desse ullsauane. 

Ei riktig GOD PÅSKE til DEG!


tirsdag 19. mars 2013

Årets happening er over


Norsk Quiltetreff med årsmøte og NQFs 25-årsmarkering i Sarpsborg er over. Ei kjempekjekk helg saman med likesinna. Og for meg var det ei spesiell helg sidan eg skulle "forsvare" stipendet og naturprosjektet mitt med foredrag, kurs og utstilling. Over her er produkt eg hadde på kursleiarutstillinga.


Under foredraget snakka eg litt om mitt quilteliv, inspirasjon og ting frå naturen eg har prøvd ut i syinga.


Norsk Quilteforbund fortjener ein stor takk for at dei hadde trua på meg, for dette året har vore veldig utviklande. Det er så kjekt å vere nytenkande og prøve ut ting andre ikkje har gjort før:) 


Eg begynte presentasjonen i min barndoms fjøre der samleinteressa mi frå naturen starta. Nyleg var eg tilbake der, og "jeg fant, jeg fant en utgått skosåle". Det førte meg rett inn i eventyrverden, og mitt siste produkt blei "Prinsessa som ingen kunne målbinde". Hjartet i bakgrunnen der blei kanta med ein bjørkekvist, slik som den første prøvelappen i midten. Ringen er slutta , men vegen går vidare, for idéane blomstrar. Det eg lagar vidare framover, skal eg fortelje om i eit foredrag på Vestlandstreffet i Molde i oktober.


Foredraget blei oppsummert gjennom eit eventyr frå notida.


Marit Sande Iversen overrekte stoffblomster. Ho går no av som leiar i Norsk Quilteforbund gjennom 6 år. Marit fortjener ein stor takk for det flotte arbeidet ho har lagt ned. Og eg har vore så heldig og hatt kontakt med henne i fleire samanhengar, i tillegg til at vi begge er i Molde Quiltelag. Ho kom på skulen og overrekte symaskin og ting til barna som premie både då 1.klasse ved Midøy skule vann barnekonkurransen i 2008, og då 4. og 5.klasse ved Midsund Montessoriskule vann barnekonkurransen her i landet og tok 3.plassen i Birmingham i 2011.
Eg oppfordrar alle til å sy med barna. Det har eg veldig god erfaring med.


Etter foredraget blei det gjort avtale om at eg skal skrive artikkel i medlemsbladet.


På laurdag hadde eg kurs med "Uglevakt", der deltakarane fekk lære å lage effektar ved hjelp av ulike stoff- og garnkvalitetar, og å sy tre av kvistar.


Det var ein kjempekjekk og lærevillig gjeng, og her er produkta så langt dei kom på 4 timar. Det er så artig å sjå kor ulikt det blir sjølv om utgangspunktet er det same.


På søndag hadde eg kurs med "Hjem, kjære hjem". Her var det sying av steinheller, effekter av garn og never, og sying av gjerde av pinnar. Fleire gjekk på begge kursa, og alle godkjente at eg kunne legge ut bilete på bloggen.


Her kjem arbeidsbilete frå det kurset.


Folk var kreative og sette sine eigne preg på produkta.


Tusen takk til alle trivelege kursdamer. Eg håper vi treffast igjen;) Sjølv er eg veldig glad i både å halde kurs og å gå på kurs. Det er sosialt, lærerikt og inspirerande.


Det var veldig kjekt å avslutte helga med kjempegode tilbakemeldingar på både kurs og foredrag. Det inspirerer til vidare arbeid. Og det var så godt å ha både slekt og quiltevenner der gjennom heile helga.

onsdag 13. mars 2013

Feirer Norsk Quiltetreff med ein gi-bort



Til helga er det Norsk Quiltetreff i Sarpsborg, og eg held på med siste innspurt no for å bli ferdig med eit foredrag og to kurs eg skal ha der. No har det gått eit år sidan eg fekk årets stipend frå Norsk Quilteforbund for å prøve ut bruk av ting frå naturen i syinga. Det har vore eit lærerikt og utviklande år, og eg får stadig nye idéar. Sjølv om eg skal "forsvare" prosjektet mitt i helga, vil eg jobbe vidare med å utarbeide teknikkar og modellar. Eg har ikkje sett andre har gjort dette før, og det er derfor ekstra kjekt at eg kan utvikle noko nytt. Og eg blir veldig glad når quiltevenner kjem med gode råd, idéar og artige ting frå naturen som eg kan prøve å bruke på ein kreativ måte. For ikkje å snakke om alle herlege kommentarar eg får her på bloggen. Under etiketten naturprosjekt er dei fleste innlegga om det eg har prøvd ut.

Eg vil feire denne milepælen med å gi bort eit bilete frå prosjektet mitt til ein av mine lesarar. Grunnen til at akkurat dette biletet med øyenstikkar blei valgt ut, er at eg har brukt dette motivet på dei nye visittkorta mine, og blir då som eit varemerke for prosjektet:) Her er meir om dette biletet.

Har du lyst å delta i lotteriet mitt, så får du eitt lodd for kvar av desse tinga:

  • kommentar på dette innlegget
  • om du er eller blir følgjar på bloggen min
  • om du linkar til eller deler sida mi
  • om du legg meg til i bloggrollen din
Skriv kor mange lodd du tar. Skriv e-postadressa om du ikkje har eigen blogg.

Då skal eg gjere siste finish og pakke med meg produkt eg har laga frå skog og fjøre. Det blir spanande og kjekt å halde både kurs og foredrag i eit så stort forum. Eg gleder meg til helga, og til å treffe "gamle" og nye quiltedamer under årets happening. 
Og eg blir veldig glad om du som blogglesar tek kontakt med meg!

søndag 10. mars 2013

Prinsessa som ingen kunne målbinde


Festantrekka var til sjølvaste prinsessa og Espen Askeladd. Alle var inne på at det var smått og i dokkeformat, og gratulerer til Lisa som sa kongeleg! Og forslaget til Maj Liz om feiring av at Møreaksen er vedtatt, har eg absolutt sansen for:) Det betyr at det blir ferjefritt mellom Ålesund og Kristiansund om nokre år, og vi bur midt mellom.
Og eg har også sansen for Askeladden. Han er seg sjølv og let seg ikkje knekkje av mobbing og latterleggjering. Ikkje er han hevngjerrig heller. Han er derimot kreativ, omsorgsfull, hjelpsam og viser at det gode seirar. Med stor sjølvtillit har han fått prinsessa og halve kongeriket.


Eg driv ikkje med slektsforskning, men har fått det for meg at Askeladden stammar frå Midsund. Og han må sjølvsagt ta på seg festtrøya når han skal vise seg med sjølvaste prinsessa.


Og det er ikkje kva som helst slags prinsesse han har fått på kroken, for kongen var så fortvilt over at ho var så vrien og vrang i ord at ingen kunne målbinde henne. Kongen hadde sett henne nesten mållaus ein einaste gong, og det var då han kom heim frå Thailand med desse små og nydelege konglene. Du veit at i eventyra så reiste dei langt og lengre enn langt:)


Prinsessa var så glad i konglene at ho fekk laga ein krans av roser og kongler då ho forlova seg. 
Og eg må seie tusen takk til Anne Karin som kom med slike kongler til meg då ho var i Thailand:)


Askeladden er miljøbevisst og ser seg nytte i det andre kastar frå seg. Nettopp derfor greidde han å målbinde prinsessa. "Jeg fant, jeg fant", sa Espen Askeladd og tok med seg det brødrene meinte berre var søppel. Han fann krokete bukkehorn, som her er representert ved pinnen. Ein utgått skosåle er erstatta av fotspor. Her er berre fjøra att av ei død skjære, og stoffet med sprekkene er for skålbrottet (potteskåret). Ringane på stoffet over toppen av fjøra, er for vidjespenningen, som er vridde tre- eller rotskudd av bjørk. Det blei mykje brukt til å feste saman ting. Og bokstavane som er hulter til bulter, står for alle krokute ord:) Alle desse minna er ramma inn av påsydde kvistar. 


Til og med så offentlege personar må få ha noko hemmeleg for seg sjølv.


Glade svingar dei seg i dansen.


Og forhåpentlegvis vandrar dei saman og lever lykkeleg alle sine dagar.

lørdag 9. mars 2013

Festantrekket er klart


Festantrekket til både han og henne er klappet og klart.


Skjorta til festdrakta.


Rødtrøye frå Midsund er sydd av ullstoff og dekorert med kroklisser og knappar.


Då er det berre å svinge seg i valsen.|




Eg kan love at det er ikkje kven som helst som skal bære desse antrekka. Og det er ein stor dag. Kanskje finn du det ut før eg presenterer brukarane seinare:)


søndag 3. mars 2013

"Blomsten og vepsen"


Blomsten og bia har du sikkert høyrt om før, men no skal eg fortelje deg om blomsten og vepsen. Det heile starta med at eg fekk ei spesiell og artig gåve til naturprosjektet mitt av ei syvenninne. Tusen takk for vepsebolet, Marianne! Det blei ei utfordring å finne ut kva det kunne brukast til, for det er no så skjørt. Eg har gått svanger med dette sidan i sommar, og eg var veldig redd for å øydelegge det. Men no når det vårast, var idéen fullboren.


Vepsebolet skulle få danne midten på ein blomst. Sjølve bolet er bygd opp av gamalt treverk, som vepsen gnagar i seg og blandar med spytt til ei papirmasse. Det blir laga nye bol kvart år. Dronningvepsen startar og byggjer litt på eit nytt bol medan dei første arbeidarane blir klekt ut tidleg på våren, slik at ho får lagt nye egg. Etterpå tek arbeidarane over både byggjing og skaffar mat til larvane. Tidleg på sommaren er vepsebolet berre nokre få cm i diameter, slik som dette. Skal tru kvifor det blei utflytta så snart?


Larvane forpuppar seg, og etter ei stund kjem små vepsar ut. Det er ikkje alltid dei føler seg så velkomne når dei prøver å besøke menneskeskapningar.


Her ser vi  at det er eit ekte vepsebol, for cellene inni er sekskanta. (Pga det tenkte eg lenge på å sy noko av heksagonar.) Humler lagar runde celler. Vepsane er ekte og inntørka:) Det er ikkje eg som har tatt livet av dei altså! Dei er sjølvdaua. Men veps var kanskje det siste eg tenkte på å bruke då eg starta dette prosjektet.


Eg skal ta ei forklaring på korleis blomsten kom til, for den kan no syast utan veps og bol også:)
Eg teikna først ein sirkel på stoffet ved hjelp av ein tallerken. Så delte eg den i åtte med ein linjal, og teikna kronblad rundt linjene. Eg laga dei litt ulike, for å skape litt meir liv, men dei kan sjølvsagt lagast like ved hjelp av ein mal.


Stoffet låg dobbelt med vatt nederst. Laga blei festa saman med nåler, klipt ut og sydd langs ytterkanten. Så klipte eg eit hol i det eine stofflaget og vrengte gjennom der.


Så sydde eg støvbærarar med lilla og sølvtråd og sydde på små perler i endane. Etterpå tråkla eg gjennom alle tre laga rundt opninga i midten og stramma til. Vatten blei klipt bort der først.


Så laga eg ein jo-jo til å sy over opninga, og bolet skal limast oppå der igjen.


Baksida ser slik ut. Stilk og blad er laga av kvistar. Stilken er limt fast og under midten av bakstoffet.


Då får vi sjå om det blir fleire vepsar som kjem og svermar rundt blomsten. Eg har eit litt større vepsebol også, som eg har litt tankar rundt, men kom gjerne med tips til kva eg kan lage!
Tusen, tusen takk for alle hyggelege kommentarar de legg igjen! Det varmar og inspirerer til fleire produkt.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...