søndag 26. februar 2012

Beksaumsko


Tante og onkelen min hadde ein landhandel då eg vaks opp, og der kunne vi kjøpe nesten alt. Matvarer, klede, sko, møblar, garn, knappar, sytilbehør, leiker, gåver, verktøy, spikar, glasrute, medisin, bensin, tipping osv. Heilt utruleg når eg tenkjer over det no.
Butikken fekk same skjebne som så mange andre bygdebutikkar, -nedlegging for mange år sidan.


No er bygninga seld, og lokala måtte tømmast. Eg fekk komme ein tur og sjå om det var noko eg kunne tenkje meg av det som stod igjen. Eg ser no nytte i nesten alt, så det blei litt av kvart;) ;)
No har eg lyst å vise eit par beksaumsko. Synest dei er så fine!


Dei er tunge og stive, men skikkeleg forseggjorte med spenne, kantar og saumar.
Eg likar veldig godt skoreimane også.


Gamle tversoversløyfer er også noko av det som blei med heim.


Og sjå kor praktiske dei er med klype på kvar side. Berre å klipse fast i skjorta;)
Og oppslått liknar den no på ein sommarfugl;)


No står beksaumane på toppen av skohylla og minner meg på "dei gode gamle dagane".
Eg har mange gode butikkminner, og barndomsdraumen var å bli butikkdame;) Det var eg også litt i feriar og på fridagar når eg vaks til;)
Kjempekjekt å få mimre i butikken igjen, og eg er veldig glad for det eg fekk med meg.
Eg kjem til å vise fleire skattar seinare;)

lørdag 25. februar 2012

Ny settekasse


Ei settekasse frå Kremmarhuset, fekk eit par omgangar med svart spraylakk.
Så limte eg inn stoffbitar i bakgrunnen på nokre av hyllene. Der brukte eg berre limroller, og drog nokre strimler på baksida av stoffet. Det ser ut til å halde, og visst ikkje får eg feste dei på nytt seinare.

Synest resultatet blei bra, og den kunne egentleg ha blitt plassert på kva som helst slags rom, men denne skal ende på veggen på hobbyrommet. Får aldri nok til å ha ting og tang i. -Eller er det eg som samlar på for mykje?? Er redd det stemmer, ja..

fredag 24. februar 2012

Grytekluthus


Fann ein pose med nesten ferdige gryteklutar her om dagen. (Skal tru kor mange påbegynte arbeid eg har liggande...huff og huff, men eg er kanskje ikkje åleine om det?) Det var eit resultat av at eg skulle lære meg vaffelhekling, og det gjorde eg gjennom den fine bloggen Hobbyuglas hule. Det var ei veldig grei forklaring, og heklinga gjekk fint.

Men det garnet eg brukte var litt råflott (silke og ull), men det blei så hardt i slik hekling, at eg slutta før kvadratet var halvferdig. Men så såg eg at det kunne no bli eit hus. Og då kunne eg lage noko andre ikkje har;) Dermed hekla eg ein trekant med fastmasker i eine kortenden, og ein kant med svart for å markere taket. Hempa for oppheng blei laga med det same.


Så hekla eg i maskene med svart for å lage glasruter, men sjølv med blomster på bakken, blei det ikkje fint. Og dermed blei huset liggande i posen saman med ein utan svart dekor.

Når eg no såg på dei på nytt, såg eg at det var innramminga av vindauga som var for hard. Eg sydde så to omgangar med tråd på den andre, og likte det betre sjølv om det blei ujamnt pga grov hekling. Så då er det berre å ta opp igjen den første.

Og sjølv om gryteklutane ikkje er kvadratiske, er dei store nok.
No skal dei snart testast på brødformer som står i omnen:)


Måtte berre gå inn og redigere innlegget for å få med meg beviset;) Grytekluthusa fungerte godt, og jammen trur eg brøda blir godkjent også;)



torsdag 23. februar 2012

Vinnarlykke


I går kom postdama på døra med pakke til meg;) Og inni der låg det to kornsekkar som eg vann i
give-awayen, som Marianne i bloggen Marianne`s lille rom hadde i januar!! Heldige meg;)  ;)
Det kostar ei lita formue å sende slike pakkar også no!


Og inni pakken låg det både kornrestar og eit nydeleg kort;)


Tusen, tusen takk Marianne!! Det er første og einaste gong eg har vunne i give-away, og kortet er hengt opp på oppslagstavla på hobbyrommet;) Anbefalar alle å kikke innom den koselege og inspirerande bloggen ho har!
No lurer eg på kva eg skal lage av sekkane. Blir glad om dei som besøker bloggen min har gode idear dei kan tipse om i kommentarfeltet;)

Og no kom Elisabeth`s quilt med ein ny giveaway! Ho har også ein kjempefin blogg og lagar mykje fint, så berre heng deg på;)
 

onsdag 22. februar 2012

Uteplassen


No nærmar det seg uteplasstid igjen, og eg kjenner sola varmar når ho viser seg no.
Men i dag er det langt ifrå uteplassver!! Perfekt ver til å drøyme seg bort, -eller kanskje gjere noko fornuftig..


Vi har ein stor og overbygd plass, med både peis og kasser til oppbevaring av stolputer.


Eit stort bord er godt å ha ute. Då kan eine enden av bordet brukast til mat, og resten til alt eg dreg utover når det er prosjekt på gang. Og her er godt med kontaktar til både strykejern og symaskin;)


Markisa kan forlenge overbygget også, for å skjerme mot sol, -eller verne for ver;)
Gleder meg veldig til å få fram både møblar og blomsterpotter no ja!!
Og sidan eg no har starta å blogge, så blir det nok fleire uteplassinnlegg framover;)

tirsdag 21. februar 2012

Namnelappar


No har eg fått meg namnelappar, så då må eg prøve å få meir fart på puslinga mi.
Bestilte 100 stk strykemerker (som også kan syast;), og dei passa akkurat oppi ein tom tannpirkarboks;)


Lappane bestilte eg frå minanamnband.se. Eg er fornøgd med lappane, men leveringa tok ein heil månad frå Sverige! Ja, ja, eg har no ikkje produsert så mykje nytt i ventetida  heller då....


Dei svenske frimerka er veldig forskjellig frå våre!
Desse isane er til kongen i anledning 75 årsdagen i dag;)
Gratulerer med dagen kong Harald!

mandag 20. februar 2012

Resirkulering

Slike gamle flasker er populære no. Eg har mange minner frå mjølkeflaskene si tid, og for dei som er ein del år eldre enn eg, var det sikkert veldig kjekt å kunne kjøpe mjølk ferdig tappa på flasker. Og for dei som er ein del år yngre enn meg, kan eg fortelje at vi hadde metallkorger med bur til tre eller fire litersflasker, som vi bar med oss til butikken. Som oftast var det tomme og reinvaska flasker som skulle pantast, til butikken, og fulle heim igjen. Dei små flaskene var til fløte, og hadde oransj metalltopp. Og så var det raude topper på heilmjøl og blå på kefir. Så fargane er i behold endå;) ;) Eg hadde ei stor samling av topper, på same måte som eg samla på serviettar;)  Og når søskenbarnet mitt flytta sørover, fekk eg hennar samling også, for der var det faktisk mjølk på kartongar!! Rart;) Nei, no blei det mykje mimring. Det var eg egentleg kartongar eg skulle skriver om....

Drikkekartongane vart nok minst like godt mottekne når dei kom, for det var berre å kaste dei i søpla når dei var tomme. Og det var kjekt med tanke på alle flaskene som måtte vaskast før oppvaskmaskina sitt inntog i kjøkkenet;) Men så blei det på tide å ta vare på miljøet, og drikkekartongar kan både gjenbrukast og gjenvinnast.


Du kan f.eks. lage deg ei pengbok;) Med ein trykknapp blir dei fine og praktiske.
Trine har laga mange fine;)

Tomme kartongar er supre å fryse kraft, rørte bær o.l. i.
Eller du kan klippe dei ned ein del og bruke dei til hobbymaling, lim, så frø i osv . Det er berre å bruke fantasien.
Eg brukar også å klippe opp sidene og bruke dei som brett til oppskjært pålegg, røkt laks i skiver o.l. som skal frysast.

Men uansett kor kreative vi er, blir det mange kartongar til overs, og dei går til gjenvinning.
Mannen min har ein grei måte å stappe dei på;)


Han tek først to kartongar med innbretten mot kvarandre,


og stappar dei ned i ein tom kartong.


Då er det berre stappe dei neste i ein av ytterkantane, men alltid med innbretten mot midten. Det blir plass til mange kartongar, og dei glir lett nedi, fordi det blir ingen brettekant å stange mot. Om det tjukke vender opp eller ned først, har inga betydning, men varier undervegs for å få plass til flest mogleg.

søndag 19. februar 2012

Restemat


Var litt opprådd for kva eg skulle lage til mat på laurdagskvelden, så då var det å gå laus på restane. Nokre tacolefser låg frå  vi hadde wraps ein dag, og ein pakke fenalår burde bli brukt snart.
Saman med rømme og litt pynt blei det gode munnfullar;)


Etter wrapsen stod det igjen litt dressing i ei skål, og kokt pasta i ein pose frå tidlegare i veka.
Når det blei blanda saman med skinke, issalat og paprika, blei det ein god salat.


Og sidan det var fastelavnshelg, vanka det nysteikte bollar, -både av kveite og av spelt.
Det gjekk kjempefint å steike speltbollane i store muffinsformer;)
Det er berre å fylle bollane med det kvar enkelt likar best.


Bollar med krem, banan og sjokolade har vore min fastelavnsfavoritt sidan barndommen.
Kan anbefalast på det varmaste;)

lørdag 18. februar 2012

Hekla pledd


Har laga eit heklateppe til fellesgåve saman med Birgitte.
Ho starta med å hekle oldermorsruter i naturfargar etter mønster i Dalegarn sitt hefte NR 214.
Vi vurderte ei stund korleis det skulle monterast, og enda opp med at eg dikta ei samanhekling slik at feltet mellom rutene blei større.


Hekla også ein breiare kant ytterst, og avslutta med nokre omgangar med brunt pelsgarn.
Det gav teppet eit løft og eige preg, etter mi meining.


Bianca prøvde å sjarmere seg til teppet. Godt, varmt og mjukt å ligge på;)
Det håper eg mottakaren også synest;)

fredag 17. februar 2012

Englevakt


Eg likar englar i ulike former og kvalitetar, og dei vaktar i dei fleste rom i huset;)
No fekk eg lyst å vise eit utval, og denne kvardagsengelen skal få æra av å bli presentert først. Handsydd, hår av hampetau og vingar og glorie av kvistar. Alltid god og snill;)


Denne engelen er sydd på papir, quilta og pynta med litt gull.


Desse to englane fall eg heilt pladask for på Ergo for eit par år sida, og det har gått med mange t-lys her, ja. Det blir så fint når dei står og lyser oppover veggen.
Ved sida av står eit kjempekoseleg glas med brente mandlar, som eg fekk til jul;)


Veggteppet i bakgrunnen sydde eg på eit kurs med AnnAKa på årsmøte for NQF på Hell.


Denne herlege engelen har Birgitte tova. Den passar på i trappenegangen.


I gangen er det mange englar til vanleg, men denne garnengelen er berre framme i advents- og juletida. På veggen under glasvasen, heng eit kjempesøtt englehjerte, som var gåve frå Fru Rosa ein gong eg handla der. Ho brukar å legge ved små gåver når folk bestiller varer;)


Har små hyller til skjerf, panneband o.l. i gangen, og dei blir skikkeleg passa på.
Likar sååå godt desse englane, og då er det kjekt at dei ønskjer velkommen inn;)


To små englar svevar i ei stor glaskrukke på badet.


På peishylla er det alltid englar, og sjølvsagt ekstra mange i juletida;)
Både eg og englane mine vil ønskje alle bloggvenner ein flott fredag;)

tirsdag 14. februar 2012

Nytt på veggen



Når vi har forandra på soverommet, er det kjekt med noko nytt på veggen også. Eg begynte å leike meg litt med ein bit av gardinstoffet. La vatt bak stoffet og sydde to omgangar med sølvtråd rundt blomsten. Her og der festa eg på litt effektgarn i veggfargen, og sydde så fast nokre diamantar;) for å matche lysekrona;) Stilfullt må det vere veit du;)


Ei diamantrekkje frå eit belte blei stilk saman med nokre blad frå scrapbookinga;) Eg likar å bruke ulike materiale og effektar for å lage særpreg;)


Her er det ferdig dekorert og stifta på eit lerret. Dekoren kjem dårleg fram her..
Eg blei egentleg ganske fornøgd;)
Korleis det blir på veggen, får du sjå i eit seinare innlegg.


Gardinstoffet er kjøpt på Jysk, og her er eit utsnitt utan dill og dall festa på;)


Før var det ei lang stang med sidegardiner. No er det rullgardiner og små kapper inni karmen.


Gløymte å ta førbilete, men lysekrona blei hengt opp før gardinene blei skifta, så det er eit lite glimt i bakgrunnen;)

Uglesokkar


Bianca kom og leverte dei finaste sokkane til bestemor på morsdagen;)
Skikkeleg tøft uglemotiv, og sjølvsagt strikka av effektive og snille Birgitte;)
Ho fortel om sokkane på bloggen sin, og du kan få sjå det her
.

mandag 13. februar 2012

Oppvask


Eg var så lei av Zaloflasker og oppvaskbørste som låg rundt oppvaskkummen. Så fann eg heldigvis ei litt høg og fin korg som rotet kan samlast i. Ei tom blomsterpotte held oppvaskbørstene på plass.

Den heimstrikka oppvaskkluten og børsta, som ligg i framkant, fekk vi til jul. Ei koseleg og nyttig gåve, som gjer det trivelegare å ta oppvasken;)

søndag 12. februar 2012

Romantisk middag


Heggheim er eit forsamlingshus i vår kommune, Midsund. Dei har nokre år hatt tradisjon med å lodde ut "Romantisk middag for seks personar". Og i år var det eg som vann!! Lucky me;) Dette er ekslusivt, og ikkje mange som har fått delta på endå. Tenk at fem personar frå husstyret har planlagt, handla inn, pynta, laga mat, servert, underholdt og stått til teneste berre for meg og mine fem gjestar!!! Og å greie å få det så koseleg og intimt frå ytterst til innerst i eit så stort bygg! Det var lys og pynt over alt, og bordet var fint og romantisk pynta.
(Stemninga kjem ikkje skikkeleg fram pga blitsen.)




Ved kvar kuvert låg menyen med dei herlegaste rettar og den beste vinen til kvar av rettane.


Til forrett fekk vi Bruschetta med spekeskinke og italiensk rødvin -Salice Salentino.


Hovudretten var Fylt lammesteik med steikte poteter og salat og fransk rødvin -La fage cahors.
(Ups, -hadde spist og rota litt på tallerkenen før eg kom på kameraet)

Til dessert blei det servert Creme bruleè og dessertvinen -il falchetto.

Innimellom servering og oppvartning, fekk vi også flott underhaldning og god trim for lattermusklane;)


Takk til mine kjære gjestar for ein triveleg kveld. Det var bra vi kom på å forevige gjengen før vi blei for mette;) ;) Den store rosebuketten fekk eg med meg heim;)


Det er nokre år sidan ungdomsskulen no...., men eg er så glad for at vi framleis held kontakten!


Og tusen takk til mine gjestar for nydeleg bukett og samanplanting!



Og eg hadde laga ei lita gåve til dei som takk for kvelden;)


Eit dekorert glas med litt søtt oppi. Og med dato på lokket kan det vere eit lite minne.

Tusen, tusen takk til gjengen på Heggheim som laga ein super kveld for oss!
Terningkast 6 for både mat og stemning;)

Vi er så heldige at vi har fått opplevd dette ein gong før. Då var det mannen min som vann, og våre kjekke naboar var med den gongen. Opplegget på Heggheim var like bra då, så det er berre å ta lodd folkens, -for dei som får anledning til det då;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...