tirsdag 9. juni 2015

Hals i gåve og ny blogg


Til bursdagsgåve fekk eg eit nett med mange fine og nyttige ting frå Birgitte. 
Ho er flink å finne ut kva folk treng.
Bl.a. fekk eg denne deilige halsen i patentstrikk. 
Den er hennar eigen design, og ho har laga mønster, som ho deler gratis.
Innlegget med mønsteret finn du HER.

Birgitte har starta ein ny blogg som heiter Handmade by BiR.
Alle innlegga frå Birgittes forglemmegei er flytta dit.
Ta ein kikk innom, og eg veit det er mykje nytt på gang der;)


torsdag 4. juni 2015

Nydeleg brud


Ein elev har laga denne nydelege bruda i valfag "Design / redesign", 
og eg fekk lov å vise den på bloggen min.


Sanna er utruleg flink til å skape ting med sin eigen stil, 
og ho tek den tida ho treng for å få det perfekt og med dei rette detaljane.
Vi fotograferte ved spegelen, så fleire ting sneik seg med.


Kroppen er laga med utgangspunkt i ei Tildadokke, 
men Sanna har laga den meir formfull med både midje og bryst. 
Ansiktet har ho måla på frihand. Sjå kor ho har fått fram lyset i augene!
Kjolen er sjølvkomponert så klart.


Eg fekk lette på sløret for å få vise frisyren.
Først blei heile hodebotnen brodert med små sting, 
før hårstråa blei planta inni kvart sting. 
Så var det klart for hårstyling og rosepynt.


Det er ikkje fint å lette på skjørtet,
men må berre vise den fine, handsydde trusa til bruda;)
Også baken har fått si veldreide form.


Mange gispa av beundring og fekk gåsehud då dei fekk sjå den ferdige bruda. 
Medan ho står i monteren og ventar på sin utkåra, 
blir det nok fleire beundrande blikk å få. 
Eg gleder meg til fleire produkt frå Sanna sin design.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...