torsdag 25. juli 2013

Møte i regnbogeregn


Symaskina ut på verandaen, betyr sommar for meg. I år tok det lang tid før maskina fekk frisk luft, men du så kjekt det var.


Og det som inspirerte meg, var flekkar med regnbogefargar på sofaen


og på teppet. Vakker lysbryting når sola skein inn. Og det inspirerte meg til å sy regn i finevéret!


Motivet til denne vesle quilten fann eg i siste nr av Quilting Arts Magazine. 
Terry Ask frå Canada har sydd ein quilt som heiter "Rainy Day People 4".


Eg ville prøve å få fram eit varmt møte i vakkert og fargerikt regn.


Første tur enda rett oppi blomsterkrukka.
Det er no sommar!


Quiltinga er berre rette saumar med sølv- og fleirfarga tråd i svart/grå.


Så er det å prøve seg i det våte elementet.

I

I`m walking in the rain.. 


Skulle gjerne ha visst kva dei snakkar om. Kanskje om dei vakre fargane i regnbogen?

søndag 7. juli 2013

Dagens skattejakt


I dag blei det både ein sykkeltur og ein avstikkar til fots. Som vanleg går både auge og hjerneceller i alle retningar når eg er ute i naturen.  Jaktinstinktet etter skattar og idéar blir automatisk kobla inn. Til og med skuggen på vegen inspirerte meg i dag!


Og her er skatten, som var så stor at den sopa i vegen når eg sykla. Men eg kunne ikke knekke av noko av desse vakre greinene:) Det var nok mange som rista på hovudet når dei såg sopelimen eg hala etter meg. 
Dei ventar nok berre på å sjå at eg lettar og flyg avgårde snart:)


Jakka blei ofra for å sikre den dyrebare lasten.
Du greier nok ikkje å gisse kva inspirasjon desse greinene ga meg! Men om eg får til det eg planlegg, så skal du få sjå:) :) Om eg ikkje har flydd avgårde då!


Og planar har eg med hjarta også. Eg blir like glad kvar gong eg finn eit nytt. Var ikkje dette vakkert?


Og dette hjartet låg midt i stien og viste veg.


Men aller mest sjarmert blei eg av dette værbitte hjartet i ein gamal stamme som låg på bakken. Til meir eg studerer det, til fleire figurar dukkar opp inni hjartet, -både folk og dyr:)

Det er forresten mykje å markere på bloggen min no, som akkurat har runda 1 1/2 år. 
Eg har fått 200 følgjarar. Hjarteleg velkomne til alle!
Eg har runda 200 innlegg,
og fått 2500 kommentarar.
Og straks rundar eg 60.000 bloggbesøk. 
Dette sett eg stor pris på, og vil markere det med ein give-away i løpet av sommaren.





LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...