fredag 30. desember 2016

Velkommen


Velkommen til oss, og veldig kjekt om du kjem på besøk i bloggen min også, 
sjølv om det har vore dårleg med oppdateringar det siste året. 
Men nytt år, og nye moglegheiter!


Eg likar så godt å ordne eit triveleg inngangsparti. I desse advents- og juleider
er det ekstra mykje å bruke også. 


Samtidig har eg satsa på ein vinterleg stil,
slik at det kan stå ekstra lenge. Men den ekte vinteren
har vi ikkje sett noko til endå.


Her er lys, hyller og figurar i kombinasjon med greiner og ting frå naturen,
som alltid vil følgje meg.


Nissemor lurer på kor nissefar har teke vegen.
Skal tru om småfuglane veit?


Rosene kosar seg ute i mildvéret, 
og merkar ikkje noko til regn og blest under overbygget.


Lite anar nissemor om at Snekkar Andersen og julenissen gjer 
hemmeleg avtale denne julekvelden.


Julekvelden blei stor for nissefamilien,som fekk besøk av ein ekte snekkar. 
Han laga både kjelke, dokkeseng, grautsleiv, og ikkje minst ein stokk til gamlenissen,
slik at han kan bevege seg over golvet. 


Heime med snekkaren forstod dei ikkje at det var den ekte julenissen som hadde vore på besøk.


Romjula og 2016 er på hell, 
men jula varer heilt til påske vel?
Men derimellom kjem visst fasten.....

lørdag 5. november 2016

Gryteklutar


I haust har vi hatt ei gryteklututfordring i Molde Quiltelag. 
Slik blei altså mine.


Alle fekk ein bit med nøytralt grå-svart stoff, og noko 
av stoffet måtte brukast til gryteklutar.
Teknikk og form var valfritt.


Eg delte min bit i to, og bestemte meg for at det skulle bli hus.
Tak og pipe er lik, men dekor på husa er ulike.


No har vi på landsbygda også fått gateadresse og husnummer.
Det inspirerte meg.
Frihandsquilting er brukt til detaljar og quilting. 


Her er gryteklutane utstilt. 
Utruleg forskjellige sjølv om utgangsunktet var likt.
Ei grei og ufarleg oppgåve.

fredag 28. oktober 2016

Messe på Vigra


I helga skal eg delta på messe på Vigra. 
No er det innspurt, og her kjem det siste eg er ferdig med.
Det blir ein del ugleoppheng i ulike variasjonar.



Desse to fekk flytte på ei grein eg forelska meg i i sommar.


Desse to turtelduene er i det romantiske hjørne.


Dette har eg vist i eit tidlegare innlegg.


No har eg laga nye versjonar av motbakke.
Har dekorert bakgrunnen for å skape meir spenning.


Ein litt mindre versjon.
Synst det passar mot solnedgangen.


Dette er stort, og det er meir som skjer.
Det tek tid å sy rundt kvar ein stein også.


Litt garn, band, tyll og leik med stoppefoten.

Alle vegar er ikkje like lette å gå, 
og det vanskelegaste er kanskje å komme i gang.


Det hjelper når det er ei lysning i sikte.
Det er i motbakke det går oppover.

Så får vi sjå kva veg det går på messa. Uansett gleder eg meg. 
Og det hadde vore ekstra kjekt å treffe nokon som er innom her på bloggen.

Messa på Viking Vigra er open 
laurdag 29.okt 12-18
og søndag 30.okt 12-17

onsdag 26. oktober 2016

Ein liten fuggel


Vamp syng om liten fuggel,
og eg har sydd ein liten fuggel.


Det er einsamt med berre ein,
så det blei fleire.




Kvistar og fuglar går igjen med meg.


Og det vil det nok fortsette med også mellom andre ting.

mandag 24. oktober 2016

Gode venner er som gatelys - nytt design


No er det på tide å få litt fart på bloggen igjen. 
Eg har laga oppheng med denne teksta før. 
Fargane er dei same,
men no har det blitt ein ny design.


Stoffbitar er sydd saman, 
vattert og dekorert med frihandsquilting, 
band og perler. 
Og så stifta fast på eit lerret.


Det er ulike grunnar til at det kan vere tungt 
i kvardagen, og då kan gode venner
gjere ein forskjell.

HER er dei eg sydde tidlegare, og der er det 
meir detaljerte forklaringar.

fredag 5. august 2016

"Nye" stolar


Eg kjøpte nokre brukte stolar,
og prøvde meg med nytt trekk.


Slik var utgangspunktet.


Nytt trekk gjorde susen.


Så då fekk eg plutseleg tre "nye"stolar.

tirsdag 2. august 2016

Gåve til kattevenn


Denne sminkepungen lage eg i gåve til ei som er glad i kattar.


Praktisk til både det eine og det andre.


Og så håper eg at desse fargerike kattane også kan vere til 
glede og oppmuntring
i ei slitsam opptreningstid.


Godt å vere ute om dagane no.

fredag 29. juli 2016

En lappeløper


Denne er sydd etter møsteret "En lappeløper" av AnnAKa, 
Eg har brukt heilt andre fargar.


Ingen av rutene er like.
Blomsten i hjørna er applikert på.


No er den modell på butikken "Inspirerende Hobby",
og forhåpentlegvis inspirerer den fleire til å lage sin eigen løpar i sine fargar.

tirsdag 26. juli 2016

Sminkepung


Har laga ei forenkla utgåve av mønsteret frå forrige innlegg.
Denne modellen er også på Inspirerende Hobby.


Andre stoff og meir maskinsaum gir
eit heilt anna uttrykk.


Malen er snudd andre vegen. 
Dekoren er mitt design.


Inni her kan du putte småting du vil ha kontroll på.

fredag 15. juli 2016

Til oppbevaring


AnnAKa har eit mønster som heiter "Til vesken". 
Til desse modellane har eg valgt stoff i knallfargar, 
og det gir eit heilt anna uttrykk enn dei duse på mønsteret.
Artig å sjå kor ting forandrar seg alt er etter stoffvalg.


Denne kan brukast som sminkepung, 
eller til å samle småting i veska. 


Bitar er sydd saman, det heile er quilta før brodering, kanting
og glidelåssying for hand.


Den lille mapa er sydd saman av strimler, vattert,
brodert og kanta.


Til slutt er det festa på ein lapp av stoff med tekst. 
Desse modellane er utstilt på Inspirerende Hobby i Molde. 
Alle stoffa er ogå derifrå. 

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...