tirsdag 20. august 2013

Smil til verden


Eg fekk så lyst til å sy eit oppmuntringskort til ein god kollega.
Det kan vere kjekt å kikke på noko fargerikt på kontoret.
Ein bokstav blei borte i syinga, men den er fiksa etter fotograferinga;)
 

onsdag 7. august 2013

Fuglekort


Vesle fuglen er ute på tur for første gong.
Den nippar korn og nippar strå.
 
 
Og hev så god ei lune, og ler åt katten grå.
 

Men det er ikkje så lett for ein liten skapning med tynne bein å vakle seg rundt i vekstene,
 når nebbet er stort og stjerten strittar alle vegar.
 

Men det var no gøy å lage slike kort,
så det blir nok fleire:)
 

torsdag 1. august 2013

Teskeikjerringa


-Åhh nei og nei!! Så skjedde det igjen! Og sjølvsagt med det same mannen drog på tur.
Dette skal bli litt av ein dag igjen.


-Eg skulle berre gje blomstrane vatn, og så fekk dei meg i staden;(


-Ja, ja, -med litt hjelp så får eg meg ein tur i hagen likevel.
Rosene veks bokstaveleg talt over hovudet på meg no.


-Men du så kjekt å kunne nyte både syn og duft på nært hald;)

-Morellene må plukkast, men eg må vente til eg blir stor igjen, og til mannen kan hjelpe meg å få av nota. Lagar eg ei lita opning no, så kjem vel fuglane og tek både meg og bæra. Og tenk om mannen finn meg i eit fuglereir saman med andre verdisaker. Det skulle ha blitt folkesnakk det!!


-Kanskje eg heller skal ta meg ein dukkert i dammen.... Nei, for risikabelt, eg blir vel dratt rett inn i pumpesystemet, og då finn ikkje mannen meg før han begynner å leite etter feil i systemet.


-Det ordnar seg nok denne gongen også skal du sjå.

-Eg får berre nyte utsikta og insekta så lenge.

-Eg likar meg i alle fall her saman med denne nydelege engelen frå ei like herleg dame.
Her er det trygt, godt og avslappande. Sjå kor snill den er då! Det er så koseleg å gå forbi den sjølv om eg er liten eller stor.

Ja det var Teskeikjerringa frå hennar eige perspektiv.

Eg vaks opp med Alf Prøysen og hans fantastiske tekstar i songar, eventyr og forteljingar,
-og ikkje minst dei herlege historiene om kjerringa som plutseleg blei så lita som ei teskei i dei mest utrulege samanhengar.
Ei anna dame eg beundrar er Tone Finnanger og hennar herlege bøker. Ho er også glad i eventyr, og det er ho som har laga mønster til denne Teskeikjerringa, som eg fall pladask for med det same, men ikkje har laga før no. Du finn henne i boka Tilda Vintereventyr.





LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...