søndag 19. oktober 2014

Det er i motbakke det går oppover


Eg er veldig glad i å bruke tekst på det eg syr, og helst skal det ha ei meining. 
Her har eg prøvd å lage ei konkret tolkning av uttrykket 
"Det er i motbakke det går oppover." 
Dei fleste opplever at ting er tungt og vanskeleg av og til, men etter å streva seg gjennom motbakken, blir det heldigvis som oftast lysare og lettare. 
Enkelte har meir livserfaring enn andre i så måte, og det er vel dei personane som lettast kan 
setje seg inn i andre sine situasjonar også.


Toppen kan av og til verke uoppnåeleg får ein startar på den vanskelege motbakken.


Men om ein tek eit stykke om gongen, kan det bli lettare å komme i gang.
Då legg ein også meir merke til detaljar og lyspunkt.


Og når ein når toppen, er livserfaringane rikare, og nye moglegheiter opnar seg.


For kvart steg oppover, blir det stadig meir som ligg bak.


Det er godt å vite at det alltid finst lysningar som gjer vegen lettare å gå.

Eg lagar ting til messe no, og kanskje kan dette bety noko for andre.


lørdag 18. oktober 2014

Oppbevaringsbokser DIY

Nataliya har oppretta ein blogg som heiter DIY Norge. Kjempeflott tiltak, og eg vil oppfordre alle om bidra der. Tenk kor mange gode idéar det kunne ha blitt til saman! Ho kan også legge til din blogg om du ønskjer det. For oktober har ho ei utfordring som heiter fargar, og her er mitt innlegg dit.
  

For ei stund sidan viste eg nye boksar og hyller på hobbyrommet. 
Her er to av boksane og ein tapetrull. For å friske opp ein gul Ikea-boks og ei skoeske, har eg klipt bitar av tapeten og limt på. Enkelt og kjapt. På skoeska var det naturleg for å skjule lappar som var på den, og på den andre boksen var det kun for å dempe gulfarga og for å få litt stil.


Slik blei det i hylla. All slags pair kan sjølvsagt brukast. Eg brukte tapet berre fordi eg kjøpte den samtidig med boksane.


Bak klokka har eg lagt inn ein bit av same tapet. 
Opprinneleg skulle det vere små bilder inni firkantane. 
HER er innlegget frå før klokka kom på veggen;)


fredag 10. oktober 2014

Hold varmen med fyringshjelp


Fyringssesongen er snart i gang, og tennbrikettar er til god hjelp for å få fyr i omnen.
Eg har dekorert ein ny boks,for det er viktig å halde varmen.
Furukvisten har fått nåler ved hjelp av frihandsquilting.
Ugla er applikert på.


Furukongler er festa til hyssinbandet.


Bak er det eit band og min merkelapp.


Eg har blitt glad i å sy på furukvistar.


Ugla vaktar i skogen og oppfordrar alle om å halde varmen.



tirsdag 30. september 2014

Som man roper i skogen


Det er lenge sidan eg har sydd med ting frå naturen no, 
men på søndagstur i haustvéret, kom inspirasjonen igjen.


Eg plukka med meg bregneblad 


samtidig som uttrykket om å rope i skogen surra rundt i toppen.


Personen i nedkant skal egentleg vere skuggen til den som ropar.


Det var kjekt å leike seg med naturting, frihandsquilting og ulike stoff og effektar igjen.


lørdag 27. september 2014

Ballbingeopning del 2


Her kjem litt meir om opninga av ballbingen ved skulen, som eg skreiv om i forrige innlegg. 
Elevrådsleiaren har fått det ærefulle oppdraget å bære puta og saksa. No er alt klart, og vi skal feste fotballsnora i inngangen til ballbingen.


Alt er klart, og representant frå firmaet Langset, som ga 100.000 kr i gåve til skulen, slik at ballbingen kunne bli ein realitet, har saksa klar til snorklippinga.


Husorkesteret sørga som vanleg for fin musikk og god stemning.


Mange fekk ei velfortent rose for innsatsen undervegs i prosessen.



Etter snorklippinga var det polonese inni bingen.


Det var tale og fotballar i gåve frå Molde kommune. 
Rektor tok i mot og takka også for god hjelp med søknad om tippemidlar.


Og ein av nyballane blei teken i bruk i kamp mellom elevar og tilsette. 


Publikum heiar.


Etter fleire runder med straffespark, stakk dei tilsette av med seieren. 
Elevane ville ha omkamp allereie i neste friminutt.


I regnværet smakte det med pølser for både vinnarar, taparar og publikum.


I gårsdagens utgåve av Romsdals Budstikke, var det ein fin artikkel om opninga av ballbingen på Tøndergård. HER kan du sjå nettutgåva med bildegalleri. 
Og så heiar vi på MFK som skal spele kamp i dag i eit frykteleg vér!


onsdag 24. september 2014

Snor til opning av ballbinge


I dag var det opning av den nye ballbingen på Tøndergård skole og ressursenter i Molde, 
og eg fekk i oppdrag å ordne med band til klippinga. 
Då er det artig å kunne legge litt sjel i det.


I Moldeland går det i kvitt og blått for tida. Eg fann fram eit fotballstoff eg hadde heime, og strauk vlisofix bak fotballane. Ballane blei lagt oppå snora og stofflappar blei lagt under. Så strauk eg dei saman og klipte rundt etterpå..


Det er godt å ha god plass. Måtte ta siste finish på skulen i dag tidleg, 
for eg gløyme å ta mål av snorlengda i går.



Ei Moldedrakt blei trekt utanpå ei pute, og gullsaksa eg laga til opninga av nybygget i fjor, 
fekk ein blå-kvit dusk. Så var alt klart til høgtidsstunda.


Her er det klart til snorklipping.


Og her heng eine snordelen etter at ballbingen er erklært open.


Bingen har ført til omvendt integrering i nærområdet, og den er flittig brukt av ungdommar i nabolaget. Reglane gjeld alle brukarar.


Rektor delte ut velfortjente roser, og det dryssa regn over alle under seremonien.


Ballbingen er lett og fin, og fungerer veldig bra.



Inngangen er ordna slik at også rullestolbrukarar kjem deg inn.


Datoen er sydd inn og ballen er pryda av gull. 
Etter at MFK slo Stabæk i dag, går det både mot cupfinale og seriegull for Molde. 
Det gjer nok også sitt til at ballbingen på skulen blir flittig brukt framover;)









lørdag 20. september 2014

Redesign av jakke


Eg hadde ei tynn jakke som var litt lang og litt trang, 
og derfor lite brukt.


Først klipte eg av ein del i nederkant.


Så brukte eg litt av det stoffet som innfelling i sidene.


Jakka var tung og kjedeleg, så eg prøvde meg fram med raude detaljar. 
Innsida av ermane fekk ein bit fløyelsband. 


 Så ville eg bytte ut knappane.


Men det blei for voldsomt, så eg bytta berre ut annakvar knapp.
Ermane ligg bretta inn på jakka, men det er ikkje så lett å sjå sidan stoffet er så mønstra.


Ryggen fekk også påsydd litt fløyelsband, 
og eg blei veldig fornøgd med midtpunktet;)


Og vips så hadde eg "ny" jakke, som allereie er like mykje brukt no, 
som den har vore i 5 år før.


Det er ikkje alltid så mykje som skal til.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...