mandag 27. april 2015

Toalettveske


Har laga ei toalettveske i gåve.
Stoffet er så delikat i seg sjølv, at det er fint både med og utan dekor.
Det minner meg om mottakar.


Litt personleg preg, for ho er spesiell for meg.
Anheng med "Laget spesielt til deg".


Litt blonde, perler og drasnor i glidelåsen.


Håper gåva fell i smak til ei
stilig, snill, god og flink dame.

søndag 19. april 2015

Moldejazzens far


Min onkel, Kikkan Sættem, fyller 85 år i dag. 
Han blir kalla Moldejazzens far, og eg fekk lyst å lage ei gåve med jazzpreg.


Denne flotte bronsestatuen, som står på torget i Molde, inspirerte meg.
Det er Jazzgutten, laga av Nina Due. 


Kikkan stod i bresjen for å få etablert Molde internasjonale jazzfestival, 
og den har sett Molde på kartet sidan 1961. 
Det var ikkje berre enkelt å få store artistar til ein liten by utan flyplass. 
Kikkan var festivalpresident i 20 år.


I over femti år har det vore jazztonar over Molde by,
og under festivalveka i juli er det eit yrande folkeliv..


Kikkan er bypatriot, og har betydd svært mykje for byen på mange område.
Rosenes by hadde nok ikkje vore den same utan han.


I dag trur eg jazzguten spelar ein bursdagsmelodi.
Eg gløymer aldri då heile jazzlosjen kom inn i Gildehallen og omkransa
heile festlokalet for å heidre Kikkan på hans 80-årsdag.


Jazzguten er like fin og trufast i både sol og regn.
Den står fjellstøtt og vil prege byen i all framtid.
Den blei gitt som gåve til byen i samband med Molde sitt 250-årsjubileum i 1992.


Gratulerer med dagen, onkel Kikkan!
Håper denne boksen med tennbrikettar vil hjelpe deg å halde varmen i mange år.

fredag 3. april 2015

Tennbrikettboks til bursdagsgåve


Onkelen min fyller år, og kva skal eg gi i gåve til ein mann på 80 år!
Ein boks med tennbrikettar blei løysinga.


Eg bestemte meg for å bruke tre til dekor. 
Stammane er av bjørkenever.
Alt er sydd med frihandsquilting.


I tillegg er boksen pynta med band og små blomster nokre plassar.

I nederste kant er det grønt rufsegarn som gras, 
men det er ikkje lett å sjå her..


Då står det igjen å synge bursdagssongen. 
"Ja, må han leva, ja, må han leva, ja, må han leva uti hundrade år!"

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...