torsdag 31. juli 2014

Innpakning og premie


Eg likar å lage innpakning som passar til gåva, 
og slik blei pakken med tennbrikettboksen frå forrige innlegg. 
Ein stor gråpapirpose med helsing, band og store kongler. 
Hald varmen, var budskapet;)


Boksen passa heldigvis inn med paret, som faktisk har mange vedfyringar i huset;)
Det var så kjekt å besøke dei og sjå kor fint, praktisk og koseleg dei hadde ordna det.


Og då eg kom heim, låg det faktisk pakke og venta på meg også:) 
Snille Sigrid hadde trekt ut meg som vinnar på bloggen sin, Refleksjon på livsvegen
Besøk den koselege bloggen! Ho er veldig flink å skrive og ta bilder som passar til.


Praktiske duklodd er kjekke å ha. Og eg reknar med at det blir mange fine sommardagar endå.


Tusen takk, Sigrid! Eg trur du veit at eg er glad i både stein og hjerte, -og i god mat på bordet;) 


onsdag 23. juli 2014

Nytt trekk til tennbrikettboks


Kva skal ein gi til eit par som har gifta seg og har det meste? 
Kanskje det passar med noko som hjelper dei å halde 
varmen;) Eg enda i alle fall opp med å dekorere ein boks med tennbrikettar.


Wish it, dream it, do it.
Det har dei gjort.


Dei er glade i naturen, så då passar det med to neverhjerter.


Utgangspunktet for dekoren, var eigentleg denne furukvisten frå naturprosjektet mitt. 
Eg fann denne prøvelappen (og myykje anna...) då eg rydda hobbyrommet.


Nålene er frihandsquilta på furukvisten. 


På eine sida av boksen lurer nokre ugler. 
Dei skal vake over ekteskapet.


Eit vennskapsband for evig truskap.



mandag 21. juli 2014

Blåklokkevikua


Hjelp!! Det er berre to dagar igjen til den store 100 års-markeringa av min "far" Alf Prøysen. 
Og når det er på det travlaste, så blir eg lita som ei teskei igjen!!!!
Eg rakk akkurat å få blåklokkene i vasen før det skjedde denne gongen.


Blåklokkevikua startar på Prøysenhuset då, og eg er no ein av hovudpersonane! 
Korleis skal dette gå? Vi har no festival den tida kvart år på Prøysenhuset, men i år er det sjølvsagt ekstra, ekstra. Eg skulle ønskje at alle barn i all framtid får bli kjent med alt det flotte den mannen har laga.


I går skjedde det igjen! Eg skulle luke bort blomstrane som hadde visna i støvelen, og der blei eg til langt på dag. Mannen min kom heim og fann meg ikkje nokon plass i huset, så då leita han heldigvis ute. Takk og pris for det fine véret medan eg sat der. Så fekk eg no tenkt og planlagt ein del også, så opphaldet i støvla var ikkje heilt bortkasta.


På Prøysenhuset.no står programmet for Blåklokkevikua, og der står også: I Alf Prøysens forfatterskap er Blåklokkevikua den lange, varme høysommeruka, tida mellom de travle slåttonnene, med lek, ungeskrål, sverming i lyse netter, dans på sletta, dirrende forventinger, høyt spill og store fall. 

No håper eg at eg blir stor igjen raskare enn raskast, slik at eg bli ferdig med alt til den store dagen. 
Takk og pris for at eg fekk blåklokkene i vatn først i alle fall.

søndag 13. juli 2014

Forvandling av tuja


Ein liten spire av ein tuja i ein juledekorasjon for mange år sidan, hadde blitt til eit digert monster i hagen vår. No har vi saga bort massevis med greiner, og den blei heilt forvandla. Det dukka opp mange stammar inne i tréet, og ein del av dei blei fjerna. Dette ga rom for at eg kunne leike meg litt med dekorasjon.


I januar 2013 hadde eg eit innlegg om dette umonterte kursprosjektet. 
Der nemnte eg at denne tujaen hadde blitt så stor at vi snart måtte fjerne den. 
Då fekk eg denne hyggelege kommentaren frå Marje med den fine bloggen Hagen i svingen
Ååååå dette var kjempelekkert !!!!
Jammen godt det kom fram i dagen i gjen.....alt for fint til å ha liggandes.
Eit lite tips :D Du må ikkje sage ned tujaen din, stam den opp. Det blir kjempefint. Visst du synest den er for høg kan du fint klippe av høgda og forme den som ei kule kjegle e.l. Kan bli litt stygt med det same men det veks ut nye skudd og då blir den flott. Var det eit godt tips ? :)

God helg til deg.
Klem MarJE.
SvarSlett

Svar

  1. Tusen takk;) Det var godt den dukka opp igjen, ja;) Og takk for tuja-tips! Vi må vurdere dette til våren. Den står så nært nedkjørsle og inngang at det må sjå skikkeleg ut.


Her er eit aprilbilde av tujaen frå 2012. Vi har knapt nok hatt snø sidan då.


Bianca hadde bursdag, og fryda seg over snøen ho fekk i gåve. 
Nesten hele denne nederste delen av tujaen er borte no.


No for tida skin sola, og det er kjekt å vere i hagen. 
Det kan hende at vi prøver å forme meir det grøne etter kvart, sidan det var ein del av tipset også;)


I går laga eg bursdagsselskap til mitt kjære søskenbarn Sissel. 
Då kom eg på at eg ville prøve å dekorere tujaen til ære for henne.


Eg fann fram ei stor krukke som passa innimellom stammane. 
I tillegg til ulike blomster, måtte eg sjølvsagt ha ei tørka grein i krukka. 


På ein avsaga stamme står ei uro i form av eit lita kanne.


Eg klipte roser, kaprifol og alium frå hagen og danderte innimellom.


Og den fine spaden med Welcome, som eg fekk av barna då eg hadde rosen i ein fot for seks år sidan, passar godt inn i samanhengen. 
Dette var mi første prøve, men kjenner eg meg sjølv rett, så blir det nok nye dekorforsøk.


Tusen takk for idéen Marje! Hadde ikkje du tipsa meg om dette, 
ville nok heile tujaen vore borte, og no ser eg kor dumt det hadde vore;) 
Du kor kjekt det er med gode bloggvenner;)




LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...