fredag 6. mai 2016

Toalettveske til konfirmanten


Då blei det ei toalettveske som helsing
til ei jente eg gjerne ville lage ein ting til.


Ein snipp å halde i, og ei makramésnor å drage i. 


Friskt og fargerikt både utanpå og inni. 
Vattering og sydd botn gjer den stødig.


Liknar på ein fugl med nebb og stjert. 
Håper ho kan få bruke den til noko nyttig.

Eg har brukt same framgangsmåte som 
dei to eg sydde i dette innlegget.

torsdag 5. mai 2016

Sydde kort


Har sydd kort til to konfirmantar.


Enkle tre av tyll på eit bakgrunnstoff. 
Vatt unnder og frihandsquilting med maskin.


Etter quilting av bakgrunnen, brukte eg sølvtråd til detaljane. 
Sommarfuglane stansa eg ut i papir, 
og sydde fast kroppen samtidig med følehorna.
"Flygestrek" frå sommarfuglane dannar namn og årstal.


Til slutt la eg papp bak og siksa den fast 
med garn som ramme.


Til slutt limte eg silkeband over saumen.
Då er det klart til å skrive nokre gode ord. 
Gratulerer til deg som har ein nær som konfirmant i år!

søndag 1. mai 2016

Tøfler i vevstrikk


Eg fekk bl.a. desse gode tøflene i vevstrikk i bursdagsgåve frå Birgitte. 
Og som ei gåve til andre har ho laga denne gratisoppskrifta.


I pakken var også to sydde armband.
Ho veit kva fargar eg brukar og likar.


Alt har vore i bruk og fungerer utmerka. 
Eg fekk også skikkelege strikkepinnar av tre, så no må eg 
prøve å få fart på strikkinga igjen.

God og fin mai til deg som kjem hit på besøk.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...