tirsdag 29. mai 2012

Praktisk skilt


I forhold til stipendet eg fekk tildelt frå Norsk Quilteforbund og "naturquilteprosjektet", har eg no bevega meg frå prøvelappar til produkt. Fru Rosa´s Landhandel er ein kjempefin nettbutikk og interiørbutikk i Midsund . Og den skal snart flytte inn i nye lokaler, eit stabbur som er under oppføring. Derfor fekk eg så lyst til å lage eit skilt til innflyttingsgåve. Men eg veit at Fru Rosa har mykje varer, og eg reknar med at utvalet blir ikkje mindre når lokala blir større. Derfor utvikla skiltet seg med ei hylle på toppen og krokar nederst, slik at det blei ein praktisk ting.


Ein del av ei rot har blitt til eit tre. Kvistane er sydd med stoppefoten, og eg tenkte dei måtte sjå litt forblåst ut, for dei som har fulgt Fru Rosa, veit at huset deira blåste ned i vinter. Oppi treet kvitrar ein fugl med vinge av tyttebærlyng. Ideen kom frå PIP-serviset, som er til salgs i Landhandelen. Hjartet symboliserer gode tankar.


Fjøla på toppen er rekved etter orkanen Dagmar, som tok huset i vinter. Seinare blåste reisverket til stabburet også ned, så no håper eg at dei har fått sin kvote med uhell.
Huset måtte sjølvsagt bli rosa, og det er never på taket og hjørneborda. Den grøne buska, er kråkefot frå skogen. Blomstrane er frå ein blonde;)


Før eg leverte gåva, måtte eg prøvehenge det på veggen ute.


Då ønskjer eg Fru Rosa lykke til med flytting og nyopning av butikken i Midsund.
Måtte hell og lykke følgje den i alle år. Likar du Fru Rosa´s Landhandel på Facebook, får du oppdatering på butikken, og link når ho legg ut nye innlegg på bloggen;) Og då får du heilt sikkert vite når det blir opning også. Eg gleder meg til å sjå korleis det blir;) Er du på tur mellom Molde og Ålesund, vil eg anbefale å reise over Otrøya og Midøya, og legge inn ein stopp med Fru Rosa;)

søndag 27. mai 2012

Putekassebenk


Vi har ein stor uteplass, men uansett blir det fullt med møblar og kasser. Derfor tok vi vekk to store putekasser, og min handyman bygde sittebenk med puteoppbevaring i staden;)
Og i går fekk eg trekk på.



Skumgummimadrasser frå Jysk blei skjært til. Dei står litt ut i framkant slik at det blir betre til beina.


Stoffet la eg berre rett på terassegolvet, og klipte med god margin til å dekke skumgummi og plate.


Stoffet blei festa med stiftepistol. I hjørna klipte eg bort ein del stoff og bretta etter kanten.


Nedi er det rom som passar akkurat til stolputene.



No står det igjen puter til ryggen og litt stæsj som passar til;) Eg trur det kanskje blir finast med einsfarga puter, men eg lurer på om det skal vere flate puter til å henge opp i ryggen, eller vanlege puter som kan flyttast rundt.
Her kan det vere greitt å ta ein liten middagslur også;)


Og med servering av nysteikte vaflar undervegs, gjekk arbeidet som ein leik;)


Utanfor uteplassen er det dam og blomster.


Og så likar eg å putte litt forskjellig i krukker og skåler.




Dette var tidlegare i dag, fint og varmt. Eg gjekk rundt og vatna alle krukker og kar.
Men no regnar det...

fredag 25. mai 2012

Hekla nålpute


Eg kjøpte nokre nøster med Drops Delight og Fabel på Lappestua i Ålesund, og fekk med mønster på eit hekla sjal. Etter kvart fann eg ut at det kanskje heller skal bli eit teppe. Garnet er fleirfarga, så rutene er ganske ulike. No dukka dette heklearbeidet opp i ein pose. Typisk meg er å vere ivrig i starten, før eg legg det bort og gløymer det heile;( Men sidan det no har kome fram i lyset igjen, såg eg at to av rutene var større og lausare, for eg hadde brukt ein anna heklekrok. No kom eg på at dei kan bli til ei nålpute. Rutene fekk seg eit par omgangar med svart garn, først ei runde med fastmasker og så med stavar. Eg ville ha dei litt ut i hjørna, så eg tok fleire stavar der.



Etter å ha hekla rutene halvvegs saman med fastmasker, sydde eg ei lita svart pute til fyll før eg hekla heilt saman. I korga ligg litt garn og tråd som skal brukast til frynser i hjørna.


Eg brukte ein streng til å dra trådane gjennom ei gullperle.



Perlefrynsene blei festa i hjørna, og ein gullknapp i midten på kvar side prydar midten.



Følte nålputa blei litt kongeleg i sin pomp og prakt;)
Og det er mykje meir overkommeleg med ei nålpute enn eit pledd! Kanskje eg likevel kan begynne å hekle rundt rutene om fineveret held seg. Det er fint utearbeid;)


tirsdag 22. mai 2012

Håp og overrasking


No har eg leika meg med stoff, blonde, garn, perler og stoppefoten, og det er i grunnen det eg likar best med symaskina.


Alt er lov, og det meste går an;)



Ordet håp kan innehalde så mykje, og det kan vere både generelt og veldig personleg. Dei som har lagt igjen kommentarar på bloggen min i det siste, har kanskje gjort det i håp om at nettopp den kommentaren var nr. 500, men utan å vite kva overraskinga var.
Og det var dette biletet eg akkurat har vist her no;)
Eg sett veldig stor pris på kvar einaste kommentar frå dykk, og eg prøver å vere flink å legge igjen kommentarar med andre sjølv også, for responsen frå andre gjer blogginga meir betydningsfull.
Og eg har som mål å bli endå flinkare;)


Kommentar nr 500 kom same dag som eg annonserte det, og det var frå Sylke., og i sin kommentar skreiv ho:
Gratulerer med så mange treff :) Det var et koselig dukketeater du viser oss her! Når det gjelder gave til utlodning, synes jeg det er koselig med noe hjemmelaget - det har sin egen sjarm ;)
Ha en fin uke!
Så om du sender meg namn og adresse, så er denne overraskinga til deg;) Og eg blei så glad for at du likar det som er heimelaga, sidan det var det eg hadde;) Mitt håp er at du likar det.
Og eg vil også følgje ditt råd om premie til Blogglotteriet / Give away som vil komme ganske snart. Det blir heimlaga, og eg skal starte på det snart.

Sylke har ein kjempefin og inspirerande blogg, som eg vil anbefale på det sterkaste!

Dei to som kom nærast 500, har også flotte bloggar, og som ein "trøstegevinst", vil eg reklamere for dei her:
Nr 499 var Gudveig HN, med denne kommentaren:
Gratulerer med mange treff på kort tid!
Du har en koselig blogg, så det er jo ikke rart at vi stadig kommer innom her :-)Dokketeateret var kreatvt og flott!


og nr 501 var Ahli, med denne kommentaren:
Gratulerer med de første 10.000. Det gikk raskt, men så har du da vært flink til å blogge også.
Koselig dukketeater ungene har laget.


Alle desse tre har eg glede av å besøke fast;)


søndag 20. mai 2012

Kjære alle saman


Ved hjelp frå dei kongelege i dokketeateret "Prinsessa som ikkje ville lære å lese", vil eg erklære at eg snart vil ha blogglotteri / give away på bloggen min, fordi eg har passert 10.000 sidevisningar;)

Men eg nærmar meg også veldig snart 500 kommentarar, så derfor vil eg starte med å gi ei overrasking til den som legg igjen kommentar nr 500 på eitt av mine 82 innlegg;).
Kva det er, blir avslørt saman med vinnaren. Så dersom anonyme legg igjen kommentarar, må dei skrive mail-adresse, slik at eg når tak i deg om du skulle bli vinnaren.

Eg starta ikkje å blogge før 1.januar i 2012, så eg er ganske fornøgd med å ha komme så langt på nokre månader. Alle eg har "møtt" på denne tida, har gitt meg så mykje inspirasjon og lærdom, og eg sett veldig stor pris på alle som følgjer meg fast, og dei som kikkar innom bloggen av og til.
Og eg sett umåteleg stor pris på kvar einaste kommentar, for det er det som gir meg lyst til å drive bloggen vidare.

Blogglotteri / give away kjem altså ganske snart, men eg grublar på om eg skal kjøpe eller lage noko til premie, for eg veit ikkje kva folk helst vil ha.

Teaterdokkene og kulissene er laga av ein 2.klasse eg hadde på Midøy skule for nokre år sidan. Dei skreiv replikkar, teikna, sydde og øvde med stor iver, og ideane var mange;) Om nokon lurer, så er den lappen som heng til venstre, ei teikning av ei som peikar på ABC på tavla, for skulle prinsessa lære å lese, så måtte ho kunne bokstavane og lydane også;)





torsdag 17. mai 2012

Faner og dessert




17.mai er dagen fanene kjem fram, så i dag fekk eg forevige dei eg sydde før digitalkameraene og bloggen si tid. Det er kjekt å sjå at fanene eg har sydd til skulane og barnehagane,
framleis held seg. Eg føler ansvar.


Denne har 20 års-jubileum i år. Det er ei felles fane for dei tre kommunale barnehagane, representert med tre barn i felles båt. (No har dei blitt til to større barnehagar). Detaljane kjem betre fram i det øverste biletet. Teksta var lang, og måtte forkortast for at bokstavane ikkje skulle ta overhand. Eg lurte veldig på forkortinga av kommunale, og tenkte på regelen "aldri to m-ar i slutten av eit ord", så eg henvendte meg til skulesjefen i kommunen, som var ein språkmann. Han kunne heller ikkje svare, så han kontakta sjølvaste Finn Erik Vinje, og fekk vite at i forkortingar var det lov med to m-ar i slutten av eit ord. Då lærte vi det;)

For 20 år sidan hadde ikkje frihandsquiltinga gjort sitt inntog blant quiltarar, men eg utfordra maskina ved å halde igjen, dra sidevegen o.l. når eg sydde, så eg fram effektar likevel;) Etter ønskje frå "fanekomiteen, er motivet med utgangspunkt i ei barnebokteikning av Vivian Zahl Olsen. Sjølve fana er i frøskalbomull, med ulike kvalitetar på motivet. Barna har fått ekte regnklede.


Året etter sydde eg fana til Midsund skule, så då har vel den 20 års-jubilem neste år. Skulen hadde 25 års-jubileum i 1993, og foreldrerådet meinte det var ei skam at dei endå ikkje hadde fane, og sette igang prosessen og skaffa midlar. Eg jobba ved Midsund skule då, så det var ekstra kjekt, men nervepirrande, å få oppdraget. Det var ei teiknekonkurranse blant elevane for å finne motiv, og eg trur det var Veronica Beinset sitt utkast som blei brukt. Lillian Akselvoll var behjelpeleg med utteikning. 

Den er sydd av ekte fanesilke med silke i snorer, frynser og band også. Det er vanskeleg å sy med så glatt stoff, og sidan stoffet er veldig dyrt, var eg redd for å gjere feil. Motiva er av ulike kvalitetar. 
Foreldrerådet hadde også ein tilstelling for alle ved skulen der dei serverte bollar og brus, og overrekte fana til skulen.


Den aller første fana eg var med på, var til Raknes skule. Der var det også elevar som teikna forslag til utgangspunkt. Den tida hadde eg ein sybutikk saman med Vigdis Dahlberg, som vi kalla ED-VI Tekstil. Vi fekk oppdraget der, og samarbeidde om syinga. Eg trur det kanskje var i 1986.

Eg  gjekk på Raknes skule heile barnetrinnet, og har vokse opp som næraste nabo, så eg har eit forhold til den skulen også.


Og den siste var den eg sydde til Midsund Montessoriskule i 2011. Skulen er privat, og blei starta opp i 2009. Dette er framsida av fana.


Her er baksida. Lillian Blø Rakvåg, t.v, har teikna, og eg har sydd. Her er vi glade og letta over å komme i mål til 17. mai 2011.


På baksida er eit kjent montessorisitat.
I eit tidlegare innlegg har eg skrive om all symbolikken som er i fana. Det kan du sjå her.

Det har vore lærerikt for meg å ha desse prosjekta. Tidene forandrar seg, og eg har utvikla meg.


Og sidan det er nasjonaldagen i dag, må eg lage Grunnlovsdessert. Den består av kompott av rabarbra og svisker, vaniljekrem, krem og mandlar, og smakar sååå godt! Vi gifta oss i mai, og hadde denne som dessert;) Har du lyst å lage, er oppskrifta bl.a. her. Biletet er derifrå, for eg har ikkje pynta min endå;) Eg brukar som oftast berre ferdig vaniljekrem blanda med krem, og då er den rask å lage.


Litt 17.mai-fargar på bordet også.


I går kveld var vi på gravplassen med små 17.mai-bukettar.


tirsdag 15. mai 2012

Mjuke konfirmasjonskort


Tusen takk for koselege og fine kommentarar i tidlegare innlegg.
Kvar einaste tilbakemelding gleder meg!

Mai er konfirmasjonstid, og mange spente ungdommer ser fram til sin eigen dag.
Og helsingar og gåver høyrer med. Her er ei helsing til ei flott jente, -ei sminkeveske, eller til å putte andre ting oppi.



Og så sydde eg små pungar som pengelomme, i staden for å lage kort. Pengar og eit lite kort blei putta oppi med gode ønskjer for dagen og framtida.
Her har eg sydd nokre perler inni blomstrane, men det kjem ikkje så godt fram.



Og eit søtt for inni;)



Alle fekk namnet sitt på pungane. Her er det over glidelåsen, men vanskeleg å sjå.



Denne er laga i same stoff, men i trekantfasong.



Små, søte pungar passar kanskje ikkje så godt til ein gut, så her sydde eg ei baklomme på eit bakstykke, og festa ei hempe i. Då kan den hengast opp og brukast til ting og tang. Øverst sydde eg på skinndetaljar, og årstal nederst. Kort og pengar blei sjølvsagt putta i lomma.



Ikkje medaljens, men Lommas bakside;)
Håper alle konfirmantane og deira familiar hadde fine dagar!

søndag 13. mai 2012

Englar til strikkedama




Ei flott dame og god nabo fylte 50 år. Ho elskar englar og er ein superstrikkar, så då blei det ein trekanta strikkepose og nålehefte med englar på til gåve. Posen kan sjølvsagt brukast til andre ting også, som f.eks. toalettveske eller til undertøyet i kofferten.
I tillegg fekk ho ein stor engel som klatrar i eit tau, men den blei ikkje med her. Den engelen hang og ropte på meg då eg var i Bergen på årsmøte i Norsk Quilteforbund, og eg hadde nok angra meg om den ikkje hadde fått blitt med meg heim.
Kortet er laga med strikkevettreglane på. 



Posen er vattert og fora, og pynta med ein liten engel, for jubilanten blei nettopp farmor til ei skjønn jente. Blonden rundt engelen, er forresten frå premien eg vann frå Hyperkreativen.



Det prikka stoffet er også brukt øverst på glidelåsen og som hempe til å bære i på toppen av posen.



Til slutt festa eg litt pynt i glidelåsen som drahjelp:)


Fram- og bakside av nålemappa.



For å skjule baksida av namnet, sydde eg på eit søtt motiv;)
I lomma la eg ein sprettekniv, og her er plass til fleire nødvendigheiter.



I midten av mappa aplikerte eg ullhjerter på filt, og sette inn tre ulike knappenåltyper, ulike synåler og stoppenåler, forskjellige sikkerheitsnåler, og i den lille lomma er det nåltredar og ei nål med elastisk auge til å feste endar i strikkinga eller til å træ inn band eller strikk i ein løpegang.


Og bakerst er ei ny lomme med eit måleband med både cm og inch.


Til lukking er det knapp og strikk. Eg tenkte at dette er kjekt-å-ha-ting som kan vere greitt å ha i beredskap i veska.


Eg håper gåva fall i smak og kjem til nytte. Og denne forretten som husbonden serverte i selskapet, fall i alle fall i smak med meg. Ein fryd for både auge og gane;)






LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...