Eg kjøpte nokre nøster med Drops Delight og Fabel på Lappestua i Ålesund, og fekk med mønster på eit hekla sjal. Etter kvart fann eg ut at det kanskje heller skal bli eit teppe. Garnet er fleirfarga, så rutene er ganske ulike. No dukka dette heklearbeidet opp i ein pose. Typisk meg er å vere ivrig i starten, før eg legg det bort og gløymer det heile;( Men sidan det no har kome fram i lyset igjen, såg eg at to av rutene var større og lausare, for eg hadde brukt ein anna heklekrok. No kom eg på at dei kan bli til ei nålpute. Rutene fekk seg eit par omgangar med svart garn, først ei runde med fastmasker og så med stavar. Eg ville ha dei litt ut i hjørna, så eg tok fleire stavar der.
Etter å ha hekla rutene halvvegs saman med fastmasker, sydde eg ei lita svart pute til fyll før eg hekla heilt saman. I korga ligg litt garn og tråd som skal brukast til frynser i hjørna.
Eg brukte ein streng til å dra trådane gjennom ei gullperle.
Perlefrynsene blei festa i hjørna, og ein gullknapp i midten på kvar side prydar midten.
Følte nålputa blei litt kongeleg i sin pomp og prakt;)
Og det er mykje meir overkommeleg med ei nålpute enn eit pledd! Kanskje eg likevel kan begynne å hekle rundt rutene om fineveret held seg. Det er fint utearbeid;)
Dette var sannelig et helsearbeid jeg også skulle ha greid, passelig stort! Det ble lekkert med den pynten.
SvarSlettNydelige nåleputer!
SvarSlettØnsker eg en riktig, fin dag!
Klemmer, Marianne.
Kjempesøte ble de. Lekker den frynsepynten.
SvarSlettAstrid
Tror ikke jeg hadde satt ei nål i denne nåleputa, men hatt den liggende framme til pynt. Kjempefin!
SvarSlettFortsett med teppet! Jeg har sett flere ferdige, og de er skikkelig flotte.
Her har vi det herligste sommervær, og vi kan omtrent se at graset gror. Får håpe det varer noen dager til.
Riktig god pinsehelg!
Kjempesøt nålepute! Og bedre å få brukt noen av rutene enn å la alt ligge i et skap. Lille Jensemann hadde også store planer, men endte opp med skjærefjøl til mor.....
SvarSlettGod pinse!
Oj så fin, og deilige farger. goo hælg.
SvarSlettSkjønne nåleputer :)
SvarSlettOg herlige fargar!
Ha ei strålande helg :))))
Klem
Såå nydelig og søt nålepute!! Den er også fin bare til pynt også!! Å tenker mange ganger at jeg skulle ønske jeg hadde slike evner.....du lager så utrolig masse fint:))
SvarSlettHa ei strålende flott pinsehelg:))
Klems
Så flott den er!
SvarSlettEg hekla dette teppet på ferien i fjor, på Moldejazz og i dagane etter 22. Juli vart det mange ruter. Det var nærmast terapi å kunne hekle, medan det vi ikkje kunne tru, hadde skjedd.....
Eg er svært glad i dette teppet, pga mønsteret, fargane og at det er mitt personlege bidrag til å minnast dei tapre ungdomane.
Der var eit kjekt og enkelt mønster å hekle. Enkelt å ta med på ferietur, så kanskje du skal prøve ein gang til....;o)
Ha ei god pinsehelg!
Solklem
Så fine - det er lige får det kan være sådan en pude man lægger fingerringe på til fine bryllupper. Dejlig pinse til dig ;)
SvarSlett