søndag 29. september 2013

Nålputer


Nålputer er kjekt å ha både for den som syr mykje, og for den som berre treng ei nål i ny og ne.


Ein varm og fin septemberdag blei det eit fint syprosjekt ute.


Og når mykje var ordna på førehand, så blei nokre framsider ferdige.


Nålputa er fylt med ris og vatt, så den ligg stødig og godt på bordet.
Stikk den;)



onsdag 25. september 2013

BE fantasy


På laurdag var datter mi og eg med på marked i Molde. I den anledning ordna vi oss eit felles namn, BE fantasy. B for Birgitte og E for Edny. Vi brukar fantasien, og har kun produkt av eigen design. Om vi deler opp namnet, så har vi "jeg fant, jeg fant", og begge kan no å sy;) Øyriket i Romsdal, som består av kommunene Midsund, Aukra og Sandøy, invaderte byen. Massevis med boder og aktivitetar. Der var bedrifter, mat, underhalding og handverk. Håper dette blir fast tradisjon. 


Her er ein del av tinga våre før pakking.


Bianca var veldig behjelpeleg i innspurten. Desse fine halsane er Birgitte sitt verk.




Det var mykje folk innom, så det var veldig triveleg. Litt salg blei det også.


Birgitte har mykje fin hekling og strikking, og ho skal no lage mønster til fleire av tinga sine.


Her er ein del av tinga våre. Meir om dei ulike produkta kjem etter kvart;)


søndag 22. september 2013

Men størst blant dem er kjærligheten

 
Dei kjente orda "-tro, håp og kjærlighet. Men størst blant dem er kjærligheten" kjem frå Kjærlighetens høysang.  Desse orda er mykje brukt både i sorg og i glede. Dei inspirerte meg til å lage dette artbiletet, og eg er glad i frie teknikkar og ulike materiale.
 

Slik kan det gå når eg er så opptatt av detaljar at eg må mate og styre heilt inntil nåla. Men ei 90 metallnål stod det av, og knakk heldigvis ikkje inni fingeren.

 
Så då kunne eg jobbe vidare. Det er faktisk berre andre gongen det har skjedd. Sist var då eg sydde dette teppet til min mor sin 75-årsdag. Det gjekk bra då også;)
 
 
Bakgrunnen er ferdig, og då er det berre resten igjen;)
 

Og eg veit aldri på førehand korleis resultatet vil bli.
 
 
Denne gongen brukte eg blant anna hekla roser til dekor.
 



tro
 


håp
 


og kjærlighet.
 

Men størst blant dem er kjærligheten.
 
 

onsdag 11. september 2013

Skilt av drivved. "Home is where your heart is."


Eg hadde ein drivvedplanke eg likte så godt. No fekk eg lyst å dekorere den på eit vis. Forma fekk meg til å tenkje på hus. Og slik blei det. Hus av tjukk ullfilt og møne av bjørkenever. Det er dekorert med angelina, garn og frihandsquilting.


Det var eit hol i planken, og det måtte no brukast. Det enda opp med makramésnor med perler og eit sydd hjarte i enden.


Som du ser, så fyrer dei godt i heimen. 
To jo-jo-blomstrar bind saman vegen frå hjartet til huset.


Inni dusken i enden av snora er det ei bjelle,så det er bare å lage eit lite pling til hei.




"Home is where your heart is." Så står det att å sjå om nokon vil ha det i heimen sin, eller kanskje til ei gåve.

mandag 9. september 2013

Små snurrepip-piper


Eg er glad i å skape mitt eige, og eg likar å skrive fritt med symaskina. No går det på små kreasjonar med fuglar på, og eg prøvar meg fram med ulike måtar å montere på. Saman med datter mi har eg meldt meg på markedet, som Øyriket i Romsdal skal ha i Molde 21. september, så då er det berre å stå på framover.


Motiva er sydde på ullfilt. Her er det montert på ein bakgrunn av lin.


Knappar, band og pinnar er også artig å bruke.


Eg er veldig glad i stein, men det er no ikkje så anvendeleg til slikt bruk då;)


Idéar til nye produkt står i kø, men så er det det med tid og overskudd til å produsere då...., men eg har veldig lyst;)  Og så skulle eg gjerne ha visst kva folk er interessert i å kjøpe.

søndag 1. september 2013

Kort og premie

 
Eg sydde eit kort til eit par som gifta seg i dag. Det er ei stund sidan eg har brukt ting frå naturen no, så då blei det eit tre med eit stort hjarte for brudeparet, og små perlemotiv for kvar av dei fire barna.

 
Og innpakninga var enkel og grei; -hankane på ein papirpose samanknytt med sløyfer.
 

Og så må eg vise premien eg vann på den fine bloggen Dollan Design. To skikkelege sydamestoff med ein koseleg lapp frå Sverige;) Men det var flaut at ho måtte etterlyse meg, for eg har vore så lite innom bloggar i sommar, at eg fekk ikkje med meg at eg hadde vunne ein gong! Tusen, tusen takk Dollan!!

 
No er sommaren på hell, og dei siste rosene for året er plukka inn.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...