mandag 30. desember 2013

Gåvetips til barn


"O jul med din glede og barnlige lyst, vi hilser deg alle velkommen". Denne julesongen kan nok dei fleste, om det er frå barnehage, skule eller mimring tilbake frå julefestar. Det er nok mange som har sett tindrande barneauge i denne søte juletid, og dei fleste av oss hugsar nok tilbake til vår eigen barndoms jul. Mykje har endra seg, men samtidig er det den tida vi er flinkast til å overføre tradisjonar til både barn og barnebarn. Innhaldet i pakkane har nok blitt større, og fleire gir gåver til kvarandre. Her snusar Bianca seg fram og finn si pakke, som ho glad og fornøgd pakka opp og smatta i seg.


" En skulle vøri fire år i romjul'n og kjint ei jinte som var nesten fem, og begge skulle kledd seg ut med masker og kømmi julbokk tel et bæssmorhem"

Bestemødre og andre er glade for å få besøk, og dei gir ofte fine gåver til barnebarna. Ofte gir dei pengar, for at foreldra kan kjøpe noko dei treng eller likar. Og har du ikkje kjøpt noko til barna for pengane endå, så kan eg tipse deg om Lekmer.no som har alt til barna, -både utstyr, klede og leiker. 


Eg blei frista til å kjøpe Lego på salg, for det går aldri av moten. 
Då kan eg sy eit nytt Legoteppe å "pakke" klossane i.


Her er innsida av fleece, så er det både godt å leike på, og lyden av klossane blir dempa.
Når byggeøkta er over, er det berre å ta tak i snorene og henge posen på plass. Lett å rydde;)


Denne posen er vrengsydd av kraftig bomullstoff og fleece, og det er sydde hemper som løpegang til snora. Eg trur den er både solid og sterk, og kan vere til glede i generasjonar. Den kan sjølvsagt også brukast til togbane, småbilar, eller andre leiker i mange delar.


Denne posen, som eg sydde til sonen min for ca 30 år sidan, er av det enklare slaget. 
Den er av enkelt bomullstoff, kanta med skråband, og ei kroklisse går gjennom sydde knapphol.
Likevel har den halde kilovis av legoklossar, og den har vore mykje brukt. Og kvar gong klossane skulle ryddast opp, var eg så glad for at denne posen var til;)

lørdag 28. desember 2013

Julepynt, pakkar og helsingar


Her er litt meir om gåver, helsingar og pynt til jul. Eg likar å lage personlege ting,
og i år blei det ein del blomsterhelsingar i sydde posar. Inni er det oasis og plastpose. På baksida er det sydd ei lykke av hyssing til oppheng, og hyssingen er knytt rundt posen og buketten.


Om desse dekorasjonane kan henge ute, vil dei vare ganske lenge. 


Og eg likar å dille og dalle litt ekstra på pakkane eg gir bort.


På ei idéside på internett, var det nokre Rudolfar som eg fall pladask for. 
Eg hugsar dessverre ikkje kvar det var.
Etter jakting på Rudolfgreiner, blei det laga nokre i ulike storleikar.
Her er Rudolf teipa rett på gåva.


Eg blir også veldig glad når eg får fine innpakningar sjølv. 
Denne posen frå ei venninne var så vakker!


Og baksida var nesten like fin!
Og inni var det spanande og fine saker også, -bl.a. to små kvepsebol til naturprosjektet mitt;)


Huset blir no pynta ekstra til jul, sjølv om mange av mine englar er framme heile året.
Kyrkja med lys og musikk fekk mine svigerforeldre av oss for mange år sidan.
No har den blitt eit av minna etter dei.


Denne engelen var den første eg laga av den typen, og i jula har den funne plass blant tørka greiner og furu. Ein slik hadde eg på give-away, og det var veldig mange som ville vinne den. Det var kjempekoseleg. Eg lagar kanskje ein ny engel til premie igjen, men 1. januar vil eg presentere ein ny give-away med ein ny handlaga premie. 


Oppå skapet i gangen held nissefamilien til kvar jul.


Det er godt å ha ei stor jente som passar på at alle har det bra.
For det ønskjer vi at alle skal ha;)



torsdag 26. desember 2013

Julehelsingar


Eg likar å lage ting til gåver og helsingar. 
I år blei det ingen store ting, men heimlaga småting kan no vere koseleg.
Her er ein pose med hekla kant, applikert hjerte og barkeengel.


Den kan brukast til diverse oppbevaring, eller berre til pynt. Posen kan hengast opp etter snora.


Her er ein mindre pose av ullfilt, hekla kant frå ei gardin, og pynta med eit stoffbilete og snor.


Med t-lys i posen blei det eit par smågåver.


Innvendig er det for og ein merkelapp med Edny sine puslerier.




Og så blei det sydd nokre "hjartelege helsingar".
Dette er fylt med vatt og pynta med blondar og perler.


Årets juleort er sydde oppheng.




Dei blei sendt i posten i ein celofanpose, og med namn, adresse og frimerke på andre sida.


Julegåvene er både pakka og opna for i år.


Men det er endå fleire dagar igjen med julekos og god mat.
Riktig god romjul til alle som kikkar innom her.


torsdag 19. desember 2013

Premiar både på den eine og den andre måten


Sjå alt det fine eg vann på give away hos "Jannes kreative verden"! Og sjekk bloggen hennar! 
Snakk om kreativ og effektiv dame! Det er berre å ta av seg hatten.


Eigen drill har eg ikkje hatt før, så den skal utforskast;) Det er så lett å berre spør snekkarmannen.
Og badeskum til julebadet fekk eg også;)


Ein lekker pose-pose og ein lyspose med skjønt motiv og  Grip dagen trykt på.
Tusen takk for kjempefine ting, Janne!


Adventskalenderen på jobb, som eg har to tidlegare innlegg på, blir avslutta i morgon.
Atlantic Auto kom med ei stor korg med frukt og sjokolade til skulen. Rektor bestemte at den skulle gå som ein ekstra gevinst i adventskalenderen. Bjørn blei trekt ut som vinnar, og han ville lodde den ut på nytt for å få inn meir pengar til aksjonen. Eg tok eit glas med hekla trekk til pengane, og glaset blei  så trekt som trøstegevinst til fruktkorga. 
Gjennom dette ekstralotteriet kom det inn 360 ekstra kroner. 
Tilsaman 3030,- kr fører eg over til kreftforskning og LappeGrete sin aksjon.
Takk til alle som har støtta opp! Eg håper pengane vil vere eit lite bidrag til vidare forskning, og forhåpentlegvis vil kreftgåta bli løyst om ikkje altfor lenge.

tirsdag 17. desember 2013

og vi har hengt opp fuggelband, -


Eg har ikkje vaska golvet, men eg har børi ved, og eg har hengt opp fuggelband, og eg har pynta tre (men berre ute). I mangel på snø, så har fuggelbandet fått litt pynt oppi treet.


Og så har eg faktisk pussa sølv, men det er på den enklaste og raskaste måten.
Aluminiumsfolie i botnen av oppvaskkummen, 2 ss salt og varmt vatn frå springen til alt er dekt.
Lan det ligge nokre minutt. Skyll godt og tørk med ein mjuk klut.


Og vips så blei sølvtøyet meir presentabelt;)


Og då er det kjekkare å dekke eit festbord også.
Eg sydde serviettpynt som ei lita gåve til kvar gjest.


Bordpynten fekk fargar og stil frå serviettane.
Furukvistar, kongler, barkhjerter og lyslenke.


Eit par smånissar held utkikk.


I dag er det ei veke til julaftan, så eg må ordne julegåver og helsingar no!
Og eg skal vaske golv og pynte tre inne også;)

onsdag 11. desember 2013

Meir om adventskalenderen, og eiga vinnarlykke.

Tusen takk for alle fine kommentarar om julestrømpa! Det varmar.
Og det gjer også den gode oppslutninga rundt adventskalenderen eg har satt i gang på Tøndergård skole og ressurssenter til inntekt for kreftforskning.


Nye gevinstar dukkar endå opp på premiebordet, og fleire betalar for å vere med i trekningane. 
Det gir fleire vinnarsjangsar for mine positive kollegaer, og det gir fleire kroner til kreftforskninga. 
Denne koselege kransen har allereie fått seg ei dør.


Sidan forrige innlegg om adventskalenderen, har ein del ting fått nye eigarar, og nye ting har tatt plass.
Nissedama vaktar det heile, og under kjolen skjuler ho eit glas. Den nye eigaren kan gøyme julegodtet sitt under denne stakken;) 
Her kan du få sjå nokre av dei nye premiane.


Tenk å kunne ta på seg desse tøflene og slappe av frå julestria med eit Bonytt-magasin!


Eller kunne dra på seg desse nydelege raggane! Garnhylsteret er med og viser vaskeanvisninga. 
Det er forøvrig ein god idé for alle som gir bort handstrikka gåver. 
Og inni sokkane ligg ein pose brente mandlar;)


Eit stort og flott fotografi av ein avblomstra løvetann, vil også glede ein person før jul.


Gevinst, givar og vinnar blir notert på oppslaget kvar dag. Dei siste dagane blir det minst to trekningar kvar dag. 
Det er så kjekt at kalenderen gleder mange på jobb, og at eg no kan overføre kr 2.570,- til Lappegrete sin utfordring om å samle inn pengar til kreftforskning. Ei kjempeflott utfordring Grete!

Og i bloggverda har eg sjølv hatt vinnarlykke. Den siste tida har eg faktisk vunne fire give-away! 
To av dei har eg fått allereie.


Hos Cathrines Kreative Hjørne var det eg som vann årets julehefte frå Familien. Eg elskar idéhefter, så det var midt i blinken. Cathrine har ein utruleg flott julekalender i gang no, i tillegg til at ho legg ut mykje fin inspirasjon i adventstida, så er det mange grunnar til å beøke den fine bloggen hennar. 
I fjor vann eg faktisk eit halvårsabonnement på Familien.


Og på den flotte bloggen til "By Marianne" vann eg fire garnnøster i ull. Og jammen har ikkje ho også satt i gang med ein ny give-away! Det er fleire grunnar til å besøke denne bloggen!  Eg skal i alle fall prøve lykka igjen;)
Dette blei eit langt innlegg, men det er visst ikkje lenge igjen til jul.... Kanskje det er på tide at eg tenkjer på gåver og jul heime også no! 

søndag 8. desember 2013

Julestrømpe til ein flott kar


Ein flott og sjarmerande liten kar har kome til verda. 
Han må få ei gåve som er spesielt for han.


Ei julestrømpe i eigen design tek form. 
Eg brukar lang tid på planlegging og utforming. 
Sjølve strømpa er i ullfilt, og eg lagar bakgrunn av bomullstoff, garn, tyll, ull og frihandsquilting.


Og så er det detaljane med applikasjon, hekling, knappar og perler. 
I hendene har den glade snømannen både bjelle og skilt.
Eg er glad i å bruke både namn og årstal på personlege ting.


Julestrømpa er ferdig og må prøve seg ut i snøen før gåva skal overrekkast.
Arn har dåpsdag i dag, og eg skal hjelpe til.


På denne kristornen var det mange bær for nokre dagar sidan,
 men i dag var det berre rådyrspor å sjå.


Baksida er av det enklare slaget, for den er sjeldan synleg.


På hempa ordna eg kapphol og knapp.


Då er den enklare å feste ulike plassar.


Eg ønskjer Arn alt godt, og at han får flax for livet.


Denne flotte karen med det historiske namnet, vil nok sjarmere fleire enn meg opp gjennom åra. 
Eg håper han kan glede seg til å henge opp julestrømpa kvar jul.
Og kven veit, kanskje har julenissa noko på lur av og til også;)






LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...