lørdag 28. desember 2013

Julepynt, pakkar og helsingar


Her er litt meir om gåver, helsingar og pynt til jul. Eg likar å lage personlege ting,
og i år blei det ein del blomsterhelsingar i sydde posar. Inni er det oasis og plastpose. På baksida er det sydd ei lykke av hyssing til oppheng, og hyssingen er knytt rundt posen og buketten.


Om desse dekorasjonane kan henge ute, vil dei vare ganske lenge. 


Og eg likar å dille og dalle litt ekstra på pakkane eg gir bort.


På ei idéside på internett, var det nokre Rudolfar som eg fall pladask for. 
Eg hugsar dessverre ikkje kvar det var.
Etter jakting på Rudolfgreiner, blei det laga nokre i ulike storleikar.
Her er Rudolf teipa rett på gåva.


Eg blir også veldig glad når eg får fine innpakningar sjølv. 
Denne posen frå ei venninne var så vakker!


Og baksida var nesten like fin!
Og inni var det spanande og fine saker også, -bl.a. to små kvepsebol til naturprosjektet mitt;)


Huset blir no pynta ekstra til jul, sjølv om mange av mine englar er framme heile året.
Kyrkja med lys og musikk fekk mine svigerforeldre av oss for mange år sidan.
No har den blitt eit av minna etter dei.


Denne engelen var den første eg laga av den typen, og i jula har den funne plass blant tørka greiner og furu. Ein slik hadde eg på give-away, og det var veldig mange som ville vinne den. Det var kjempekoseleg. Eg lagar kanskje ein ny engel til premie igjen, men 1. januar vil eg presentere ein ny give-away med ein ny handlaga premie. 


Oppå skapet i gangen held nissefamilien til kvar jul.


Det er godt å ha ei stor jente som passar på at alle har det bra.
For det ønskjer vi at alle skal ha;)



13 kommentarer:

  1. Koselig å få se litt av julehuset ditt! Fine pakker du viser også! Alltid kjekt når noen legger litt ekstra i innpakkinga.

    Ønsker deg flere fine romjulsdager!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  2. Du har set så koseleg med så fine minner og sjølvlaga ting.
    Det må vere ei fryd å få ei innpakka gåve frå deg. Det lligg så mykje
    omtanke og flid i det du lagar.

    Romjulsklem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  3. Så mange flotte og kreative innpakninger hos dere da - nesten så en ikke kan åpne pakkene engang. Ønsker deg og dine fortsatt herlige romjulsdager!
    Titti-klem

    SvarSlett
  4. Så mange koselige småting du viser! De posene med vakre blomster er kjempesøte, og med den jula vi har i år, kunne de jo holde seg leeeenge som utepynt!" Morsomme Rudolfer!
    Fortsatt fine romjulsdager ønsker jeg deg!

    SvarSlett
  5. Fine ting du lagar, eg og gir vekk heimelaga ting, nesten berre det. Innpakkinga er like viktig som det inni, kjekt å gi vekk fine pakker. Dine var veldig fine. Koselig å pynte heimen i jula med innslag av raude ting. Fortsatt god romjul.

    SvarSlett
  6. Nydelige gaver - og for noen flotte innpakninger!
    Ønsker deg og dine et riktig godt nyttår!
    Klem, Marianne.

    SvarSlett
  7. ÅH her var det mye lekkert! Skulle ønske jeg delte denne interessa, å pakke inn julegaver er noe av det kjedeligste jeg veit......

    SvarSlett
  8. Så mykje flott! Men dei Rudolf'ane dine er berre heilt til å ete opp! Tusen takk for idéen. Godt nyttår til deg og dine!

    SvarSlett
  9. Jeg får nesten lyst på desember en gang til, for jeg får så lyst til å lage flere gaver, Hvordan lager du barke englene?

    SvarSlett
    Svar
    1. Jeg kunne også tenke meg desember igjen, for det er nå jeg er inspirert;) Barkeengelen er kjøpt på en blomsterbutikk;)

      Slett
  10. Så kreativ og flink du er med pynting og innpakning! Det er spennende å få slike gaver!! Flott den engelen :-)
    Fortatt god romjul! :-)

    SvarSlett
  11. Vepsebol i julegave - det var den mest originale gave jeg har hørt om. Synes innpakningen inspirert av Rudolf var såååå morsom :)

    SvarSlett
  12. Ah, jeg blir så imponert over alt du får til! De posene inspirerte meg til å lage noen selv også, kan jo passe både til morsdag og sommerbukett og andre anledninger. Ha ei strålende nyttårshelg! Klem fra Nina

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...