tirsdag 31. juli 2012

Fanget i mitt hjerte


Han eller ho har eit hjerte av stein, blir det sagt. Men eg trur at det finst noko mjukt innerst inne.
Kva er grunnen til at enkelte hjerter blir forsteina? Kva har dei opplevd?
Og det er kanskje betre å ha eit hjerte av stein, enn å vere hjertelaus.

Sjølv om eg trur at alle har noko godt og mjukt i hjertet sitt, har eg fanga eit ekte gråsteinshjerte;)
(Eg veit at det heiter hjarte på nynorsk, men tillet meg å bruke klammeforma hjerte her;)


Birgitte oppdaga denne steinen då vi var ute på tur her om dagen, og ho veit både at eg samlar på hjerter og går med naturprosjektet i tankane når eg er ute. -Du kan no binde den inn, sa ho, og dermed var eg i fyr og flamme med ein gong. Tankane svirra vidare på korleis.


Først laga eg ein spindelvev, men hjertesteinen kom ikkje godt nok fram. Så enda eg opp med å hekle eit gitterhjerte etter forma på steinen. Bakgrunnen er frihandsquilta, og nokre strå frå turen blei også med her.




Under fotoseansen ved dammen oppdaga eg at vannlilja hadde opna seg.


Og sidan eg kjøpte meg nytt kamera i går, måtte det sjølvsagt testast;) 
"Inni kvart eit hjerte ligg det ein blomst, som opnar seg under riktige vilkår"
Sitat Edny;)

mandag 30. juli 2012

Lyspose og skilt


Eg har presentert yndlingsbloggen Jannes kreative verden tidlegare, for den gir meg så mykje inspirasjon. Og i dag fekk eg premie frå Janne, fordi eg var med på ei konkurranse ho hadde. Sjå denne nydelege lysposen ho har sydd, -som sjølvsagt kan brukast til andre ting også;)


Sjølvlaga kort med adresse til blogshopen, og ei koseleg helsing på baksida.


Dette søte skiltet fekk eg også. Det har denne kreative og masseproduserande dama laga sjølv. Om du klikkar på biletet øverst til høgre på bloggen hennar, kjem du til salgssidene med ulike produkt som ho lagar. Masse fint!!
Sjå hjertet som ligg på steinen under skiltet.


Det hadde landa der frå desse kryprosene;) Så no tok eg både det, og nokre fleire med meg inn til pressing. Kanskje kan det brukast i eit syprosjekt? Det skadar ikkje å prøve i alle fall;)
Tusen takk for kjempefin overrasking, Janne!

onsdag 25. juli 2012

Med rota opp og toppen ned


Med rota opp og toppen ned, veks om vinteren og minkar om våre. Kva er det? Eg likte så godt gåter då eg var barn, og svaret her er sjølvsagt istappen. Men kva er berre "Med rota opp og toppen ned"?
Eg har brukt svaret til ein blomst...


Sydd blad og quilta nervar med gulltråd.


Og sydd ein rosett med gullperler til å feste inni blomsten.



Ståande eller liggjande? Tja, smak og behag;)


Kanskje det passar i eit maritimt miljø? Oppå peisen, som min handyman har laga på uteplassen.


Har du funne svaret på gåta mi?


Det er tang, som ligg på langs her. Røska opp frå sjøen av Dagmar og slengt oppover markane. Eg tok ein tangstilk med meg heim for å prøve. Naturprosjektet mitt må no utviklast. Den blei vaska og lagt til tørk saman med andre funn;)


Etter ein lang tørkeprosess hadde den skifta farge, blitt krokete og var krympa både i lengde i breidde. Og då blei den sjølvsagt ein blomst, med tangrota som rosett. No har eg plutseleg fått fleire nye idéar til naturprosjektet mitt, som skal presenterast i mars;)

mandag 23. juli 2012

Den beste vann



"Eagle eyes" frå Tyskland blei vinnaren av postkortkonkurransen, og det var veldig fortent etter mitt syn;) Kjempefint utført. Her er bloggen til Kerstin.


Og 2. plassen var også blant mine favorittar! Det er også veldig fint og detaljert. Det heiter "Birch woods" og er laga av Marian Walters frå USA. Ho har ikkje blogg.

 
3. plassen gjekk til Mrs Owl from Norway;) Og det er ho veldig fornøgd med, og takkar alle som stemte på henne;) Det var artig å prøve seg.

søndag 22. juli 2012

Markering


22. juli i fjor blei vi alle ramma på ulike måtar. Det uforståelege skjedde, og eg kan endå ikkje forstå. Mine tankar går til dei som blei direkte ramma, og alle kring dei igjen. Det er veldig mange!!


Når vi vaksne ikkje forstår, -kva då med barna? Første skuledag hadde vi ei markering på skulen. Alle elevane fekk lage sitt hjarte til eit felles minnebilete.








Dei laga sine uttrykk og snakka saman medan dei sat og pusla. Det blir noko felles når slike ting skjer.


Under fellessamlinga om morgonen tente dei kvart sitt lys. Det var så stille og fint. Etterpå fekk dei som ville, snakke om sommarens hendingar i si gruppe.
Lysa brann i gangen heile dagen. I dag er det mange lys som blir tent igjen til minne om tragedien og dei ramma.

fredag 20. juli 2012

Mrs Owl konkurrerer


Mrs Owl har meldt seg på ei kortkonkurranse på Quilting Gallery, og ho blir veldig glad om du vil stemme på henne, for slikt har ho ikkje vore med på før. Du ser vel kor ho blunkar til deg?

Rull nedover på sida, og du ser deltakande kort frå fleire land. Under der ligg avstemminga.
http://quiltinggallery.com/2012/07/20/vote-now-postcards-atcs/

Tusen takk Grete for at du oppfordra meg om å delta på dette;)

torsdag 19. juli 2012

Posar til kameralinser


Ein flink og kjekk hobbyfotograf ønska seg posar til kameralinsene, slik at dei blir meir beskytta i sekken eller i lomma når ho er ute på tur.


Det svarte stoffet er litt verbestandig, for det er ikkje alltid sola skin om ein er ute på tur. Hovuddelen er vattert, og heile posen er fora.


Då er det berre å snøre posen og legge ut på jakt etter eit blinkskudd. Smil til fotografen;)

Korgstolen blei ny


Denne stolen har stått ute på trappa i fleire år, og har nok tapt seg med åra den også. Likeeins var det blomsterkanna. Begge trengte nok ein makeover.


På Biltema hadde dei ikkje lys sprayfarge i hobbymaling, så eg kjøpte like godt bilmaling. Ei lita presenning fungerte bra som underlag for sprayinga. Undervegs fann eg ut at stolen hadde fleire sider enn eg var klar over, spesielt under;) Men etter nok vridning og vending fekk eg dekt det meste. Metallkanna fekk seg ein omgang også.


2-3 strøk måtte til for å dekkje, og eg måtte investere i ein boks til med billakk. Men stolen blei i alle fall mykje betre;) Eg håper lakken held.


Puta er det aller første lappeproduktet til Birgitte på symaskina. Det var nok i tidleg barneskulealder, og allereie då var ho veldig nøyaktig. Eg hjelpte til med kutting av lappar og litt småtips undervegs, men sying og stryking stod ho for sjølv.  Eg synst puta er koseleg, men eg har fått beskjed om å lage ei ny til stolen;)

tirsdag 17. juli 2012

Meieribakken


Meieribakken er ein liten huskrull med tre hus. Ved vegen og innkjørsla, likar vi å pynte opp med blomster om sommaren. Då blir det kjekkare for postfolket og andre som dreg forbi også;)


Meieribakken har fått namnet fordi det låg eit lite meieri her i gamle dagar;) 


Så meierispann og mjølkespann må vi sjølvsagt ha.


Og her har vi dei kjekkaste og greiaste naboane. Alle har vaksne barn no, men ei stund dreiv vi meieri samtidig i kvart vårt hus;)


Eg har denne krukka ved inngangspartiet. Her var den nyplanta i juni.


Og her er den i juli. Sommaren kan ikkje ha vore borte vekk likevel.


Denne veggkrukka blei planta i etter alle kunstens reglar i juni.

I juli er den absolutt ikkje presentabel. Eg får aldri noko til å trivast oppi der, så neste år trur eg det må bli kunstig! Eller kanskje den bør flyttast pga. for mykje trekk..

mandag 16. juli 2012

Festival og sydd kort


Midsundfestivalen, som alltid er helga før Molde Jazzfestival, er over for i år. Eit flott opplegg med varierte aktivitetar og flinke artistar. Tusen takk til staben som står på for å arrangere dette i vår lille kommune.

I morgon er det opning av Molde Internasjonale Jazzfestival.  Onkelen min, Kikkan Sættem, var med å starte festivalen i 1961. Han var jazzpresident dei 20 første åra, og har gjort mykje for byen.  Denne veka sydde eg dette kortet til han og tante, for no fortjente dei ei oppmuntring. 
Som barnevakt heime der i festivalveka på 70-talet, har eg mange minner, som f.eks. å få bli med til flyplassen og hente artistar, komme inn bak scena på konsertar og vere med på tilstelningar. Og eg kjem aldri til å gløyme alle blomsterhelsingane som kom heim dit. Det var vanskeleg å finne nok vasar.



Folkelivet i byen i jazzveka er heilt spesiell. Kvar dag er det streetparade med jazzlosjen og dansarar. Og i mange år har Uncle Lionel Batiste gått fremst med sin blide, vevre og rytmiske skikkelse. No er han død, og det blir markert med ein sermoni i opningsparaden i morgon. For nokre år sidan stilte han og jazzlosjen i parade under Midsundfestivalen, og då tok han meg opp på plattingen og dansa;)


Første dag går også den som skal opne festivalen fremst i paraden, og i år er det Midsundjenta Eldbjørg Raknes.  Før har opninga vore på Rådhusplassen, men i år er det ved det nyopna jazzhuset, Plassen.
I år skal eg i alle fall ha med meg opninga!
Desse rosene går til deg for å ønskje lykke til, Eldbjørg!
Dei går også til Zdzislaw Lech, som fekk utdelt Kongen Fortenestemedalje under Midsundfestivalen i dag. Han har gjort så mykje for musikkmiljøet, og fått fram mange artistar i Midsund.





fredag 13. juli 2012

Små kunstkort


 Dette er mine første ATC, -altså små, sydde kunstkort.


På baksida av papp, er det opplysningar om tittel, designer, namn og opplysningar.


Først laga eg ein bakgrunn av ulike materiale, og quilta ganske tett.


Skar så det heile opp i bitar på 2,5"x3,5". Då blir alle korta ulike, og klar til å dekorerast fritt;)


"Sorg"


"Rosetog"


"Håp"


"Vintermorgen"

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...