lørdag 29. april 2017

Rasterquick


Molde Quiltelag har hatt foredrag og kurs med 
Grete Gulliksen Moe. Det var både kjekt og lærerikt.


Vi lærte å sy på rasterquick, 
som er eit ruta underlag. 


Då blir det enklare å få alt fint og nøyaktig.


Vi lærte også å sy ramma med dukhjørner, 
og finessar for å få lukkekanten til å legge seg fint.


Her er nokre av modellane frå foredraget.


Og her er modellane som deltok på kurset :-)
Kjekt og lærerikt var det. 
Grete er bakerst til høgre, og eg i midten med gult skjerf :-)


fredag 21. april 2017

Årets tristaste dag


21.april er ein trist dag i vår familie. Den siste dagen min søster var 13 år,
mista ho livet på fjelltur. På 14års-dagen blei ho lagt i kista.
Denne vakre brikka med hardangersaum har ho brodert. 
Den er eit kjært minne for meg.


Rundt bestemor si symaskin har eg både englar og gode minner.

 

Der ligg også denne nydelege brikka.


Fint og nøyaktig brodert, og med holsaum rundt falden.
Ho var så flink trass sin unge alder.


Eg tok med ein blomsterbukett til min mor i dag.


Ho hadde tent lyset i denne, som er laga som minne.


Så var eg på grava og planta litt blomster. 
Det er ikkje så mykje som tåler å vere ute endå, 
men det blei fint.



Sorga vil alltid vere der. Godt å kunne minnast. 
Dette innlegget laga eg eit tidlegare år.

fredag 14. april 2017

Høne Pøne


Eg kjøpte mønsteret Høne Pøne av Timotei
Syns disse hønene er så sjarmerende og koselig.
Mønsteret var veldig greit å bruke.


Mine høner blei nok ekstra fargerike. 


Men desto enklare er dei å få auge på.
Eg applikerte på nebb og hakelapp med knapphullsting.


Dette paret ropte på mi svigerinne, som hadde bursdag i går,
så dei forsvant dit. Må nok lage fleire, ja. Veit aldri kvar dei tek vegen.


"Hane Pane måtte glane", var uttrykk vi brukte i min barndom.  
"Høne Pøne måtte skrøne", var svaret tilbake. 
Fortsatt god påske.

lørdag 8. april 2017

Påskeløpar


For mange år sidan sydde eg denne påskeløparen, 
og til kvar påske kjem den fram i lyset.


Fleire lag stoff blei skjært fritt. 
Stoffbitane skifta plass før samansying. 
Ei svart stripe blei felt inn, og ein svart sidekant samlar det heile.
Morosam og kjapp teknikk.


Quilta litt på kryss og tvers. Det ga ein fin effekt.


Sidan det er påske, fekk nokre kyllingar flytte til inngangspartiet.


Jammen har ikkje eit par egg gøymt seg også.


Men med nærare ettersyn så kom det tydelegare fram.
Det er nok påskeharen som har vore på ferde.


Molde Quiltelag feira 25 år denne veka, og då måtte vi sjølvsagt 
pynte og gjere ein del ekstra ut av møtet. 
Her er løparen min og ein nydeleg dekorasjon laga av Marit Sande Iversen.

Riktig god påske til deg som kikkar innom meg.


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...