lørdag 30. juni 2012

Art og eigen design


Tusen takk fine kommentarar, og for at det er så mange som vil vinne hylla eg vil gi bort;) Måndag kveld blir det trekning, så det er endå litt tid om fleire vil henge seg på;) Velkomne til nye følgarar!!

Eg likar veldig godt å lage mitt eige, og at ting ikkje blir så lik. Derfor hallar eg nok meir og meir mot art og frie teknikkar. Då er det godt å ha grunnleggande teknikkar, applikasjon og sying av blokker i botnen. Alt kjem til nytte før eller seinare, og eg er så glad for alt eg har lært, og for alt og alle som inspirerer meg;)


Dette biletet er laga med inspirasjon og utgangspunkt i eit blad frå ei gardin. Så har eg leika meg litt med ulike stoffbitar, band, fjør, og sjølvsagt stoppefoten;)

tirsdag 26. juni 2012

Blogglotteri med meg


Endeleg kan eg invitere til blogglotteri, eller Give Away;) Eg annonserte det då eg hadde hatt 10.000 besøk, men så forsvann følgarfunksjonen med meg. No har eg blogga i nesten 6 månader,  hatt ca 14.000 besøk, fått 676 koselege kommentarar, og har 64 kjekke følgarar. Tusen takk til alle som stikk innom bloggen av og til, og ikkje minst til dei som legg igjen gode og oppmuntrande ord! Eg føler at eg har blitt "kjent med" mange flotte personar. Derfor vil eg no lodde ut denne hylla/veggdekorasjonen. 
Hylla på toppen er ca 45x10 cm, og høgda på det heile er 31cm.


Dette er ein del av naturprosjektet mitt, så derfor har eg brukt både stoff, tråd, greiner, bark, perler og garn. Eg var spent på om eg fekk til fuglen på ein pinne, som står rett ut , og det gjekk bra;) 




Har du lyst å vinne? Eg har laga denne til ein/ei som legg igjen ein kommentar på dette innlegget. Alle kan delta, og trekninga blir måndag 2. juli kl 21.00.  Reglane er slik: 


1 lodd for å skrive ein kommentar. (Anonyme må skrive e-postadresse, så eg når deg om du vinn;)
1 lodd for å vere / bli følgar på bloggen min.
1 lodd for å linke til meg på bloggen din. Bruk det øverste biletet. (Eller dele på anna måte)
1 lodd for å legge meg i bloggrullen din.

Skriv kor mange lodd du tar;) No er eg spent på kven som blir eigaren! Gleder meg;)


lørdag 23. juni 2012

Søt musikk


Kva skulle eg finne på i bryllupsgåve til to godt vaksne kollegaer som hadde gifta seg? (Ikkje med kvarandre altså;) Begge er musikkintresserte og kjem frå lengre sør i landet, så løysinga blei to like tennbrikettboksar med stoff som minner om musikk, jazz og rosenes by.


Stoffa er sydd saman, fora med vatt, og dekorert med blondar, garn og tråd.




Og påskrifta "søt musikk" mellom to gullhjarte;)


Så er det berre å skive på korta med ønskje om eit langt og varmt ekteskap:)

fredag 22. juni 2012

Blogghjelp for følgarfunksjonen


Lykkeleg over å ha fått tilbake følgarane mine, vil eg her prøve å legge ut ei enkel forklaring, slik at fleire også kan få hjelp. Då kan du følgje denne engelske linken, som Sylke tipsa meg om.
Eller denne norske forklaringa, som Raymond har vore så snill og laga for meg:


1. Gå til INNSTILLINGER under UTFORMING


2. Endre/rediger Bloggadresse som står under PUBLISERING. Legg bare til en ekstra bokstav i adressen
   f. eks: ednysinepuslerierR.blogspot.com. Så trykker du lagre.


3. Skriv inn den NYE adressen til bloggen i adressefeltet. (Den gamle adressen virker ikke enda)
   Nå skal følgerne være kommet tilbake!


4. Logg ut.


5. Gå tilbake og logg inn igjen. Så gjentar du steg 1 og 2, MEN endrer bloggadressen tilbake til
   den opprinnelige gamle adressen. Trykk lagre.


6. Gå og sjekk bloggen din igjen. Nå skal alt være i orden igjen!


VÆRSÅGOD!

Veit du andre som har mista følgarane sine, så er det berre å tipse om dette innlegget;)
Og no når følgarfunksjonen er tilbake, kjem snart blogglotteriet / Give away`en, som eg lova for ei god stund sidan.

Hekla pute


Sjå den kjempefine puta som snille Solveig med bloggen Sols(tr)ikke har hekla til meg!! Den er så lekker;) Og her har eg brukt hennar eige bilete, som ho brukte då ho la ut Give awayen, for å markere 5 år som bloggar. Pakken med putetrekket kom i posten i dag. Tusen, tusen takk! Besøk henne, for ho har ein super blogg;)

Og så har eg endeleg fått fram FØLGARANE mine igjen!!! Snille Sylke har jobba med saken og tipsa meg om ein link. Og det fungerte!! Forklaringa kjem snart i eit eige innlegg;) Tuusen takk!! Eg er så glad for at det var nettopp Sylke som fekk premien min for å legge inn kommentar nr 500;)  






tirsdag 19. juni 2012

Stipendiatvinnar


I dag kom siste utgåve av Norsk Quilteblad i posten, og kvar gong er det som julaftan for meg. Kan nesten ikkje vente med å opne og sjå på innhaldet. Men i dag stod ei overskrift; Stipendiatvinnar 2012: Edny Raknes Reiten. Det er jo meg! Eg visste det skulle komme, men tenkte ikkje på det då eg opna bladet. Men stipendet for å prøve ut naturmateriale i quiltinga, er veldig inspirerande for meg. Så derfor kan det passe med ei lita oppdatering og oversikt no, for det kjem kanskje nye quilteinteresserte innom, sidan bloggadressa mi stod i bladet. Og alle er velkomne, -både gamle og nye lesarar.

Eg har samla meir enn to stappfulle putekasser med ting frå naturen, har lagra eit lass med idear i topplokket, sydd ein god del prøvelappar, og laga nokre ferdige produkt. Blant anna denne engelen, som kom dalande ei natt;)



Ved hjelp av stoppefoten, er engelen dekorert med tråd mellom greiner, og har fått ein blonde på kjolen. Englar skal komme i fleire versjonar etterkvart.



For nye lesarar tek eg med eit par andre ting eg har vist tidlegare. Denne tennbrikettboksen, som fekk tittelen "eplet fell ikkje langt frå stammen", laga eg i gåve. Den kan du lese meir om her.



Og dette skiltet til Fru Rosas Landhandel, kan du sjå meir om her.

Det er så forargeleg at følgarfunksjonen på bloggen endå ikkje er i orden, så derfor er eg er framleis veldig interessert i gode råd og tips! Og eg sett veldig stor pris på kvar einaste kommentar som blir lagt igjen;) Har du eit forslag til kva eg kan lage med ting frå naturen også, så blir eg hoppande glad!


søndag 17. juni 2012

Luer, både strikka og hekla


Eg har alltid hatt lueskrekk, og nesten aldri turt å vise meg med lue, for då føler eg meg så rar. Jakke med hette har derfor vore ein favoritt, for eg likar ikkje å fryse. Mor mi, og andre i slekta har det likedan. Men så har eg ei datter som elskar luer, kler luer, brukar lue, og ikkje minst produserer luer. Ho har jobba iherdig med lueproblemet mitt i mange år, og eg veit ikkje kor mange modellar ho har prøvd på meg. Så i vinter blei det endeleg klaff! Og då fekk eg to luer på forskudd i bursdagsgåve;) Ei Stafflue og ei flettalue.


Tru det eller ei, men eg har brukt dei mange gonger! Tusen takk Birgitte! No slepp eg å fryse neste vinter også;) Eg har lånt bileta frå dette innlegget på Birgitte sin blogg. Der forklarar ho meir både om desse og andre luer. Men ho driv med mykje meir enn lueproduksjon, så eg vil anbefale ein rundtur med Birgittes forglemmegei. Og hels gjerne frå meg;)

Kreativ e-bok, elektrisk og skjerf



Eg har hatt slik til blogg-vinnarlykke den siste tida! Derav overskrifta;) Det starta med at eg blei den heldige vinnar av ei kreativ e-bok hos søte Tina Dalbøge. Ho må vel vere den mest kreative eg veit om. Snakk om å vere oppfinnsom!! Sjekk bloggen, så ser du;) Ho deler villig vekk. Og til venstre på sida, ligg denne e-bok-shoppen.


Kort tid etterpå fekk eg ei triveleg melding frå Anette med bloggen Opalveien, om at eg hadde blitt trekt ut med eit gåvekort på kr 500 frå White Away! Jippi! Der er det mykje eg kan tenkje meg, men er ikkje bestemt på kva eg skal ta endå. Sjekk utvalet då! Og gå inn på den herlege bloggen til Anette! Der er så mykje fint og inspirerande. Eg fall pladask for 17.mai-menyen;)


Og i går fekk eg melding frå Kirsten med det forlokkande bloggnamnet Casa Idylle, at eg hadde vunne eit skjerf! Det ser kjempefint ut, så eg gleder meg til å få det i posten;) Gå inn på Kirsten sin blogg, for der er det noko for ein kvar smak! Variert og fint. Med så mykje vinnarlykke dei siste vekene, kan eg heller ikkje vere trygg for telefon frå Norsk Tipping på Hamar;) I tilfelle veit eg ikkje om eg tør å blogge om det;)
Men endå har eg vunne to gonger til! Det kjem når eg får premien;)


fredag 15. juni 2012

Jubileumstur til Nordfjord


Molde Quiltelag fyller 20 år i år, og det skal feirast på mange måtar. Vi har hatt marsipankake på møte, vi skal ha kurshelg og jubileumsmiddag 14.-16. september, og forrige helg reiste 22 stoffgalne damer på jubileumstur til Nordfjordeid. Vi var kjempeheldige med veret, så det blei ein kvil på verandaen før det var pizza og sosialt samvær på hotellet.


Laurdag var først sett av til eigenpleie, -dvs shopping. Og for eit sjarmerande og triveleg sentrum! Butikkar med sjel både ute og inne, og flotte lappeteppe ved rasteplassen.


Denne uroa ba om å få bli med heim! Og det fekk den;)


Utanfor den eine quiltebutikken fann vi denne koselege klemmekroken. Og inne var det gåver, stoff, og servering kake og saft.


Ved den andre quiltebutikken fall eg pladask for dette skiltet. Og inne var garn og alt ein quiltar kan drøyme om av stoff, bøker og utstyr.



På ettermiddag skulle vi møte Norfjord Quiltelag ved Gjerdane barnehage. Og quilteteppe over heile området møtte oss då vi kom. For ein velkomst!! Og vi måtte helse på alle teppe og ting før vi helste på vertane... Det var kanskje uhøfleg, men eg håper dei såg vår begeistring!


Det var så overraskande, fargerikt, artig og fint.


Og fleire flotte ting var å finne på bord og veggar. Vi hadde også med oss fleire ting kvar til vis og fortell.


Midt i dette eldoradoet var det herlegaste kakebord.
Dei har til og med lagt ut oppskrifter på bloggen sin. Og eg kan skrive under på at alle smakar nydeleg;)


På turen til Nordfjord fekk alle utdelt ein pose med "veldig-kjekt-å-ha-ting". Regncape, motivstoff, penn, kart m/program for helga, kort av Moldeteppet, knappar, plaster, fingerbøll og sjokolade.


Og litt ekstra forsikring. Eg både såg, handla og kosa meg heile helga, så denne angrepillen har eg til seinare. Det var kanskje dei som var heime som skulle fått angrepillen, for alt var berre topp frå start til slutt;)
Håper vi kan treffe desse trivelege quiltedamene igjen. Kanskje i kurshelga i september?
Eller Vestlandstreffet i Molde neste haust?

mandag 11. juni 2012

Frieri


Eg blei inspirert av Knut Jørgen Røed Ødegaard si oppfordring om frieri under Venuspassasjen 6.6.-2012, og det er over hundre år til neste anledning..


Denne flotte karen har gjort seg klar og ventar under fullmåneskinet. Med sommarfuglar i magen og rosa parat, ventar han spent på soloppgangen.


Den utkåra ser blygt ned, men takka ja til frieriet, rose og smykke medan Venus starta på sin passasje forbi sola;) Måtte dei leve lykkelege alle sine dagar!!!

tirsdag 5. juni 2012

Veske av vest


For nokre år sidan hadde Molde Quiltelag ei utfordring/konkurranse, der dei som ville delta fekk ein bit gult stoff. Det einaste kravet var at det skulle brukast til ein blomst. Så då kunne vi lage kva som helst frå nålepute til sengeteppe, og eg enda opp med ei redesigna veske av ein romslig vest med glidelås og lommer. Og eg brukte absolutt heile vesten;)


Blomsterblada er vrengsydd, og pynta med stoppefoten, garn, metalltråd og perler.


Baksida er pynta med stoppefoten, garn og perler.


Inni veska er også lommer frå vesten, resten av det gule stoffet og eitt stoff til for å få stort nok for.
Ringen er til å klipse fast nøklane i.

Eg har endå ikkje fått fram følgjarane på bloggen;(  ;(  Alle gode råd er prøvd: Skifta mal, lagre følgjarane inne på profilen min, og sletta følgjargadgetten på bloggen min. Det var veldig skummelt, men heldigvis ser eg at dei endå er inne på profilen min!!
Eg har prøvd å lagre dei på nytt mange gonger, restarta maskina og prøvd igjen, men det kjem berre fram at websida ikkje kan visast. Håper det berre er ein barnesjukdom sidan bloggspot blei endra...
Så er det nokon som har fleire råd, tek eg imot med opne armar;) Eg vil ha følgjarane på plass før eg opnar blogglotteriet.
Og under leiting og prøving har eg klikka litt her og der, så bloggen har blitt litt blanda av den eine og den andre stilen, men eg skal prøve å få eit heilare system etter kvart.

søndag 3. juni 2012

Ednys søndagsfrukostsalat


Eg har lova premiar og blogglotteri, og det kjem, men eg vil vente til sida mi er i orden igjen. Feltet med følgjarar er borte, og det står "finner ikke websiden". Er det nokon som kan hjelpe meg??

Tusen, tusen takk til alle som har lagt igjen triveleg ord under innlegga inne. Eg blir så glad kvar gong det dukkar opp ein kommentar i bloggen min. Når eg opnar for å lese kvar kommentar, er det som ein unge som forventningsfullt opnar pakken sin;)

Det pøsregnar og er surt og kaldt ute, så i staden for å gå tur, fann eg fram diverse frå kjøleskåpet og laga ein salat til frukosten. Eg brukar sjeldan oppskrift, men denne blei så bra, at eg vil skrive den ned, og då kan eg no dele oppskrifta med fleire. Alt er ca-mål!

Bland ca 1/2 beger Creme fraiche, 1/2 pakke majones, litt saft frå lime eller sitron, pepar, litt sukker, urtesalt og ca 2ss lodderogn i ein bolle. Finhakk 1/4 agurk, 1/4 paprika, ein liten bit chili, grasløk og 4 egg. Del nokre druer i fire, skjær 1 pk crabsticks i bitar. Bland alt.


Det smakte kjempegodt på heimlaga brød, som eg fekk med naboen i går;)
Om eg ikkje har det eg treng når eg lagar noko, byttar eg det berre ut med noko anna. Mais, reker og litt purreløk trur eg forresten ville ha passa godt i denne salaten.


Og så vil eg slå eit slag for porselenskniven frå "Porsgrunds Porselænsfabrik". Den er heilt super å skjære frukt, salat o.l. med. Den glir f.eks. rett gjennom druene, som eg har lett for å skvise med ein vanleg kniv. Epler, issalat o.l. blir ikkje så snart brun. Og den er såå god til å dele f.eks. rå kylling- og fiskefiletar i bitar. Men NB!! -den må vaskast for hand, brukast på plastfjøl og oppbevarast i dekselet for å halde seg skarp.

Ønskjer alle ein fin søndag, og så kjem eg med premiar så snart sida mi er i orden;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...