onsdag 31. desember 2014

Prøysenåret er over


"HJELP! Er det 2014 allereie?", var overskriften til årets første innlegg, 
og Teskeikjerringa sin innledning til
Prøysenåret, som no er over. Men Alf vil nok følgje oss vidare både i jul og kvardagar framover også.

Dette flotte nisseparet fekk vi i julegåve i år, og dei er eit flittig par.
"Nå har vi vaska golvet, og vi har børi ved."


"Nå sett vi øss og hvile og puste på ei stund,
imens je rugge vogga, så bror din får en blund."


Og tel og med tre vise menn – dom rei i flere da’r
og ingen visste vegen og itte ’hen det bar,
men stjerna sto og blonke på himmelhvelven blå
så ingen ta dom gikk bort seg og alle tre fekk sjå.

Ja, det var fyste gongen som julestjerna brann,
men sea har a brønni i alle verdens land,
og såmmå å som hende er stjerna like stor
– du ser a over taket der a Jordmor-Matja bor.
(her: der gode naboer bor;)


Snekker Andersen er klar til å glede julenissefamilien.


Aldri før har dei hatt så kjekk ein julekveld.


En skulle vøri fire år i romjul’n
og kjint ei jinte som var nesten fem,
og begge skulle kledd seg ut med masker
og kømmi julbokk tel et bæssmorhem.



Og klokka skulle vara midt på dagen
og vægen skulle vara lett å gå,
og æille bikkjer skulle vara inne
og æille biler skulle bære stå.

Prøysen har fulgt meg dette året gjennom fleire innlegg. 
HER er nokre av dei.

Alf Prøysen skreiv så godt og fekk det enkle og sparsommelege til å sjå så fint ut. 
Til og med musefamilien fekk ei fin jul av han. 
Der var det kreativitet og redesign.
"Og musefar han trekte frem ei støvel utan tå.
Den pynta dei med spindelvev og småspiker og sånt.
Og så sette de en fleskesvor i hempa på`n.

Visst ingen går i fella, men passer seg for den,
skal alle snart få feire jul igjen.

I morgon startar eit nytt år
"med blanke ark og fargestifter til".

I romjula labba det ned med snø, og i dag på nyttårsaftan viste gradstokken 11 grader pluss.
2014 var eit fint vérår med lite snø og ein varm sommar.
Så får vi sjå kva 2015 vil bringe,


tirsdag 30. desember 2014

Kongletørking, kransar og bjørkehjerte


Eg fekk bestillingar på fleire konglekransar før jul, og det er no kjekt. 
Men så hadde eg ikkje så mange kongler igjen etter at forsøka mine var over, så då var det ut i skogen og leite. Men det var ikkje så lett som eg trudde. Furukonglene var små, våte og godt gjemt. 
Det blei visst ein del likevel. 


Då måtte steikomnen bli redninga om eg skulle kome i mål, 
men det hadde eg ingen erfaring med frå før.


Konglene blei fordelte i fleire langpanner med bakepapir og sett inn i omnen på 50-60 grader.
Det tok ikkje så lang tid før dei blei lysare, tørrare og gladare;)


Det var litt artig å følgje med sjølv om det stanka våt og tung skog over heile huset.


Etter 4-5 timar hadde dei fleste konglene opna seg. 
Då var det rensing og sortering før kranselaginga kunne starte.


Først var kjøkkenet okkupert av kongler, og dei neste dagane var vaskerommet 
okkupert til liming og måling. Hekling blei gjort på ferga og i andre ledige stunder.
Litt forskjellige blir dei pga form og samansetjing av konglene.


Så kunne kransane bli adoptert til sine heimar.


Og der håper eg dei har det bra i mange år.


Eg hadde også bestillingar på nokre bjørkehjarte.


Dei har nok også funne seg til rette i sine nye heimar no.

Det er første året eg har laga slike ting, og eg reknar med at det blir fleire til neste jul også.
Mykje rot, men veldig kjekt;)

mandag 29. desember 2014

Forming for barn


Når kalenderen viser slutten av november, er det på tide å få fram modellar
til julegåver og -pynt på formingsrommet. 


Som ansvarleg for forminga på skulen, likar eg å kunne inspirere både eigne elevar og andre vaksne som treng idéar til sine grupper.
Og mange stikk også ofte innom formingsrommet for eigen interesse;)


Kanskje kan eg også gi litt inspirasjon og småidéar til deg som er innom bloggen min på besøk?


I løpet av desember dukkar det opp nye modellar litt etter litt, 
Det er i førjulstida eg er mest produktiv.  Men det blir alltid for lite tid til alt eg får lyst til, 
-både på jobb og privat.


Slike snømenn låg under mange juletre i år.
Det var artig å sjå kor forskjellige uttrykka blei sjølv om utgangspunktet var likt:)


Barn er glade i å gi sjølvlaga ting, og med forseggjort innpakning blir det ekstra kjekt for den som får.
Derfor skal du her få ein idé til gåveinnpakning også. 
Her har eg bretta ein stor gråpapirpose, og barnet fekk farge nederste del med ulike grønfargar.


Så fekk dei lime på ferdigutstansa tre. Dei kan også klippe enkle tre sjølve. 
Merkelappen stansa dei ut i kartong og laga hol med ei holmaskin. Til og frå på eine sida og klistremerke på andre sida.


Så var det å putte den eigenproduserte gåva i posen og knyte igjen. 
Heldig den mor, far, bestemor eller tante som fekk ein slik pakke frå godungen;) 

Som oftast passar eg på at tinga blir merka med namn og årstal. Det er kjekt å sjå tilbake på om nokre år.




søndag 28. desember 2014

Jul for alle


Når heile huset er i julemodus, så må hunden også få litt stemning. 
Derfor blei dette paret plassert på veggen over matskåla.


Når eg tenkjer meg om, så har dei blitt godt vaksne no.
Dei blei laga som modellar til 1.klassingane eg hadde på Midøy skule i 1995.
No held dei Bianca med selskap under matøktene.


Og tørrforet glir ned på høgkant.


Birgitte held på tradisjonar og steiker krumkaker etter bestemor si oppskrift. 
Jammen smakte dei fortreffeleg i år også;)

fredag 26. desember 2014

Koselege innpakningar


Eg er så glad i det lille ekstra på innpakningane, både når eg gir og får. 
Det treng ikkje å vere mykje arbeid eller koste så mykje. At naturen er med er vel ikkje så overraskande. 
Slike pakkar har eg laga mange av.
Det er berre ein stor gråpapirpose som er knytt med to ulike band. Det tynne lysebrune er ikkje så godt å sjå her. Til bandet er det festa ein furukvist, eit par kongler og ein koseleg lapp. 
Lappen er gjenbruk. Eit englemotiv er lima over tidlegare skrift og pynta med ein blonde i nedkant.


Denne er pakka med fleire lag tynt englepapir. 
Chifonband, furukvist og ein lapp med ei enkel stjerne pyntar opp.


Denne posen var innpakninga til gåva eg fekk frå Janne. Ho har alltid så koselege gåver.
Her er den fotografert på hobbyrommet, og hjerte-englevingane i bakkant frå høgre, er frå henne eit tidlegare år. Artig at dei blei med her.
Posen er pynta med ei sinkbjelle, hyssing, kongle og furukvist. 



torsdag 25. desember 2014

Tilslørt juleskinke og tilslørte bondepiker

Eg likar å lage ting utan mønster, og eg likar å lage mat utan oppskrift. Det blir litt "man tager hva man haver" og "en dæsj og en slump" av diverse. Derfor blir rettane forskjellig frå gong til gong.
På julaftan var vi og min eldste bror med familie samla til nydeleg pinnekjøtt hos min mor på 86 år. 
I dag på 1.juledag blei middagen overraskande god, så det må dokumenterast slik at eg finn tilbake til idéen. 


Sidan det stort sett går på ein slump, så er alt i oppskrifta ca-mål. 
Sett steikomnen på 225 grader. 
Små mandelpoteter blei sett på koking i lettsalta vatn. Etter ei stund fekk gulrotbitar koke med. 
Godt med olje i langpanna og dryss med sitronpeppar og fingersalt.  
Damp godt innhaldet i potetgryta før alt blir tømt oppi langpanna saman med ein grovhakka lauk.
Bland det godt rundt i oljeblandinga. 
I eine sida av langpanna la eg tjukke skiver av kokt juleskinke. Dei blei tjukt pensla med ei blanding av ein eggeplomme, ca 2 ss sennepsaus, 1-2 ss sirup og ca 3 ss finhakka mandlar. 


Inn i steikomnen i ca 15 minutt til det blir gyldent. 
Imellomtida er det tid å lage sirupsaus. Sirupsaus er ein tradisjon til pinnekjøttet, som min svigerinne har ført inn i familien, og det smakar godt til anna salt kjøtt også. 
Her er min forenkla versjon i dag: alt ca-mål!!
2 ss maizenna, 2 dl kremfløte, 3 dl vatn og 1 Fond Cup oksebuljong (eller ein buljongterning). 
Kok til fyldig saus. Smak til med peppar og 2ss sirup. 

Alle sin dom var: Kjempegodt!


Og kva kallar ein ein oppdikta og tilfeldig rett? 
Inspirert frå julekveldens dessert blei det "Tilslørt juleskinke". 
Eg var dessertansvarleg i går, og då laga eg bl.a. Tilslørte bondepiker. Hugsar ikkje sist eg gjorde det, men no laga eg eplemos av epler frå tante sin hage, og då passa det så godt. I staden for kavringblanding, steikte eg havregryn, smør og sukker. Mot slutten tilsette eg knust Bixit-kjeks og kanel. Godt blei det også;) 

Jul er tradisjon, men samtidig er det kjekt å prøve noko nytt.


fredag 19. desember 2014

Kjekt å glede andre, både med kalender og gåve.


I går kveld var denne engelen ferdig og klar til å reise vidare for å glede andre.


I dag hadde eg den glede å overrekkje både engelen og ein sjekk under julefesten på Tøndergård skole og ressursenter i Molde. Før dette hadde elevane framført eit flott program med musikk, dans og teater. Det er så kjekt å sjå gleden dei viser ved meistring av nye ting.


Krisesenteret for Molde og omegn fekk kr 10.000 frå ansatte ved Tøndergård. Vi ønskjer at pengane skal brukast til aktivisering av barn som er der. Det trur eg vil glede foreldra også, for det er vanskeleg å sjå at barna må lide i tillegg til at dei har det vondt sjølv.
Og eg ville også gi senteret ein engel med lys som eit minne. Forhåpentlegvis kan den glede både tilsette og alle bebuarar som er innom der.


Det heile har utgangspunkt i ein adventskalender eg starta for personalet på arbeid for to år sidan. 
Då laga eg ein del småting, og dei som ville prøve å vinne, kunne skrive seg på ei liste. 
I fjor blei eg med på Lappe-Grete si bloggutfordring om å skaffe pengar til forskning på brystkreft, og då knytta eg det til adventskalenderen. 
Mange kollegaer ønska at vi skulle ha adventskalender i år også, og vi blei einige om at inntekta skulle gå til Krisesenteret. Folk stilte opp med premiar og betalte 100 kr for å bli med i trekningane. Påmeldinglista ligg på bordet, og lista med premiar og vinnarar heng på veggen. Kr 4.800,- kom inn på kalenderen, og samtidig blei det bestemt at julegåva til ansatte også skulle gå til Krisesenteret. Dermed kunne vi gi kr 10.000,- til saman.


Krisesenteret er så viktig for mange rundt oss, og eg hadde lyst å lage ein ting som minne i tillegg til pengegåva. Her ligg engelen klar til sluttmontering.


Då er den klar for å lyse for mange som dessverre har vonde og vanskelege opplevingar. 


Eg veit at dit kjem folk med både utvendige og innvendige sår og riper, og derfor kan denne rekvedfjøla vere symbolsk. Dei treng å oppleve både tryggleik og kjærleik. Det kan både engelen og tilsette der bidra med.


Dei som jobbar med sårbare personar, må utstråle godheit og ha eit stort og romsleg hjarte.


Og alle ber nok både på ønskje, håp og draumar.


På undersida av fjøla har eg skrive ei helsing.


Det er kjekt å både gi og få. 
Og eg veit at leiaren for Molde Krisesenter, Ingrid Horsgård, vil forvalte pengane slik at barna som kjem dit skal få gode opplevingar. Ho gjer ein strålande jobb saman med sine medarbeidarar. 
Både dei, og vi som jobbar på ein spesialskule, har med sårbare personar å gjere. 
Dei treng all den hjelp og forståing dei kan få. 








søndag 14. desember 2014

Tips til rosegåver


Blomster er alltid kjekt å få, 
men det tek tid å finne vase, beskjære og rydde opp. 
Her kjem eit par tips til enkle og sjølvlaga "vasar" som kan følgje blomstrane. 
Eg er glad i å bruke tomgods til redesign.


Her har eg brukt ein tom hermetikkboks. 
Først har eg limt eit passande stoff rundt boksen.
Så vart det limt eit band i nederkant. 
Øverst er det eit par runder med hyssing før endane blei knytt til sløyfe. 
Og hyssingendane har fått ei lita stjerne.
Så blei boksen fylt med vatn, kutta roser og små furukvistar. 
Så kunne mottakar berre setje blomsterhelsinga rett på bordet.


Ei flott dame på skulen rundar 60 år, og ho skulle få ei rose frå kvar elev i gruppa.
For at rosene skulle halde seg resten av dagen,laga eg ein vase av eit tomt kaffeglas.
Det er spraya med frostlakk og fylt med oasis.


I fronten er det ein gnikkis med tekst og eit klistremerke.


Toppen har fått fleire runder med hyssing,


I endane av hyssingen er det pålimt filtkuler.
Så blei roser, furukvistar og nokre kvistar stukke inn i den våte oasisen.
Etter ei stund begynte det å dryppe vatn av hyssingen. 
Eg limte hyssing heilt på toppen av glaset for å få det fint, men det var altså ikkje så smart. 
Hyssingen saug vatn frå oasiskanten og det trekte seg vidare, 
Så om du vil bruke vaseidéen min, skal du få sleppe å gjere same feil;)
Men eg blei fornøgd med prosjektet ellers, så det fekk berre stå si prøve.


Her er jubilanten med kort frå elevane, og ein dryppande blomsteroppsats med plastpose. 
Men med eit glasfat under, så går det nok bra. 
Mary er ei effektiv og flink dame, og det er i alle fall ingen som svelt i hennar nærvær, for lage mat det kan ho! Dennedagen var det både pizza og kaker å få.



LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...