mandag 29. desember 2014

Forming for barn


Når kalenderen viser slutten av november, er det på tide å få fram modellar
til julegåver og -pynt på formingsrommet. 


Som ansvarleg for forminga på skulen, likar eg å kunne inspirere både eigne elevar og andre vaksne som treng idéar til sine grupper.
Og mange stikk også ofte innom formingsrommet for eigen interesse;)


Kanskje kan eg også gi litt inspirasjon og småidéar til deg som er innom bloggen min på besøk?


I løpet av desember dukkar det opp nye modellar litt etter litt, 
Det er i førjulstida eg er mest produktiv.  Men det blir alltid for lite tid til alt eg får lyst til, 
-både på jobb og privat.


Slike snømenn låg under mange juletre i år.
Det var artig å sjå kor forskjellige uttrykka blei sjølv om utgangspunktet var likt:)


Barn er glade i å gi sjølvlaga ting, og med forseggjort innpakning blir det ekstra kjekt for den som får.
Derfor skal du her få ein idé til gåveinnpakning også. 
Her har eg bretta ein stor gråpapirpose, og barnet fekk farge nederste del med ulike grønfargar.


Så fekk dei lime på ferdigutstansa tre. Dei kan også klippe enkle tre sjølve. 
Merkelappen stansa dei ut i kartong og laga hol med ei holmaskin. Til og frå på eine sida og klistremerke på andre sida.


Så var det å putte den eigenproduserte gåva i posen og knyte igjen. 
Heldig den mor, far, bestemor eller tante som fekk ein slik pakke frå godungen;) 

Som oftast passar eg på at tinga blir merka med namn og årstal. Det er kjekt å sjå tilbake på om nokre år.




4 kommentarer:

  1. Selvgjort er velgjort :) Jeg jobbet på SFO i mange år, og har laget mange maler og modeller til julegaver. Stor stas :) Mye fint hos dere ser jeg! Ha en fortsatt fin uke :)

    SvarSlett
  2. Du må vere ein draumelærar, du som er så kreativ og full av gode idéar.
    Eg er så heldig å få skølvlaga julegåve frå barneborna kvart år. Det er alltid kjekt å sjå kor spente dei er på kva eg meinar om gåva.
    Eg tenkjer at det er mange flinke lærarar og assistentar i skule og barnehage,

    SvarSlett
  3. Så artig å se hva du inspirerer oss andre med, og dine elever er kjempeheldige som har en sånn kreativ lærer som deg :-)

    SvarSlett
  4. Hei Edny...du er jo så kreativ, og sikkert kjempeflink til å lære bort også...ha en fin kveld og god nyttårsfeiring i morgen....

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...