torsdag 26. januar 2017

Diverse elevarbeid



Bladde litt i gamle bilde, og då kom det fram elevarbeid
frå nokre år sidan. 
Her er ei mobilveske.


Pute i redesign med broderi.


Baksida blei lappa saman av restane av buksa.


Veving i gitterstoff.


Utprøvingar med symaskina.


Papirklipp etter idé frå nettet.


Mobilveske med lomme.


Ho blei stolt over resultatet.

søndag 22. januar 2017

Snømannbilde for barn


I jobben  min har eg ein del forming med barn, 
og det er ei utfordring å finne aktivitetar der dei kan greie det meste sjølv. 
Demonstrasjon er like viktig som forklaring.
Snømannbilde fenga mange.


Først farga dei på kartong med kvit fargeblyant.
Så laga dei snøfnugg med Qtip dyppa i maling.


Snømannen er av bommullspad, der den eine er klipt litt mindre.
Kvistar til armar blei lagt under ved liming. 
Ein liten filtnase og prikkar med sprittusj til slutt.
Det blei mange sjarmerande uttrykk.


Alle fekk ramme og oppheng på sine kunstverk.


Nokre pynta litt ekstra.


Og mange fekk fine snømannbilder til julegåver.


søndag 15. januar 2017

Skjerf og gratis mønster


Må ta med dette fine skjerfet også i julegavevisningen. 
Det er tosidig og har en spennende struktur på hver av sidene.
Mannen min fikk det av Birgitte, og nå har hun laget mønster som gave til alle.
På bloggen Handmade by BiR finner du mer beskrivelse om skjerfet
og link til mønsteret på hennes Raverlyside.

lørdag 14. januar 2017

Handlaga julegåver del 3


Desse fine hekledukane fekk vi av svigermor til min sønn. Dei stiva med skumma mjølk, og skal ligge til tørk over natta. HER er eit innlegg eg hadde tidlegare om stiving av dukar.


Nærbilde av dei ulike dukane/brikkene.




Og her har dei fått plass på spisebordet.
Tusen takk, Lisbeth!


Og så fekk vi fine lysglas av vår svigerdatter.


Det er veldig fint lys når dei brenn, 
men det er så vanskeleg å få det frem på bilde.


Hun hadde laget noen søte, små magneter av treskiver også.
Tusen takk, Laila!

søndag 8. januar 2017

Englar i redesign.


Til jul fekk eg desse sjarmerande englane av snille Janne. 
Ho kjenner meg, og veit at eg likar både englar og redesign.
Dei fekk plass i kjøkkenglaset, og har vore 
vitne til mykje vér, -både regn, snø og blåst. 
Det er altså ikkje sola du ser bak i skogen.


Englane er laga av gamle dukar, 
og har verkeleg si personlege sjel.


Og baksida er frå ei blondegardin.


No er englane tatt ned, men skal absolutt få sin plass til advent. 
Denne skjønne snømannen hadde min snille svigerdatter laga til oss i fjor. 
No har han kosa seg saman med englane. 
Eg likar så godt vintermiljø, så den skal få vere her ei stund til.. 


torsdag 5. januar 2017

Strikka gåver


Eg var heldig og fekk fleire handlaga gåver denne jula også, 
og no vil eg vise det som var strikka. 

Like inn i adventstida fekk eg denne herlege flaskenissen frå ein kollega. 
Heilt uventa og overraskande, og med eit rørande kort til.
I tillegg skjuler den ei flaske.


Den karen er så fint strikka, tova og ordna til, 
med skikkeleg langlue og eit frodig skjegg.
Eg gleder meg allereie til å ta den fram igjen neste år. 
Denne nissen pyntar opp kvar som helst. 
Tusen takk til snillaste Bente Westad Sigerset.


Og litt seinare låg desse herlege strikkeklutane overraskande på pulten min. 
Så fine og så gode i bruk. Desse blir nok like kjekke neste advent og jul, 
og sikkert ellers i året også. 
Tusen takk til snillaste Mary Vågseter.


Og under juletréet låg ein pakke med denne flotte kosegenseren. 
Den har vore i bruk mange dagar allereie. Passa heilt perfekt og varmar så godt.
Den er sjølvsagt laga av Birgitte, som er ein mykje flinkare strikkar enn mora.
Eg har til og med brukt hennar bilete. Bianca er den perfekte fotomodell, og stiller alltid opp.


Genseren er strikka i beste luksusgarn. 
Meir om denne kan du finne på bloggen hennar, Handmade by BiR.
Ho lagar veldig mykje både til gåver, eige bruk og til salg.
Tusen takk for den gode og fine gåva, snillaste Birgitte!

Endå har eg fleire fine og handlaga gåver å vise. 
Det betyr at eg er i gang med blogging igjen.

onsdag 4. januar 2017

Nyttårsbord


Med nokre glimt frå nyttårsbordet, 
vil eg ønskje alle som besøkjer meg på bloggen, eit riktig godt nytt år!


Natur, sølv og mange lys.


Eg likar å prøve noko nytt frå år til år.


Granbar, kongler, roser, klementiner, lysglas, barkestjerner og dyr.
Heilt enkelt, men likevel frodig.


Og ein dekorasjon på enden,
med eit ønskje om eit godt bloggår. 



LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...