mandag 30. juni 2014

Vinnaren er klar


Tusen takk til alle som ville vere med på blogglotteriet mitt. 
Alle som har kommentert og delt både på blogg og på facebook, har fått sine lodd. 
Nummer og namn var notert på lange lister
Eg kjente spenninga i magen då eg lot random.org stå for trekninga for 
eit tilfeldig tal mellom 1 og 194. 
Det landa på 72, og der stod det Birthe. 

Ho står bak den flotte bloggen Birthes rom, og der er det så mykje fint!

Eg sender deg skiltet med glede når du kontaktar meg, Birthe. 
Min lille engel vil nok like seg godt med deg;) 

Og eg skulle ønskje at eg kunne sende ein engel til fleire, men det må nok bli ein gong seinare. 

Problemet eg hadde med visning av andre bloggar, har heldigvis ordna seg. Forstod at det var noko som fleire hadde merka. 

Riktig god sommar til alle som kikkar innom. Eg blir veldig glad for alle besøk, og ikkje minst for hyggelege kommentarar.

lørdag 28. juni 2014

Snart trekning


Minner om at det snart er trekning på min give-away. 
Alle som kommenterer og deler før kl 22 på måndag, blir med på trekninga. 

HER er opplysningane. 

Husk å skrive namn eller kontaktinfo om du ikkje har eigen blogg, 
slik at eg kan nå deg om du blir den heldige.

tirsdag 24. juni 2014

Midtsommar


Vi er i juni, og det er midtsommar. Eg er veldig glad i markblomster, og på grunn av den varme vinteren og våren vi hadde, så starta blomstringa tidleg i år. Den siste veka har vore sur og kald, men det er vel den siste del av sommaren som er varmast, så eg ser positivt på tida som kjem. 
I går plasserte eg friske blomster saman med sydde blomster. Artig at dei matcha så godt;)


Dette teppet sydde eg på kurs med Anne Beier Finnestad for åtte år sidan. 
Og slike blomster visnar ikkje.


Vi skulle til min mor og spise rømmegraut i går på jonsokaftan, og då fekk eg lyst å ta med ein bukett med markblomstrar. Eg tråla vegkantane og fann både gamle og nyare sortar. 
Det er kjekt å kunne sette blomstrane rett på bordet, så eg fann fram saks, eit tomt glas og sløyfeband. 


Glaset passa i buret mellom bilseta, så det blei lett å frakte også. 
Det er ikkje ofte mor har markblomster heller no, for alle barnebarna har blitt store, og då er det ikkje så mange som plukkar. Men du så nydeleg det er med ei barnehand med blomster, og eit ansikt som strålar og viser glede av å gi bort.


Eg har no alltid likt å plukke med meg både levande og dødt når eg er ute på tur. 
Dette måtte eg sjølvsagt prøve å kombinere.


Og så lurer eg på om nokon der ute kan hjelpe meg? 
Eg følgjer veldig mange bloggar, og kosar meg med å besøke desse. Men no greier eg ikkje å få fram leselista. Det er kun den som har det nyaste innlegget som kjem fram. Under står det "Vis mer", men det lastar ikkje inn fleire når eg trykker der. 
Eg blir utruleg glad om du kan hjelpe meg!! Då fortjener du i alle fall ein blomst;)
No skulle eg liksom bli så flink igjen til å skrive kommentarar og legge igjen spor etter meg...
Har ein del i bloggrollen min, men dei fleste ligg i leselista;( 





søndag 22. juni 2014

Vil du vinne dette skiltet?


Endeleg fekk eg ferdigstilt dette opphenget, som eg vil gi til nokon som har lyst å vinne det. 
Det er eigen design, og ingen som har maken. Eg lova ein give-away då eg runda 100.000 sidevisningar på bloggen min, men så gjekk eg visst i dvale. Men no er eg ute av hiet, og skal vere meir aktiv på blogg igjen.


Engelen har kjole av ullfilt, som er dekorert med blondar, effektgarn og frihandsquilting.
Håret er av silkegarn eg arva frå bestemor. Ein kvardagsengel som vil det beste for andre.


Kvardagar er det flest av, og vi bør kanskje bli flinkare til å sjå og sette pris på det som skjer rundt oss. Kvifor skal vi strebe framover, når det beste kanskje skjer her og no?
Kva er viktig her i livet?


Kanskje vi berre skal sette oss ned, -observere, tenkje, lytte og sjå. 
Nyte øyeblikket.


I morgon er dagen i dag historie. 
Gjer det beste ut av den.
Kanskje vi skal bli flinkare til å gjere dagen god for andre? 
Eit smil, nokre hyggelege ord eller ei hjelpande hand kan gjere ein forskjell.


Eg vil gjerne bringe litt glede til ein av mine venner på blogg eller facebook. 
Har du lyst å vinne dette skiltet frå Edny sine puslerier, så får du 
2 lodd for å legge igjen ein kommentar her eller på facebook, og
2 lodd for å dele/linke på din blogg eller på facebook.
Trekninga blir måndag 30. juni.


Bruk dette bildet når du linkar.




LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...