mandag 31. mars 2014

Artikkel, bloggfrokost og nytt premieteppe

                                                                                                           Foto: Bjørn Brunvoll
Først vil eg rette ein stor takk for alle kommentarar og hyggelege tilbakemeldingar frå innlegget om Charlotte sitt vinnarteppe. Etter seieren hadde vi besøk av lokalavisa Romsdals Budstikke på formingsrommet på Tøndergård skole. Fredag stod det ein fin artikkel i avisa om Kreative Charlotte. Biletet over er frå rbnett.no, og eg veit at eg har lova å vise meir frå formingsrommet, så her er ein liten smakebit. Skal komme tilbake til det. Charlotte hadde på seg ein redesigna vest etter kjøp av t-skjorte og vest frå Fretex. HER er link til avisinnlegget.


På Norsk Quiltetreff i Kristiansand, var eg på bloggfrokost saman med trivelege quiltedamer. Vi deler erfaringar. og prøver å tipse og hjelpe kvarandre med bloggting. Besøk gjerne dei andre damene også. Dei lagar mykje fint.

Her er ansiktene bak følgande bloggar: Frå venstre Sølvi sin bloggverden, meg med Edny sine puslerier Crisp Quilt,  Anne-Maries Quilt,  Lises Hobbyblogg Evas QuiltehjørneLappe-Grete,   a Quilt Lady Litt a hvert Gudveig HN.


Og så må eg ta med vinnarteppet i NQF sin konkurranse "Lady og Landstrykerer", åpen klasse.
Eit utroleg flott handverk av Sølvi L. Krokeide. Til meir eg studerte, til fleire ørsmå detaljar dukka opp. For eit arbeid!! Ho sa sjølv at at det kan ikkje reknast i timar, men i månader.


Her er eit klipp av hovudmotivet. Den grå sokken på avisa på bakken, er f.eks strikka!! 

Det var veldig mykje fint å sjå på utstillingane. Det er noko heilt anna og kunne studere quiltane på nært hald, men bileta gir eit inntrykk.

tirsdag 25. mars 2014

1.plass til "I min hundehage"


Charlotte Inderhaug frå Tøndergård skole gjekk av med seieren i årets konkurranse for barn 
i Norsk Quilteforbund.
Ho er ei utruleg kreativ jente, og sa ja då eg spurte om ho ville delta. Det var nok meir arbeid enn ho var klar over, men eg trur ikkje ho angrar på innsatsen no.


Tema for oppgåva var "I min hage", og ho var fast bestemt på at det skulle vere både hundar og hundehus.
Det er veldig arbeidskrevjande å sy eit så stort teppe, og det måler ca 100x75cm. 
Ho hadde det som eit prosjekt der ho brukte timar i forming, valfag, matematikk og norsk, var av og til igjen etter skoletid, og hadde det med heim.


Planlegginga og utvelging av stoff og tilbehør er ein viktig del.


Innsatsen kan ikkje klagast på.
Bakstykket, som stikk fram i fronten, er dei gamle gardinene frå rektors kontor.


Skjæreutstyr er godt å ha.


Vi drog til Syskrinet når vi fann ut kva som mangla.


Hovud"personen" er Nala. Ho er sydd av pels frå Charlotte sin eigen hund. 
No ligg Nala og drøymer om mat og bein. Hundehuset er "lafta" og har never på taket. 
Eg viste frihandsquilting, og ho øvde litt på ein lapp, før ho quilta både på marka og skyar på himmelen. Blomstrane og boblene er også frihandsquilta. Veldig bra gjort med så lite trening.


Hundelenka er frå eit smykke.


Sola er frå eit gardinstoff, og ho har sydd band og perler på strålane.
Hengekøya er spent opp på pinnar, og med musikk og bok er det berre å nyte livet. 
I blomsterbedet pilar mus, som katten jaktar på. 


Detaljane er på plass, og boka har til og med fått sidetal.


Den minste hunden leikar med ballar.


Katten er stolt av fangsten, og musa er livredd.
Trebitane til stien er limt på.


Før pakking og innsending var det mange som ville studere og beundre.


Og eg og Charlotte er letta og glade for at ho kom i mål.


 Charlotte har lært nødvendige teknikkar undervegs, og det er ikkje tvil om at ho har anlegg for både quilting og andre formingsteknikkar. 


Her er frå utstillinga, og på lappen står det både nummer, namn og tittel.
Det var artig å overhøre kommentarane då eg gjekk rundt blant utstillingane. 
Sidan eg er medlem i Norsk Quilteforbund, og reiste som leiar i Molde Quiltelag, deltok eg på Norsk Quiltetreff i Kristiansand 20.-23.mars 2014.


Ekstra kjekt var det å kunne ta imot diplomen på avslutninga på vegne av Charlotte.
Og her er den glade vinnaren. No blir teppet sendt til ein stor quiltefestival i Birmingham i august, der det skal konkurrere mot barn frå andre land sine teppe 
Uansett kor det går, er det kjekt å ha slike erfaringar med seg.
Lykke til vidare!



mandag 10. mars 2014

Små mapper


Eg har sydd eit par små mapper, som kan brukast til ting og tang, toalettveske, pennal e.l.
Denne er laga av ein ferdigquilta bit eg hadde liggande. 
Sydde berre sidesaumane og på tvers nederst for å få botn.


Framsida er dekorert med eit printa bilete, ein blondebit og ei hekla rose.
Blondeglidelås har eg ikkje brukt før, men kjøpte ein rull for nokre år sidan...
Glidelåsendane er avslutta med ein blondebit.


Så ville eg prøve å sy ein sirkelpung med gledelåsopning heile vegen.


Glidelås og kanteband er sydd i same saum. Det var både praktisk og utfordrande. 
Ser at saumen burde ha vore meir nøyaktig her, men sidan det var ei prøve, så får det berre vere.


Heile stykket blei ganske tett frihandsquilta først. Då blir det eit stødigare resultat.


I kvar ende er det sydd inn ein trekantflipp for at det skal vere lettare å få tak. 
Og ei snor og perler i glidaren, for at det skal bli lettare å drage.


Mønster til denne rosa har eg utvikla sjølv, og den er lett og rask å hekle. 
Om det er av interesse, så kan eg legge ut mønster og framgangsmåte på den.

lørdag 8. mars 2014

Bøker og garn


Sjå alt eg har vunne i den fine bloggen Marion i det store hvite huset
Her det garn og bøker med idéar i fleng;) 
No er det berre å gå i tenkeboksen og finne ut kva eg skal lage.
Tusen takk Marion!




torsdag 6. mars 2014

Kjøkkenklutar


Eg pendlar på arbeid, og då er det kjekt å ha litt småarbeid til fergeturane.
Etter pleddet og halsen har det blitt eit par kjøkkenklutar.


Denne kluten er strikka med rett på framsida og annakvar maske rett og laus av på baksida. 
Då blir det litt løkkemønster på framsida.
Til slutt er det sydd på litt pynt og hekla ein kant ytterst.


Dette er ein kjøpt klut, som er stæsja opp med to runder hekling. 
Det er berre fastmasker og luftmasker i to ulike fargar.


Det er litt kjekkare å tørke av bord og benkar når klutane, eller koppetvogene, er litt fine og koselege.
Dei er lette å henge opp også, for det er små opningar i ytterkantane.


Kaffi smakar alltid godt, og av og til er det kjekt når koppen er tom også;)


søndag 2. mars 2014

Nytt mønster


Eg har vore prøvestrikkar til Birgitte Reiten sitt nye mønster; Nora, og kan absolutt anbefale det! 
Fine tips, gode forklaringar og oversiktlege bilete.


Halsen er anvendeleg og artig å strikke.


Den kan brukast både open og lukka, og kanppen har mykje å seie for uttrykket.
Eg har brukt ein av mine knappeskattar.


Eg er ingen fortomodell akkurat, men viser likevel nokre av bruksområda. 
Kjekt med plagg som kan varierast;)
Mønseret kostar berre 25 kr, så løp og kjøp HER, eller frå Birgitte si side.
Det blir sendt direkte på mail med det same, så du kan starte strikkinga i dag om du vil;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...