Viser innlegg med etiketten NQF. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten NQF. Vis alle innlegg

mandag 29. februar 2016

Fargerik


I 2014 var fargerike og kreative Charlotte med i 
barnekonkurransen i Norsk Quilteforbund for første gong. 
Teppet "I min hundehage" blei presentert i dette innlegget.


Jenta i hengekøya er henne sjølv, 
og eit slikt hår vil ho ha ein gong, sa ho då.


Og no, to år seinare, har draumen blitt oppfylt. 
Morsomt og målbevisst.


Litt seinare kom ho med nye striper. 
No på tvers;)

søndag 29. mars 2015

Ny seier i quiltekonkurransen


I år som i fjor, var det Charlotte Inderhaug frå Tøndergård skole i Molde som vann quiltekonkurransen for barn under Norsk Quiltetreff på Sundvollen 20.-22.mars.


Tittelen på oppgåva frå Norsk Quilteforbund var Lappemagi, 
og hennar teppe heiter "Min magiske sjel".


Det var JA med ein gong eg spurte om ho ville delta i år også. 
No visste ho kva det innebar, 
og kor tidkrevjande det er, men gløden var der med ein gong.
Det tok ikkje lang tid før ho hadde si skisse på eit A4-ark, 
og det har heller ikkje vore mange avvik frå den opprinnelege idéen.


Charlotte var også bestemt på at bakgrunnen skulle vere 
gråsvart. Det er begrensa kor stort utval ein skule kan ha av quiltestoff,
så eg tok med ein del frå mitt lager som ho kunne velgje i. 
Etter eit lite kurs med sying av trekantar, var ho i gang.


Og etter at bitane var pusla til ønska mønster,
fekk ho ha bordet ståande i ein krok, slik at alt kunne ligge til
alle bitane var sydd saman. 


Om det er trangt om plassen, så veit ho råd.


Vatt og bakstykke er på plass, 
og no skal dama applikerast på.


Og så skal signaturlappen festast på baksida.


Som i fjor er bakstykket frå rektor sine gardiner, 
og då var hund hovudtema på teppet.


Lukkekanten skal syast på, og så er det tid for detaljar og siste finish.


Ansiktet har ho brodert for hand.
Montering av hår skapte litt grublerier.


Men der hadde ho også ei løysing.
Tyll blei sydd over garnet.


Og så brukte ho ein heklekrok til å dra trådar ut gjennom tyllen.

 

Ho skal bli frisør må du vite. 


Dei siste detaljane blir sydd på. 
Her ligg også skissa og den forstørra arbeidsteikninga.


Magiske strålar av farga snorer frå handflata.


Tatoveringane har ho frihandsquilta.


Mange symbolske charms er sydd opp gjennom strålane.


Vesten er av ei dongeribukse og eit gamalt frynseband.
Redesign høyrer med.


Endeleg ferdig og mange ville sjå før det skulle sendast inn til konkurransen.
Det er utruleg mange arbeidstimar som ligg bak.


Mange lovord blei med på vegen, 
og det har ho jammen fortent.


Charlotte er utruleg kreativ og skapande, 
og som lærar har eg sett kor ho har utvikla seg med bruk av symaskina. 
Eg håpar at ho får bruke talentet sitt vidare.
"Min magiske sjel" passar til henne også;)

I august skal teppet delta i utstilling og konkurranse under ein stor
quiltefestival i Birmingham saman med barneteppe fra andre land.


Her er frå utstillinga og lappen til Charlotte sitt bidrag. 
Det er flott at NQF arrangerer konkurranser for barn, for det er med å auke kunnskapen om lappesaum og quilting, og det rekrutterer nye quiltarar. 
Eg har sjølv hatt med elevar til denne konkurransen fire gonger, og det har vore veldig givande både for dei og for meg som vaksenperson. 

Om du vil sjå Charlotte sitt bidrag frå i fjor, ligg det HER
Og HER kan du sjå artikkel om henne i Romsdals Budstikke.




mandag 31. mars 2014

Artikkel, bloggfrokost og nytt premieteppe

                                                                                                           Foto: Bjørn Brunvoll
Først vil eg rette ein stor takk for alle kommentarar og hyggelege tilbakemeldingar frå innlegget om Charlotte sitt vinnarteppe. Etter seieren hadde vi besøk av lokalavisa Romsdals Budstikke på formingsrommet på Tøndergård skole. Fredag stod det ein fin artikkel i avisa om Kreative Charlotte. Biletet over er frå rbnett.no, og eg veit at eg har lova å vise meir frå formingsrommet, så her er ein liten smakebit. Skal komme tilbake til det. Charlotte hadde på seg ein redesigna vest etter kjøp av t-skjorte og vest frå Fretex. HER er link til avisinnlegget.


På Norsk Quiltetreff i Kristiansand, var eg på bloggfrokost saman med trivelege quiltedamer. Vi deler erfaringar. og prøver å tipse og hjelpe kvarandre med bloggting. Besøk gjerne dei andre damene også. Dei lagar mykje fint.

Her er ansiktene bak følgande bloggar: Frå venstre Sølvi sin bloggverden, meg med Edny sine puslerier Crisp Quilt,  Anne-Maries Quilt,  Lises Hobbyblogg Evas QuiltehjørneLappe-Grete,   a Quilt Lady Litt a hvert Gudveig HN.


Og så må eg ta med vinnarteppet i NQF sin konkurranse "Lady og Landstrykerer", åpen klasse.
Eit utroleg flott handverk av Sølvi L. Krokeide. Til meir eg studerte, til fleire ørsmå detaljar dukka opp. For eit arbeid!! Ho sa sjølv at at det kan ikkje reknast i timar, men i månader.


Her er eit klipp av hovudmotivet. Den grå sokken på avisa på bakken, er f.eks strikka!! 

Det var veldig mykje fint å sjå på utstillingane. Det er noko heilt anna og kunne studere quiltane på nært hald, men bileta gir eit inntrykk.

onsdag 8. januar 2014

Artikkel om meg i Norsk Quilteblad

I Norsk Quilteblad nr 4 2013 var det ein artikkel om meg og naturprosjektet eg gjennomførte som NQF- stipendiat. For meg var dette eit svært givande prosjekt, og eg kjem til å bruke naturen i ein del av arbeida mine vidare. Om du klikkar på biletet, trur eg det går an å forstørre det opp.




tirsdag 19. mars 2013

Årets happening er over


Norsk Quiltetreff med årsmøte og NQFs 25-årsmarkering i Sarpsborg er over. Ei kjempekjekk helg saman med likesinna. Og for meg var det ei spesiell helg sidan eg skulle "forsvare" stipendet og naturprosjektet mitt med foredrag, kurs og utstilling. Over her er produkt eg hadde på kursleiarutstillinga.


Under foredraget snakka eg litt om mitt quilteliv, inspirasjon og ting frå naturen eg har prøvd ut i syinga.


Norsk Quilteforbund fortjener ein stor takk for at dei hadde trua på meg, for dette året har vore veldig utviklande. Det er så kjekt å vere nytenkande og prøve ut ting andre ikkje har gjort før:) 


Eg begynte presentasjonen i min barndoms fjøre der samleinteressa mi frå naturen starta. Nyleg var eg tilbake der, og "jeg fant, jeg fant en utgått skosåle". Det førte meg rett inn i eventyrverden, og mitt siste produkt blei "Prinsessa som ingen kunne målbinde". Hjartet i bakgrunnen der blei kanta med ein bjørkekvist, slik som den første prøvelappen i midten. Ringen er slutta , men vegen går vidare, for idéane blomstrar. Det eg lagar vidare framover, skal eg fortelje om i eit foredrag på Vestlandstreffet i Molde i oktober.


Foredraget blei oppsummert gjennom eit eventyr frå notida.


Marit Sande Iversen overrekte stoffblomster. Ho går no av som leiar i Norsk Quilteforbund gjennom 6 år. Marit fortjener ein stor takk for det flotte arbeidet ho har lagt ned. Og eg har vore så heldig og hatt kontakt med henne i fleire samanhengar, i tillegg til at vi begge er i Molde Quiltelag. Ho kom på skulen og overrekte symaskin og ting til barna som premie både då 1.klasse ved Midøy skule vann barnekonkurransen i 2008, og då 4. og 5.klasse ved Midsund Montessoriskule vann barnekonkurransen her i landet og tok 3.plassen i Birmingham i 2011.
Eg oppfordrar alle til å sy med barna. Det har eg veldig god erfaring med.


Etter foredraget blei det gjort avtale om at eg skal skrive artikkel i medlemsbladet.


På laurdag hadde eg kurs med "Uglevakt", der deltakarane fekk lære å lage effektar ved hjelp av ulike stoff- og garnkvalitetar, og å sy tre av kvistar.


Det var ein kjempekjekk og lærevillig gjeng, og her er produkta så langt dei kom på 4 timar. Det er så artig å sjå kor ulikt det blir sjølv om utgangspunktet er det same.


På søndag hadde eg kurs med "Hjem, kjære hjem". Her var det sying av steinheller, effekter av garn og never, og sying av gjerde av pinnar. Fleire gjekk på begge kursa, og alle godkjente at eg kunne legge ut bilete på bloggen.


Her kjem arbeidsbilete frå det kurset.


Folk var kreative og sette sine eigne preg på produkta.


Tusen takk til alle trivelege kursdamer. Eg håper vi treffast igjen;) Sjølv er eg veldig glad i både å halde kurs og å gå på kurs. Det er sosialt, lærerikt og inspirerande.


Det var veldig kjekt å avslutte helga med kjempegode tilbakemeldingar på både kurs og foredrag. Det inspirerer til vidare arbeid. Og det var så godt å ha både slekt og quiltevenner der gjennom heile helga.

onsdag 13. mars 2013

Feirer Norsk Quiltetreff med ein gi-bort



Til helga er det Norsk Quiltetreff i Sarpsborg, og eg held på med siste innspurt no for å bli ferdig med eit foredrag og to kurs eg skal ha der. No har det gått eit år sidan eg fekk årets stipend frå Norsk Quilteforbund for å prøve ut bruk av ting frå naturen i syinga. Det har vore eit lærerikt og utviklande år, og eg får stadig nye idéar. Sjølv om eg skal "forsvare" prosjektet mitt i helga, vil eg jobbe vidare med å utarbeide teknikkar og modellar. Eg har ikkje sett andre har gjort dette før, og det er derfor ekstra kjekt at eg kan utvikle noko nytt. Og eg blir veldig glad når quiltevenner kjem med gode råd, idéar og artige ting frå naturen som eg kan prøve å bruke på ein kreativ måte. For ikkje å snakke om alle herlege kommentarar eg får her på bloggen. Under etiketten naturprosjekt er dei fleste innlegga om det eg har prøvd ut.

Eg vil feire denne milepælen med å gi bort eit bilete frå prosjektet mitt til ein av mine lesarar. Grunnen til at akkurat dette biletet med øyenstikkar blei valgt ut, er at eg har brukt dette motivet på dei nye visittkorta mine, og blir då som eit varemerke for prosjektet:) Her er meir om dette biletet.

Har du lyst å delta i lotteriet mitt, så får du eitt lodd for kvar av desse tinga:

  • kommentar på dette innlegget
  • om du er eller blir følgjar på bloggen min
  • om du linkar til eller deler sida mi
  • om du legg meg til i bloggrollen din
Skriv kor mange lodd du tar. Skriv e-postadressa om du ikkje har eigen blogg.

Då skal eg gjere siste finish og pakke med meg produkt eg har laga frå skog og fjøre. Det blir spanande og kjekt å halde både kurs og foredrag i eit så stort forum. Eg gleder meg til helga, og til å treffe "gamle" og nye quiltedamer under årets happening. 
Og eg blir veldig glad om du som blogglesar tek kontakt med meg!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...