Viser innlegg med etiketten Kurs. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kurs. Vis alle innlegg

lørdag 29. april 2017

Rasterquick


Molde Quiltelag har hatt foredrag og kurs med 
Grete Gulliksen Moe. Det var både kjekt og lærerikt.


Vi lærte å sy på rasterquick, 
som er eit ruta underlag. 


Då blir det enklare å få alt fint og nøyaktig.


Vi lærte også å sy ramma med dukhjørner, 
og finessar for å få lukkekanten til å legge seg fint.


Her er nokre av modellane frå foredraget.


Og her er modellane som deltok på kurset :-)
Kjekt og lærerikt var det. 
Grete er bakerst til høgre, og eg i midten med gult skjerf :-)


lørdag 24. oktober 2015

I mørket er alle kattar grå.


Sist helg var eg i Nordfjordeid på Vestlandstreff, 
og det var flotte dagar som ga mykje ny inspirasjon.


Eg gjekk på kurs i fri design med Frøydis Myhre. 
Ho snakka om mange ulike måtar å skaffe seg inspirasjon til eit produkt, 
og la "vegen bli til medan du går". Eg starta med eit dystert hus i natta.


 Undervegs fekk vi tips av Frøydis, og vi vurderte kvarandre sine arbeid. 
Alle hadde veldig ulike utgangspunkt, og det var nyttig å tenkje høgt saman med fleire.
Ved kursslutt trudde eg at berre lukkekanten igjen.
Men etter heimkomst følte eg at noko mangla.


Vindauga og pipa blei tydelegare markerte.


Den lyse rammekanten fekk tekst.


Og ein katt fekk kome fram i mørket.


Dermed fekk heile biletet eit løft, og eg fekk lyst å fullføre det.


Alle sidene fekk ulike lukkekantar.


Damene i Nordfjordeid hadde laga eit fantastisk arrangement for oss, 
og vi fråtsa i stoff, utstillingar og god mat. 
Kakebordet i kaféen med heimlaga kaker av alle slag, var eit syn både for auge og gane. 
Og denne flotte "lappekaka" vakte sjølvsagt beundring blant oss stoffgalne.


Triveleg reisefølgje og flott haustvér danna ei perfekt ramme for ei topp quiltehelg.


tirsdag 19. mars 2013

Årets happening er over


Norsk Quiltetreff med årsmøte og NQFs 25-årsmarkering i Sarpsborg er over. Ei kjempekjekk helg saman med likesinna. Og for meg var det ei spesiell helg sidan eg skulle "forsvare" stipendet og naturprosjektet mitt med foredrag, kurs og utstilling. Over her er produkt eg hadde på kursleiarutstillinga.


Under foredraget snakka eg litt om mitt quilteliv, inspirasjon og ting frå naturen eg har prøvd ut i syinga.


Norsk Quilteforbund fortjener ein stor takk for at dei hadde trua på meg, for dette året har vore veldig utviklande. Det er så kjekt å vere nytenkande og prøve ut ting andre ikkje har gjort før:) 


Eg begynte presentasjonen i min barndoms fjøre der samleinteressa mi frå naturen starta. Nyleg var eg tilbake der, og "jeg fant, jeg fant en utgått skosåle". Det førte meg rett inn i eventyrverden, og mitt siste produkt blei "Prinsessa som ingen kunne målbinde". Hjartet i bakgrunnen der blei kanta med ein bjørkekvist, slik som den første prøvelappen i midten. Ringen er slutta , men vegen går vidare, for idéane blomstrar. Det eg lagar vidare framover, skal eg fortelje om i eit foredrag på Vestlandstreffet i Molde i oktober.


Foredraget blei oppsummert gjennom eit eventyr frå notida.


Marit Sande Iversen overrekte stoffblomster. Ho går no av som leiar i Norsk Quilteforbund gjennom 6 år. Marit fortjener ein stor takk for det flotte arbeidet ho har lagt ned. Og eg har vore så heldig og hatt kontakt med henne i fleire samanhengar, i tillegg til at vi begge er i Molde Quiltelag. Ho kom på skulen og overrekte symaskin og ting til barna som premie både då 1.klasse ved Midøy skule vann barnekonkurransen i 2008, og då 4. og 5.klasse ved Midsund Montessoriskule vann barnekonkurransen her i landet og tok 3.plassen i Birmingham i 2011.
Eg oppfordrar alle til å sy med barna. Det har eg veldig god erfaring med.


Etter foredraget blei det gjort avtale om at eg skal skrive artikkel i medlemsbladet.


På laurdag hadde eg kurs med "Uglevakt", der deltakarane fekk lære å lage effektar ved hjelp av ulike stoff- og garnkvalitetar, og å sy tre av kvistar.


Det var ein kjempekjekk og lærevillig gjeng, og her er produkta så langt dei kom på 4 timar. Det er så artig å sjå kor ulikt det blir sjølv om utgangspunktet er det same.


På søndag hadde eg kurs med "Hjem, kjære hjem". Her var det sying av steinheller, effekter av garn og never, og sying av gjerde av pinnar. Fleire gjekk på begge kursa, og alle godkjente at eg kunne legge ut bilete på bloggen.


Her kjem arbeidsbilete frå det kurset.


Folk var kreative og sette sine eigne preg på produkta.


Tusen takk til alle trivelege kursdamer. Eg håper vi treffast igjen;) Sjølv er eg veldig glad i både å halde kurs og å gå på kurs. Det er sosialt, lærerikt og inspirerande.


Det var veldig kjekt å avslutte helga med kjempegode tilbakemeldingar på både kurs og foredrag. Det inspirerer til vidare arbeid. Og det var så godt å ha både slekt og quiltevenner der gjennom heile helga.

fredag 18. januar 2013

Kreativ med symaskin



Utruleg kva som dukkar opp etter nokre år. Det er ikkje alt av tidlegare handarbeid eg vil vedkjenne meg, men dette, som eg sydde på kurs med Pelse Asboe, er eg fornøgd med endå. Det er ingen tvil om når det blei sydd. No kjem eg på at eg la det vekk fordi eg ikkje blei enig med meg sjølv om montering.
Den store tujaen til høgre, var ein gong ei bitte liten busk i ei julesamanplanting. Den har stått fint med lys i adventstida i mange år, men dei siste åra blei den for stor til det. No får den vere med på bloggen som eit minne, for eg reknar med at den ikkje kan stå der så mykje lengre.


Kurset med Pelse var midt i blinken for meg. Det er den mest kreative med symaskin eg har møtt. Her er det brukt stoppefot, metalltråd og forsvinningsplast. Sjølve hovudstoffet er lin.


 Sying på metall er veldig dekorativt.


Her er det også brukt stoppefot og frihandssying på tyll, og forsvinningsplast.


Og så var det monteringa då... Det skal i alle fall bli gjort no. Hukommelsen er det vel best å ikkje seie så mykje om... Det heiter vel at det som ikkje er stjelt eller brent, kjem fram igjen.

søndag 25. november 2012

Kursmodellene mine til NQF-jubiléet


No er det offentleg at eg skal halde to kurs og foredrag på Norsk Quilteforbund sitt Quiltetreff og 25-årsjubiléum i Sarpsborg 15.-17. mars 2013, så då kan eg vise kurspmodellane mine;) Og utgangspunktet er at eg blei stipendiatvinnar i NQF for 2012,  for å prøve ut bruk av ting frå naturen saman med quilting. Dette stipendet har inspirert meg veldig, og nye idéar dukkar stadig opp. Under etiketten Naturprosjekt, er ein del av det eg har prøvd ut til no. Eg grugleder meg veldig til ilddåpen i mars;)

Kurset eg skal ha på laurdagen, er ugla i treet, som vaktar over her.


Her er eit lite utsnitt. Deltakarane får lære å sy med kvistar i tillegg til quilting og frisying i kombinasjon med ulike stoff- og garnkvalitetar. 


Etter foredraget på søndag, er det denne kursmodellen, "Hjem, kjære hjem". Deltakarane får lære å bruke never og pinnar i kombinasjon med med ulike stoff- og garnkvalitetar. Det er kjekt å sette sitt eige preg på produkta, og eg likar veldig godt å lage ting som andre ikkje har. Så forhåpentlegvis kan eg inspirere andre sin kreativitet også. 


Her er eit lite utsnitt av dette også.



Om nokon vil gå på begge kursa, så er modellane utforma slik at dei passar saman, sjølv om teknikkane er forskjellige. Det er mykje som skjer gjennom NQFs regi den helga, og det er veldig mange ulike kurstilbod. Her kan du sjå både program og kursoversikter.



LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...