lørdag 24. oktober 2015

I mørket er alle kattar grå.


Sist helg var eg i Nordfjordeid på Vestlandstreff, 
og det var flotte dagar som ga mykje ny inspirasjon.


Eg gjekk på kurs i fri design med Frøydis Myhre. 
Ho snakka om mange ulike måtar å skaffe seg inspirasjon til eit produkt, 
og la "vegen bli til medan du går". Eg starta med eit dystert hus i natta.


 Undervegs fekk vi tips av Frøydis, og vi vurderte kvarandre sine arbeid. 
Alle hadde veldig ulike utgangspunkt, og det var nyttig å tenkje høgt saman med fleire.
Ved kursslutt trudde eg at berre lukkekanten igjen.
Men etter heimkomst følte eg at noko mangla.


Vindauga og pipa blei tydelegare markerte.


Den lyse rammekanten fekk tekst.


Og ein katt fekk kome fram i mørket.


Dermed fekk heile biletet eit løft, og eg fekk lyst å fullføre det.


Alle sidene fekk ulike lukkekantar.


Damene i Nordfjordeid hadde laga eit fantastisk arrangement for oss, 
og vi fråtsa i stoff, utstillingar og god mat. 
Kakebordet i kaféen med heimlaga kaker av alle slag, var eit syn både for auge og gane. 
Og denne flotte "lappekaka" vakte sjølvsagt beundring blant oss stoffgalne.


Triveleg reisefølgje og flott haustvér danna ei perfekt ramme for ei topp quiltehelg.


9 kommentarer:

  1. Yes, det var akkurat prikken over i-en, katt og tekst. Det blei eit skikkeleg flott bilete. Det var ei kjekk helg, og kjekt å treffe kjente. God helg til deg. Eg held også på med å gjere ferdig noko av det eg starta på forrige helg.

    SvarSlett
  2. For eit kult bilde! Skjønar at eg burde vore med på ditta kurset og... Og ja, damene i den klubben er rå på arrangement!

    SvarSlett
  3. Jeg lar meg imponere både over bildet ditt og den kule kaka! Skikkelig fin katt, og teksten er jo perfekt.

    God helg fra Ingunn

    SvarSlett
  4. Katten og teksta gav bilete eit flott løft :-)
    Du er dyktig!

    God helg!

    SvarSlett
  5. Så mye fint du har laget, imponerende! Noen er bare så dyktige ved symaskinen. Selv har jeg en gammel enkel Bernina og har sydd en del dukkeklær i det siste. Prosjekter som dine har jeg aldri prøvd meg på, men har ikke maskin til det heller.
    God søndag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! Man trenger ikke avansert maskin for å sy slike ting. Jeg har kun brukt rettsøm;)

      Slett
  6. Bildet blei "løfta frem" med de endringene/tilleggene du gjorde - sikkelig flott!!! Artig med kurs som gir inspirasjon og setter igang egne tanker!!!
    Ha en flott ukestart!
    J

    SvarSlett
  7. Bildet blei "løfta frem" med de endringene/tilleggene du gjorde - sikkelig flott!!! Artig med kurs som gir inspirasjon og setter igang egne tanker!!!
    Ha en flott ukestart!
    J

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...