mandag 29. februar 2016

Fargerik


I 2014 var fargerike og kreative Charlotte med i 
barnekonkurransen i Norsk Quilteforbund for første gong. 
Teppet "I min hundehage" blei presentert i dette innlegget.


Jenta i hengekøya er henne sjølv, 
og eit slikt hår vil ho ha ein gong, sa ho då.


Og no, to år seinare, har draumen blitt oppfylt. 
Morsomt og målbevisst.


Litt seinare kom ho med nye striper. 
No på tvers;)

søndag 28. februar 2016

Rosa Hemmelighet


Inspirert av Kakekrigen på TV, skulle Birgitte og eg 
komponere vår eiga kake. Den har no fått namnet
"Rosa Hemmelighet". 


Det er ikkje lett å vite kva som er inni, 
men no er det ikkje så hemmeleg lengre. 
Og om du er interessert, 
så skal eg avsløre det heile her.


Kaka består av sukkerbrød, sjokoladekake, vaniljekrem, 
marsipan og bringebærfromasj. 
"Veldig god" blei konklusjonen, 
og her skal du få oppskrifta.


Bringebærfromasj: 
ca 500g frosne eller ferske bringebær og 125g melis 
varmast til kokepunktet og rør til det blir ein mos. 
Tilsett 5 plater gelantin, som har ligget i blaut i 5-10 min. 
Rør til alt er oppløyst, og pass på at det ikkje kokar. 
Frøa frå ei vaniljestang kan kokast med, eller tilsett 2 ts vaniljesukker til slutt. 
Avkjøl. Bland med 3 dl stivpiska fløte når bringebærmosen har tjukna. 

Steik kakene medan bringebærmosen blir avkjølt.

Sukkerbrød:
Pisk eggedosis av 3 egg og 135 g sukker. Pisk så inn 2 ss vatn. 
Sikt i 50 g potetmel, 45 g kveitemjøl og 1 ts bakepulver. 
Vend inn med ein slikkepott til røra er jamn. 
Hell så røra i ei rund form med bakepapir i botnen. Smør kantane.
Steik kaka ved 170 gr i ca 30 min. Avkjøl på rist.

Sjokoladekake:
2 egg og 2 dl sukker til eggedosis. 
Pisk inn 0,75dl avkjølt kaffe. 
Sikt og vend inn 2dl kveitemjøl og 1ts bakepulver. 
Steik og avkjøl som sukkerbrødet.

I tillegg treng du ein pakke ferdig vaniljekrem,
og ca 1/2 rull marsipan kjevla like stort som kakeforma.


Del begge kakene i to. 
Legg lagvis slik:
Sukkerbrød, 1/2 pk vaniljekrem, sjokoladekake. ca 1/4 av bringebæfromasjen,
marsipanen, sukkerbrød, vaniljekrem, og så sjokoladekake.
Smør resten av bringebærfromasjen på toppen og rundt kantane. 
Sett kaldt til fromasjen stivnar. 
Pynt evt. med bær og marsipan.


Kaka har gode smakskombinasjonar, 
og kakestykka tek seg godt ut med sitt fargespel.
Velbekomme!

tirsdag 16. februar 2016

Panneband og pulsvarmarar i vevstrikk


Til morsdagen fekk eg dette kjempefine settet av Birgitte. 
Panneband og pulsvarmarar i vevstrikk. 


Og det er veldig godt i bruk. Her er pannebandet brukt som krage. 
Fargane til pulsvarmarar fekk eg velgje sjølv, og dei blei veldig fine. 
Og så fekk eg panneband / krage på "kjøpet"! Heldig!


Her har Birgitte på eit panneband ho laga tidlegare. Og HER har ho 
laga gratis mønster, som ei gåve til alle.

søndag 14. februar 2016

Ugler i fleng


No har det blitt nokre nye ugleoppheng. 
Alle får sine særpreg, og ingen blir like.
Ei dame ønska gul-brune ugler, så ho kan ta denne, eller paret lengre ned.


Denne likar seg best åleine.


Dette paret er bestilt som gåve til
ei dame som fortjener ein takk.


Alle opphenga er laga av bjørk og 
pynta med ei heklerose, små kongler og naturpynt.


Denne mammakoppen fekk eg ein morsdag for mange år sidan. 
Alltid koseleg å drikke av den. 
No får den halde selskap med dei andre uglene her. 

lørdag 13. februar 2016

Sildesalat


I dag laga eg ein rask og enkel sildesalat, og deler oppskrifta 
med deg før eg gløymer kva eg gjorde.

Start med å tømme ein stor plastboks med sursild i eit dørslag, 
og la laken renne av medan du lagar sausen.

Rør saman og smak til:
1 beger seterrømme
1 stor ss sennep (eg brukte Slottssennep på glas)
ca 1ss tørka dill (eller ferskom du har)
ca 1ss flytande honning
salt og peppar

Skrell to epler, fjern kjernehuset og skjær i små bitar.
Rør eplebitane inn i sausen.

Skjær sildebitane i mindre bitar og bland alt inn i sausen. 

Den smakte veldig godt, og sikkert endå betre etter at den får stå og trekke.
Den er vel holdbar i ca ei veke i kjøleskåp.

torsdag 11. februar 2016

Panneband i vaffelhekling


Etter at eg laga lue i vaffelhekling, fekk eg også lyst å prøve teknikken på eit panneband. 
Vil du også lage, så skal eg forklare framgangsmåten.

Eg brukte Drops Lima og heklekrok nr 4 og 6


Legg opp 14 luftmasker men krok nr 6, 
og start med å hekle ein stav i 4.maske frå nåla. 
Fortsett med 1 stav i kvar maske =13 stavar. 
Snu med 3 luftmasker og hekle enkel vaffelhekling til 
arbeidet måler ca 37 cm. 
Vaffelhekling er forklart i mønsteret til lua HER.


 Skift til krok nr 4 og hekle stavar langs eine langsida. 
Prøv å unngå at det blir store hol. 
Med meg blei det ca 4 stavar pr "vaffel" for at det skulle legge seg fint. 


For betre passform har eg laga bakerste del flatare og smalare.

Fortsett med stavar langs kortenden, men der er det felt inn slik:
1 stav x hekle ein stav, men ikkje dra tråden gjennom andre gongen. Hekle ein stav til i neste maske, og dra tråden gjennom begge stavane siste gong. To stavar er då samanhekla til ein. x Gjenta x-x 5 gonger. Ein stav i kvar av dei to siste maskene. = 8 stavar. 

Fortsett med stavar langs den andre langsida og innfelling langs andre kortenden, 
som forklart over. 
Hekle så ca 5 omgangar med stavar på begge kortendane. 

Sy eller hekle saman midt bak og fest endane.


Då er pannebandet klart til bruk. 
Elastisk og godt i bruk. 

Kjekt å høyre frå deg om du også lagar din versjon.





mandag 1. februar 2016

Lykkesøm av Lykketegning



Eg bestilte ein kalender frå Lykketegning

Januartegninga inspirerte meg til å prøve å sy motivet,
og eg blei ganske fornøgd til å vere første forsøk.

Eg har brukt frihandsquilting både til applikering og tekst. 
Dette var midt i blinken for meg, for eg er glad i 
koselege motiv, fine uttrykk, og å skrive fritt med symaskina.

Ingebjørg R. Sjåland har så herlege strek.
Under her er kalenderbildet ho hadde på facebook.


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...