lørdag 13. februar 2016

Sildesalat


I dag laga eg ein rask og enkel sildesalat, og deler oppskrifta 
med deg før eg gløymer kva eg gjorde.

Start med å tømme ein stor plastboks med sursild i eit dørslag, 
og la laken renne av medan du lagar sausen.

Rør saman og smak til:
1 beger seterrømme
1 stor ss sennep (eg brukte Slottssennep på glas)
ca 1ss tørka dill (eller ferskom du har)
ca 1ss flytande honning
salt og peppar

Skrell to epler, fjern kjernehuset og skjær i små bitar.
Rør eplebitane inn i sausen.

Skjær sildebitane i mindre bitar og bland alt inn i sausen. 

Den smakte veldig godt, og sikkert endå betre etter at den får stå og trekke.
Den er vel holdbar i ca ei veke i kjøleskåp.

7 kommentarer:

  1. Stilig! Det hadde mannen min heilt sikkert likt godt :-)

    God helg!

    SvarSlett
  2. Takk, denne skal jeg prøve en dag.

    SvarSlett
  3. Takk for oppskrift.
    Den skal eg prøve. I utgongspunktet sursild altså, med løk og det heile ?
    Har nokre sildelskarar rundt meg og bruka å lage tomatsild der kryddasild er
    Hovudingrediensen, den går fort unna.
    God helg !

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, sursild med løk. Veldig enkelt😊

      Slett
  4. Denne er nok god. Det er bare å se på ingrediensene. Takk for at du deler!
    Her ser det ut til å bli en kald morsdag. Minus 18 i øyeblikket.


    God søndag fra Ingunn

    SvarSlett
  5. Den oppskriften hørtes god ut! Takk for oppskrift!!
    Ønsker deg en strålende søndag!

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...