søndag 25. november 2012

Kursmodellene mine til NQF-jubiléet


No er det offentleg at eg skal halde to kurs og foredrag på Norsk Quilteforbund sitt Quiltetreff og 25-årsjubiléum i Sarpsborg 15.-17. mars 2013, så då kan eg vise kurspmodellane mine;) Og utgangspunktet er at eg blei stipendiatvinnar i NQF for 2012,  for å prøve ut bruk av ting frå naturen saman med quilting. Dette stipendet har inspirert meg veldig, og nye idéar dukkar stadig opp. Under etiketten Naturprosjekt, er ein del av det eg har prøvd ut til no. Eg grugleder meg veldig til ilddåpen i mars;)

Kurset eg skal ha på laurdagen, er ugla i treet, som vaktar over her.


Her er eit lite utsnitt. Deltakarane får lære å sy med kvistar i tillegg til quilting og frisying i kombinasjon med ulike stoff- og garnkvalitetar. 


Etter foredraget på søndag, er det denne kursmodellen, "Hjem, kjære hjem". Deltakarane får lære å bruke never og pinnar i kombinasjon med med ulike stoff- og garnkvalitetar. Det er kjekt å sette sitt eige preg på produkta, og eg likar veldig godt å lage ting som andre ikkje har. Så forhåpentlegvis kan eg inspirere andre sin kreativitet også. 


Her er eit lite utsnitt av dette også.



Om nokon vil gå på begge kursa, så er modellane utforma slik at dei passar saman, sjølv om teknikkane er forskjellige. Det er mykje som skjer gjennom NQFs regi den helga, og det er veldig mange ulike kurstilbod. Her kan du sjå både program og kursoversikter.



tirsdag 13. november 2012

Mobilveske


Eg har laga ei lita mobilveske av buksebeinet til ei dongeribukse, og pynta med ein engel og litt blondeband.

søndag 11. november 2012

Kombi-kake


Må innrømme at eg har ein tendens til å gjere mine eigne vriar på oppskrifter, både når det gjeld handarbeid og mat. Far i huset måtte sjølvsagt få farsdagskake, og det endte opp med ein slags kombinasjon av Fly-kræsj og Pavlova. Det blei veldig godt. Kaka blei så stor, at eg deler gjerne med deg også:)

KOMBI-KAKE
Sett steikomnen på 250 grader. Stivpisk 6 eggekvitar. Under pisking har du i 1 ts eddik, 4 dl sukker og 1 ss Maizena. Fortsett piskinga til du får ei tjukk og stiv masse. Smør den utover på bakepapir. Ikkje fyll papiret, for den utvidar seg under steiking.
Senk termostaten til 100 grader. Sett brettet inn i omnen, og steik i 1 time. Slå av varmen og la kaka stå i omnen med døra på gløtt.

Ananassausen lagar du av 6 eggeplommar, 0,5 dl sukker, 1 ts Maizenna og safta frå ein liten boks ananasbitar. Bland alt og la det tjukne over svak varme. Blir sausen for tjukk, tilsett du meir ananassaft. Avkjøl. Rør i sausen innimellom.


Stivpisk 1 boks fløte, og pisk så inn ein pk ferdig vaniljekrem (eller kok sjølv). Fordel kremen over marengsen. Skjær små bitar av f.eks epler, pærer og banan, og trykk det ned i kremen så det ikkje blir brunt. Her har eg pynta med bitar av jordbær, kiwi, mandarin og ananas. Du brukar sjølvsagt dei sortane du har og likar av bær og frukt. Fordel ananassausen på toppen og server.

Og så eit lite tips til slutt: Dersom du brukar Porsgrunn porselenskniv til oppskjæring av frukt, blir den ikkje så lett misfarga.

Ein riktig god søndag til alle fedre, og alle andre der ute;)


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...