fredag 31. mai 2013

Fargerike fuglar


Eg innreier formingsrommet på skulen, og vil ha eit inspirerande rom med fargar, fuglar og bokstavar som tema. Eg har fått frie tøyler, og den tilliten set eg stor pris på. Rommet har fire store vindu, og eg syr gardinkapper. Utgangspunktet er kvitt stoff med svarte fuglar. For å gi grdinene særpreg, har eg appliket på nokre fargerike fuglar.


Dei fargerike boksane i denne delen av reolen, legg føringane for dekoren. 
Eg har handla på Ikea, Jysk og Nille. 
Boksane skal fyllast med garn, kuler og diverse ting, og så må eg finne eit merkesystem. 


For å skape meir liv i dei fargerike fuglane, har eg sydd på perler til auge og eit lite nebb.


Sangfuglen.


Birds fly high sky.


Og medan eg hengte opp gardinene,kom det to måkar og landa rett utanfor.


Det var koseleg å studere dei ei stund. Fuglar er fine.


Rommet er ikkje heilt ferdig endå, men litt dill og dall har allereie fått plass:) Barna skal no bli inspirerte. Vasen og blomstrane kjøpte eg på Fretex.


Fargane var no heilt perfekte.


To av gardinene er ferdige, og dei to neste manglar berre sjølve applikeringa. Eg passar på at alle blir ulike. No gleder eg meg til å få formingsrommet ferdig og få alt i system. Det er kjekt å få sette sitt eige preg på rommet. Det blir heilt nyoppussa, og eg har bestemt fargar, innreiing med skåp og reolar, og alt som høyrer til. Du kan få ein titt til seinare når det meste er på plass. Rommet har allereie insprert meg, så då håper eg at elevane vil trivast der også. Eg har i alle fall mange idéar til neste skuleår:)

søndag 26. mai 2013

Innstilling på Gmail


Eg har Gmail til bloggen, og har lenge ergra meg over at mange mailar legg seg under kvarandre i ei og same linje, sjølv om dei kjem frå ulike personar. Dette gjer at det er vanskeleg å ha oversikt, og vanskeleg å leite tilbake. Eg har spurt fleire om dei veit kva som gjer det, men i dag fann eg det endeleg ut sjølv!
(Egentleg er det så enkelt at eg burde ha funne det ut tidlegare då, men betre seint enn aldri.)

Sidan eg veit at det er fleire som strevar med dette, skal eg vise korleis det kan endrast.

  • Øverst til høgre klikker du ved hjulet og så på innstillinger.


  • Rull nedover til du kjem til Samtalevisning.
  • Klikk på Samtalevisning av (om den er på:)

 Det var her problemet var med meg.


Vil du ha ein signatur automatisk til slutt i alle e-postane du sender, kan du ordne det også her.
Eg la det inn no for å prøve. Men eg kjem sikkert til å skrive namnet til slutt av gamal vane, så då blir det dobbelt opp:) Ja, ja.



  • Uansett kva du endrar på denne innstillingssida, så må du lagre endringer nederst på sida for at det skal fungere.
Dette innlegget har kanskje ikkje interesse for så mange, men forhåpentlegvis vere til hjelp for dei som har streva med det same som eg.
Riktig god søndag og siste mai-veke til deg!

fredag 17. mai 2013

Nasjonalkake



På nasjonaldagen i år blei det nasjonalkake, -altså Kvæfjordkake. 
På Wikipedia står dette: "Kvæfjordkake er en kake med marengsvaniljekrem og mandler, og kalles også ofte for «Verdens beste».
Kaka ble i september 2002 kåret til Norges nasjonalkake av Nitimens lyttere. I kåringen deltok også marsipankake, gulrotkakekransekake og sjokoladekake.
Opprinnelsen til kaka er kongekake, som kvæfjærdingen Hulda Ottestad kjøpte oppskrift på midt på 1930-tallet. Sammen med søsteren drev hun Café Alliance i Harstad, og kjøpte derfor to kakeoppskrifter for 200 kroner. Oppskriften på kongekake ble modifisert, blant annet med færre mandler, som var en dyr vare. Kaka fikk så navnet kvæfjordkake.
Kvæfjordkaka har en egen venneforening kalt Kvæfjordkakas venner. Foreninga arbeider for å promotere kaka, men også for å sette fokus på verdiskaping i distrikter"



Her er kaka klar til steiking. 


Det var ei stor oppskrift eg prøvde i dag, og den oppførte seg fint inni steikomnen.
Før har eg brukt oppskrift med 4 egg, og det har vore lite til heile langpanna. På oppskrift.klikk.no fann eg oppskrift med 8 egg.


Ferdig steikt og klar til å fyllast med vaniljekrem.
Om du vil prøve er oppskrifta her:
Deig
200 g mykt smør
200 g sukker
8 stk eggeplomme
8 ss melk
265 g hvetemel
2.5 ts bakepulver
2.5 ts vaniljesukker
Marengs
8 stk eggehvite
330 g sukker
200 g hakkede mandler/mandelflak
Fyll
  stivpisket kremfløte
  vaniljekrem
Fremgangsmåte
Deig:
Rør smør og sukker hvitt og luftig. Tilsett en og en eggeplomme og rør godt mellom hver gang. Tilsett melk og mel + bakepulver vekselvis.
Marengs:
Stivpisk eggehvitene. Tilsett sukker og pisk til alt sukker har løste seg opp.
Kle en langpanne med bakepapir. Ha deigen i langpannen, bre den ut med en slikkepott. Legg marengsen over og bre den ut med en slikkepott. Dryss over hakkede mandler.
Stek kaken på nederste rille i varm ovn, 170 ºC i 20 -25 min, til marengsen har fått en lett gyllen farge.
Avkjøl kaken på rist.
Del kaken i to like store deler og legg stiv krem blandet med vaniljekrem på den ene halvdelen. Legg den andre halvdelen over med mandelsiden opp.


Eg kokte vaniljekrem av pakke, for den ferdigkjøpte vaniljekremen blir ofte tynn når den blir blanda med krem.

At Kvæfjordkaka har blitt populær, er det vel ingen tvil om. På Kvæfjord kommune si side las eg at kaka hadde vunne med 69% av stemmene,
Ole Bremnes har laga ein song om kaka og Lars Andreas Larsen er Kvæfjordkaka sin høge beskyttar. Han har sagt: «Ikkje bære e Kvæfjordkaka vanvettig go,  
men Kvæfjord markere sæ vanvettig bra som et distrikt med stor verdiskaping. 
Potedes, jordbær og Kvæfjordkaka! Nu må stortengspolitikeran våkne og finne ut at 
det e i distriktan ting skapes - og ikkje længer fettsuge dem. Sagt med andre ord 
blir mitt budskap: Kvæfjordkaka er ikke bare Norges nasjonalkake. Den er et symbol 
på distriktene som Norges nasjonalressurs, og den er et symbol på kvalitet basert 
på egne produkter og tradisjoner."


Vi har hatt eit fantastisk fint vér i dag. Denne fana er 20 år i år. I 17.mai-innlegget i fjor skreiv eg om dei fire fanene eg har sydd. Det kan du sjå her.
Riktig god pinsehelg til alle mine lesarar! Her skal sommarvéret nytast:)



søndag 12. mai 2013

Gåver til konfirmantar og matkunst


I går var det konfirmasjon til tantebarn igjen, -tvillingar. 
Då laga eg noko å gi pengane i.


Eskil fekk rett og slett ei pengelomme. 
Ei bukse blei klipt sund og kanta med to ulike stoff
Konfirmasjonsdatoen er sydd inn på kanten til venstre.


Stjernekar:) Lomma kan brukast til oppheng eller oppbevaring i etterkant.


Sara fekk ei toalettveske med pengar, slik som Amalie sist helg.


Og datoen på baksida. 


Dette var den andre eg sydde av slaget, og då dukka nye idéar opp. 
Endane på glidelåsen fekk stoffbitar med ord på; blessings og joy.


Her er dei flotte konfirmantane.


Det var eit gedigent koldtbord til mat. Og flottare og meir personleg bordpynt kan ein vel nesten ikkje få!!


Vakkert, og godt:)


Eg er stolt av å vere tante til desse "trillingane", som er tvillingar/søskenbarn/naboar,
og som no blei konfirmert helg på helg.
Trivelege selskap og familisamlingar.







onsdag 8. mai 2013

Hekla blomsterglas


I vinter hekla eg ein del trekk til tomme glas.
Dette glaset har stått på trppa med vintergrønt heile vinteren.


No berre putta eg ein stemorsblomst oppi, 
og det blei no egentleg ganske søtt:)


Og søt er no blomsten i seg sjølv også:)


søndag 5. mai 2013

Allsidig gåve


Eg var så heldig å vinne i give-away på Liv Aagots Quilteblogg. 
Og det var ei allsidig og fin gåve. Sjå kor stilig og fint! 


Og nesten alt fekk faktisk plass i denne lille, fine pungen!


Her er utstyr som kan brukast til mykje forskjellig. 


Kjempefine knappar, dingsar og blonde var i den lille hjerteboksen, og den igjen var i pungen.
Men så var det den kula då! Eg kjente, rista og lukta, og var inne på at det kanskje var noko som opna seg i vatn, for tidlegare vann eg Jerikos rose hos Mosekonens puslerier:)


Eg måtte spørje Liv Aagot! Og litt riktig, for den skulle i varmt vatn.


Og etter eit par minutt blei det til ei vakker rose. 
Eg la det ei skål først for å kunne følgje prosessen.


Så tømte eg det over der det skulle vere. I ei tekanne! Det var altså te. Det hadde eg aldri gjetta. 
Og den smakte godt til ost og kjeks. Jordbæra kjøpte eg faktisk forrige fredag, og mykje av den var faktisk brukbar etter over ei veke... Lurer verkerleg på korleis desse bæra er produserte og behandla..
Men i alle fall så var teen ei fin unskyldning til litt ekstra kos på søndagskvelden.

Tusen takk for kjempefin, kjekk og artig gåve. Liv Aagot lagar mykje fint, og ho har ein fin og variert blogg, så den er absolutt verd eit besøk. Og så er ho så flink å legge igjen koselege kommentarar:)





lørdag 4. mai 2013

Toalettveske til konfirmanten


I dag har eg vore i konfirmasjonen til ei tantejente, og då fekk ho ei toalettveske med pengar oppi.


På Lappestua i Ålesund fann eg desse artige knappane. Dei ble utgangspunkt for fargevalet.


På baksida sydde eg konfirmasjonsdatoen.


Inni blei det litt lysare stoff, slik at det blir lettare å sjå innhaldet.


Detaljar høyrer med.


Sydde eit lite kort til, for det må no matche med gåva:)


Her er den flotte konfirmanten i Bolsøybunaden frå Romsdal. Den har mormora brodert.



Bordet var fint pynta i lilla, og blomster i barneskoa var koseleg.
Eg trur konfirmanten var fornøgd med dagen, og eg ønskjer henne alt godt vidare i livet.


onsdag 1. mai 2013

Sheltievotter


Birgitte er veldig flink å strikke, og designer gjerne sjølv. Desse vottane med hunderasen sheltie, har ho no laga mønster til og lagt det ut for salg. Her er damevotten med sin detaljrikdom.


Og her er herrevotten. Begge modellane er nøyaktig forklart og har gode illustrasjonar i mønsteret. 


Modellen sjølv er her foreviga av onkel Raymond.
I bloggen til Birgitte kan du sjå meir om vottane. 
Her er link direkte til Raverly om du vil kjøpe mønsteret. Eller tips gjerne andre.
Det er mange som er glad i denne hunderasen, og tenk kor flott gåve det er til ein sheltieeigar!




LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...