torsdag 23. februar 2017

Brikke i friske fargar


For mange år sidan var eg på eit kurs med Anne Beier Finnestad. 
Ho hadde ein løpar som modell, men eg ville heller sy kuvertbrikker. 
Her er den eine brukt som ei frisk og fargerik brikke på kjøkkenbordet.


Bakgrunnen er quilta med ujevne striper.


Applikasjonen består av mange lag stoff og kvar del er sydd rundt med frihandsfoten 
og trådfargar som passar til stoffa. Dei tynne svarte stripene som stikk fram, 
er quilta med svart tråd.
I midten er det sydd nokre frie effektar. Det vart mange lag å sy gjennom.


Ein svart lukkekant rammar inn dei friske fargane. 
Eg likar å ha fargerike detaljar på kjøkkenet.

lørdag 4. februar 2017

Hemmeleg


Eg er leiar i Molde Quiltelag, og har i snart fire månadar hatt regien 
med å førebu ei hemmeleg gåve. Alle medlemmane fekk utfordringa
med å sy ei hjerteblokk på 9,5x9,5", og levere i smug på eit av quiltemøta. 
Her er den eg laga.


Alle var så positive og likte idéen, og det kom inn så mange fine hjerteblokker i svart og rødt.
Dei blei lagt i ei eske, med silkepapir over, slik at alt ikkje blei avslørt med ein gong. 
På toppen låg ein pose med hjertedrops og ein papirrull.


Og heldigvis hadde vi klart å gjennomføre dette utan at Ruth hadde fatta 
at noko var på gang. Ho blei både satt ut, overraska, rørt, glad og overvelda.
 På denne måten ville vi vise vår store takk for at ho har stått åleine på kjøkkenet
og laga mat til oss på kvart einaste quiltemøte gjennom heile året. På eige initiativ.

Etter at seansen var over, hengte vi opp alle blokkene slik at alle fekk sjå. Så mange fine, og
utruleg kor ulike dei blei. Teknikken var fri, og her er det sydd både for hand og på maskin, 


Det heile starta med at eg sendte ein e-post til alle i laget, utanom Ruth då. 
Alle fellesskriv ho ikkje hadde sett, limte eg opp på ark og rulla saman.


Og inni hjerta står ein del av dei fine kommentarane som kom undervegs.


Fekk knipsa nokre av blokkene før alt blei pakka ned. 




Denne nydelege blokka skilte seg ut. Takk for kaffe og mat på fat, står det. 
Den er laga av Trine Rønneberg, med bloggen Trines Hobby.
No gleder vi oss alle til vi får sjå kva Ruth lagar av blokkene ho fekk.
Ho blei utfordra til å sy eit slumreteppe.




LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...