søndag 25. januar 2015

Bryllupsgåve


Gleda var stor då vi fekk invitasjon til bryllup då eit tantebarn skulle gifte seg. Det er så lenge sidan sist vi var i bryllup. Så begynte tankane rundt gåve å svirre. Dei er godt etablerte frå før og har det meste. Eg likar å lage personlege gåver, men samtidig vil eg at mottakar ikkje skal føle at det må stå framme. Det handlar om stil, smak og om det passar inn. 
Denne gongen enda det opp med praktiske bruksting. 


Først sydde eg trekk til ein boks med tennbrikettar. Det kan no vere nyttig for å få lettare fyr i omnen eller på bål ved utflukter. Og så er det berre å fylle opp med fleire når det er tomt. Eg veit i alle fall at dei har god tilgang på ved. 
Sidan begge jaktar, passa det med eit hjortepar med bankande hjarte for kvarandre.


Jakt og fiske er populært, og vatnet i dammen får vere symbol for fisk her.
Hjarter går igjen i gåva.


På baksida av neverhjarta er det namn og dato. 
Og i det som er applikert, er bodskapen "hold varmen", og det er meint i dobbel forstand.
Ein furukvist har fått påsydde nåler.


Eit serveringsbrett er praktisk til bruk både inne og ute.


Men kanskje er det koselegare å bruke med ei brikke nedi. 
Derfor laga eg tre ulike, alt etter årstid og kva som passar. 
Denne kan brukast til jul, men også heile året om ein vil.

I eine hjørnet har eg sydd inn bryllupsdatoen.


To hjarte har smelta saman. 


Så blei det ei brikke i lilla. 
Den kan vere til advent, men kan også brukast heile året.


Her har eg lurt inn hjarte i frihandsquiltinga.


Den tredje brikka har ramme av ulike stoffbitar som handlar om livet.
Hus, natur, reise, ord, store og små hendingar. Kryssord viser at ting kan gå både vassrett og loddrett, men med godt samhald og samarbeid løyser det meste seg.


Dette sitatet av M. Bonnamo sydde eg inn, for det passar etter å ha sagt ja til å elske og ære kvarandre, og leve trufast saman til døden skiljer dei ad. 
"Å leve lykkelig til sine dagers ende, er noe man må gjøre dag for dag."


Då håper eg at gåva kan vere både til nytte og glede i mange år.


Gårsdagens bryllupsfest var flott og triveleg. Maten på hotellet var fortreffeleg, 
og kakebordet bugna av heimlaga kaker, som var bakt på dugnad. 
Mannen laga nøttebotnen til denne kaka, og eg skar ut og pynta med smørkrem.


Puy, svigerinne til bruda, hadde laga desse kunstverka av fruktfat. 
Namna til brudeparet er til og med skore ut.


Tusen takk, Inger Anne og Asbjørn, for at de ville dele denne fine dagen med oss. 
Med dei beste ønskjer for framtida til denne flotte familien, 
får dette innlegget vere min "dagen derpå-tale".


mandag 12. januar 2015

DIY garnkuler og tre


Eg har sett ein del innlegg på nettet om garnkuler, 
og fekk lyst å prøve sjølv. Då fann eg ut at idéen kunne brukast på skulen også.
Denne kula er fint elevarbeid, som ei mor fekk i julegåve.


For å lage ei garnkule, treng du:
ballong, matolje, bomullsgarn, tapetlim.
Ikkje blås ballongen større enn at den runde forma blir bevart. 
Bland lim med ein del vatn og la tråden bli gjennomvåt av lim.
Smør olje på ballongen, for at den skal sleppe garnet etter tørking.
Dra tråden mellom fingrane for å få fekk overflødig lim.


Så er det å surre tråden rundt og rundt ballongen i mange omgangar.
La den henge til tørk til neste dag.


Her heng to elevarbeid til tørk. 
Desse er dryssa med glitter før tørk.
Den første fekk hengande småpynt inni kula, 
og den er andre er kula på første bildet.


Denne laga eg heime, og ballongen har akkurat blitt punktert med ei nål.
Så er det berre å lirke bitane ut.
Det er viktig at garnet har tørka, og at det er så mange viklingar at det er hald i den, 
før ballongen må til pers.


 Ei lyslenke blei putta inni.


Eg prøvde også å lage tre på nokre kjegler. 
Her tok eg Glad-pack rundt kjegla og surra i veg, 
Tenkte ikkje over at den også burde smørjast med olje, så her blei plasten sitjande fast.
Den ein kjegla hadde eit tjukkare plasttrekk frå før, og der sklei det lett av etter tørking. 
Men samtidig var det vanskeleg å få limtrådande til å ligge på plass, for det sklei så lett. 
Her har eg brukt fleirfarga bomullgarn.


Men uansett så fekk trea vere med på nyttårsbordet.
Eg har i alle fall prøvd teknikken, og om du også har lyst å prøve, 
så håper eg forklaringane mine er forståeleg;)


onsdag 7. januar 2015

Kvistenglar


I samband med naturprosjektet mitt laga eg ein kvistengel. 
Til messene eg deltok på i år, så vidareutvikla eg idéen om kvistengel, 
og dei blei laga i ulike fargar og utformingar.





Etter kvart prøvde eg meg på større modellar også, 
og dei blei eg ganske fornøgd med.




Kvistenglane blir nok mitt varemerke. 
Og det var mange som fekk ein slik som ei lita julehelsing.

torsdag 1. januar 2015

Måtte 2015 bli eit godt år.


Nytt år og nye moglegheiter heiter det. Her er eit lite snitt av nyttårsbordet vårt. 
Englar og blomster skal få prege det første innlegget om mine tankar for året som ligg ubrukt framfor oss.
 2015 er Friluftsåret. Det betyr vel at eg bør bli flittigare med utflukter i naturen. 
Eg kjem heilt sikkert til å sanke både kvistar og meir i naturen i år også.

På Wikipedia står det at 9. april er det 75 år sidan Tyskland invaderte Noreg. 
Eg vil heller fokusere på at 8. mai er 70 år sidan krigen slutta her i landet.
Måtte det bli fred for alltid for alle, sjølv om eg veit at det er ein ønskjedraum.


Vi var fem til bords i går kveld, og det stod pinnekjøt på menyen. 
Dessverre så er det ikkje alle som kan spise seg mette eller kose seg i eit varmt hus.


Eg likar å pynte bord, og denne gongen blei det turkis, lilla, sølv og natur i tillegg til det lyse. 
 Og alle fekk ei rose ved sin kuvert.


Måtte det bringe lykke og at ingen opplever vonde ting, sjølv om eg veit at det er for godt til å vere sant. Både kong Harald og statsminister Erna Solberg hadde fokus på mobbing i sine nyttårstalar.


Det er viktig både å sjå og bli sett, 
og det er viktig både å hjelpe og få hjelp.


Hyllene i gangen fekk litt ekstra pynt. 
Alle bør være trygge og føle seg vel saman med andre.


Tulipanar frå eit vennepar er omkransa av englar. 


Eg laga ein del dekorasjonar som gåver, og ein til å ha sjølv. 
Denne skulle liksom vere på nyttårsbordet, men det blei gløymt til eg hadde fylt opp med andre ting. 
Men den gjorde seg bra på hylla i sittekroken også. 

1.januar for tre år sidan blei bloggen min starta, så det betyr at det er bloggbursdag i dag;) 
Det er så kjekt å sjå tilbake på hendingar og ting eg har laga. 
Og for seinare vil eg ta med dagens status:
303 innlegg, 3633 positive kommentarar, 
235 følgjarar og 165.000 sidevisningar. 

Tusen takk for at du er med og held liv i bloggen min! 
Det gir inspirasjon til å halde fram, og kvar einaste kommentar gleder meg. 
Eg ønskjer deg det beste for året vi har starta på!

Og kanskje kjem det ein give-away når det lir på også;)





LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...