mandag 12. januar 2015

DIY garnkuler og tre


Eg har sett ein del innlegg på nettet om garnkuler, 
og fekk lyst å prøve sjølv. Då fann eg ut at idéen kunne brukast på skulen også.
Denne kula er fint elevarbeid, som ei mor fekk i julegåve.


For å lage ei garnkule, treng du:
ballong, matolje, bomullsgarn, tapetlim.
Ikkje blås ballongen større enn at den runde forma blir bevart. 
Bland lim med ein del vatn og la tråden bli gjennomvåt av lim.
Smør olje på ballongen, for at den skal sleppe garnet etter tørking.
Dra tråden mellom fingrane for å få fekk overflødig lim.


Så er det å surre tråden rundt og rundt ballongen i mange omgangar.
La den henge til tørk til neste dag.


Her heng to elevarbeid til tørk. 
Desse er dryssa med glitter før tørk.
Den første fekk hengande småpynt inni kula, 
og den er andre er kula på første bildet.


Denne laga eg heime, og ballongen har akkurat blitt punktert med ei nål.
Så er det berre å lirke bitane ut.
Det er viktig at garnet har tørka, og at det er så mange viklingar at det er hald i den, 
før ballongen må til pers.


 Ei lyslenke blei putta inni.


Eg prøvde også å lage tre på nokre kjegler. 
Her tok eg Glad-pack rundt kjegla og surra i veg, 
Tenkte ikkje over at den også burde smørjast med olje, så her blei plasten sitjande fast.
Den ein kjegla hadde eit tjukkare plasttrekk frå før, og der sklei det lett av etter tørking. 
Men samtidig var det vanskeleg å få limtrådande til å ligge på plass, for det sklei så lett. 
Her har eg brukt fleirfarga bomullgarn.


Men uansett så fekk trea vere med på nyttårsbordet.
Eg har i alle fall prøvd teknikken, og om du også har lyst å prøve, 
så håper eg forklaringane mine er forståeleg;)


10 kommentarer:

  1. Stilig!
    Syns eg har sett det blitt brukt før.
    Artig dei tra du laga.
    Her bles det godt no. Ikkje kjekt!

    God natt!

    SvarSlett
  2. Så fine og lekre med lyslenke inni.
    Takk for tips og kjempefin oppskrift :)

    SvarSlett
  3. Eg har ei slik lykt med lyslenke i, har laga den sjølv.
    Kjegle har eg ikkje sett før. Dei var stilige.
    Og det kjekke er at born i alle aldrar kan få til å lage slike lykter.

    God natt, med storm rundt nòvene...

    SvarSlett
  4. Det er veldig hyggelig... super med lys. Kanskje jeg vil prøve med vakker garn.
    Tusen takk for anbefaling. Ha en fin tirsdag. Klem

    SvarSlett
  5. Artig teknikk!, og fin aktivitet for dem som ikke liker å bli klissete på fingrene! Fint blir det også. Flott julepresang, og et godt tips å skrive seg bak øret til neste jul. Takk for oppskrift!

    God tirsdag fra Ingunn

    SvarSlett
  6. Det ser morsomt ut. Det må jeg prøve en gang

    SvarSlett
  7. Veit du..slik lagde jeg taklampen på hybelen min i Volda da jeg gikk på gymnaset på slutten av 70-tallet!! Ullgarn, tapetklister og ballong:) Artig.

    SvarSlett
  8. Åååå kor artig å sjå! Eg laga slik taklampe på ungdomsskulen midt på 70-talet!
    Den var til og med raud! Hadde den på rommet mitt huskar eg. Ser ho som har kommentert over her gjekk på skule i Volda...eg gjekk på ungdomsskule i Austefjorden som er i Volda kommune:) Artig sammentreff.

    SvarSlett
  9. Så artig og så lurt :) Dette skal jeg vise til mine tidligere kollegaer på sfo!
    Ha en fin dag :)

    SvarSlett
  10. Hej, tack för din kommentar hos mig. Vilka bra ideer du har, Så fint det blev med ljus i kulan. Kvistänglarna gillar jag, måste prova att göra några till påsk, Ha det fint kram Irene

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...