mandag 27. januar 2014

Sommarfuglar i gangen


Eg skal vise litt meir frå gangane på skulen. 
I enden av eine gangen har eg satsa på sommarfuglar. 
Dei flyg rundt blant roser og greiner.


Stille vaktar dei ved dørene,


og samlar seg på ei svartmåla grein på veggen.


Dette biletet er så fint etter min smak, 
og det blei utgangspunktet for resten av dekoren. 


Nokre sommarfuglar har sett seg til oppå plantene på hylla. 
Dei er snille, vakre og vevre, og kanskje gjer dei både 
elevar og tilsette gladare? 
I alle tilfelle så får all pynten vere i fred, 
Eg har alltid meint at barna øydelegg ikkje det som er fint og skikkeleg.


Oppå hylla står også denne vakre gåva frå ei mor, som er så glad og takknemleg for at hennar barn får gå på Tøndergård. Det er ein spesialskule, som tek imot elevar med ulike vanskar 
frå heile Møre og Romsdal.
Alle får ekstra oppfølging både fagleg og sosialt utifrå det stadiet dei er på. Dei treng verkeleg å oppleve mestring, få vennar og auke sjølvtilliten
Og eg er glad for at eg får jobbe med desse flotte barna;) 

torsdag 23. januar 2014

Snorklippingsputa på veggen og flott give-away



Då eg mimra meg gjennom blogginnlegga frå 2013, kom eg på at eg har ikkje vist meir om 
puta og saksa etter snorklippinga for nybygget ved Tøndergård skule og ressurssenter i Molde. 
I gangen i nybygget er altså puta no, saman med montasjar frå den store dagen. 


Puta, som gullsaksa låg på, står no oppå ei hylle.


Her er avisoppslaget som stod i Romsdals Budstikke dagen derpå. 
Saksa har fått plass på eine sida.


I den andre ramma har eg montert glimt frå feiringa og ein song som blei dikta til 
40-årsjubiléet for skulen og for nybygget. 
I gangen er skåpdørene i blå- og grønfargar, så eg brukte det som smårammer. 
Det er viktig at ting står i stil veit du;)


Det er kjekt at tinga kan kome til nytte etterpå også.
No fungerer det både som dekor og dokumentasjon frå opningsdagen.

HER er innlegget som blei laga om puta og saksa til snorklippinga 01.02.13. 
Eit kjekt og ærefullt oppdrag var det;)

Og så må du stikke innom LappeGrete og delta på den flotte give-awayen ho har for å samle inn pengar til forskning på brystkreft. Det er eit kjempefint lappeteppe i premie, men eg får ikkje lasta opp biletet. Men ta deg ein tur, så ser du!

søndag 19. januar 2014

Redesign og trekning

Aller først vil eg seie tusen takk for alle hyggelege kommentarar, og for at så mange ville vere med på give-awayen min. Og ikkje minst hjarteleg velkommen til nye følgjarar. Eg syns det er så kjekt å arrangere lotteri på bloggen, og til no har eg laga premiane sjølv kvar gong. 
Kven som blei vinnar av Post-it-opphenget skal eg kome tilbake til.


Først vil eg vise kva som var fergearbeidet mitt før pleddet, for det dukka opp då eg rydda saman etter monteringa av heklerutene. Det var eit strikkearbeid som skulle fellast inn i ein kjole som var for kort.
No fann eg ut at det var egentleg for lite, så dei siste fergeturane har gått med til å hekle øverst og nederst på strikkinga.


Denne kjolen skal klippast av på midten, og så skal fletteborden fellast inn. 
Det var på etterjulsvinteren i fjor at eg fekk den idéen, og no eitt år seinare er den endå ikkje ferdig...
Men om eg får det til, så kan den bli ferdig snart;)


Nederst på kjolen var det ein smal blonde.
Der har eg hekla på tre omgangar med luftmaskebogar.


Rundt hetta blei det ein omgang.


I den eine sida har eg planlagt knappelukning.


Sidan det var redesign, fann eg nokre nøster med garn eg hatt i årevis.Veit ikkje kva eg skulle ha det til heller. Og no kom det altså til nytte;)


Etiketten viser at det ikkje er av nyaste årgang. 
Du skal få sjå resultatet av monteringa dersom det blir brukbart. Eg har no lyst å bruke kjolen før denne vinteren også er over.


Og her er premien til DEG
Oddbjørg med bloggen My Creative Corner
-fordi du fortjener det:) 
Så snart eg får adressa di, vil fuglen flyge til deg. 
Besøk bloggen til Oddbjørg, for der er det mykje fint og variert!

Eg skulle gjerne hatt premie til alle andre som var med også, fordi dei fortjener det! 
Men det blir fleire sjangsar. Eg har ei plan, så følg med;)


Trekningsdatoen la eg til 19. januar, for det var bursdagen til far min. 
I dag var eg på grava med svibel og litt grønt i ein boks. Det tåler å stå ute om det er vinter.

Ønskjer deg ei riktig fin veke!

fredag 17. januar 2014

Julegåve og snart trekning


Til jul fekk eg kjempefine pulsvantar.
Og jammen passa dei til sjalet eg fekk i bursdagsgåve. Her er meir om det sjalet.


Og det er kanskje ikkje så rart sidan det er laga av same person;)


Birgittes eigen design! Pulsvantane er godt brukt allereie:)
Og det er ikkje berre til mor ho lagar ting. Sjekk den fine bloggen då! Birgittes forglemmegei.


Godt å bruke både haust, vinter og vår.


Sjå kor Bianca og bestemor matchar då;)


Og jammen matchar eg gardinene på quiltemøtet også;) Ha, ha. Det var ikkje planlagt akkurat;)
Det er Vis og fortell, og eg hadde med dette Post-it-opphenget som DU kan vinne på søndag.
Har du ikkje hengt deg på endå, så er det endå litt tid.
Då kan du klikke deg inn HER.




lørdag 11. januar 2014

Slumreteppe


I fjor hadde eg hekling av lappar som fergearbeid. Det er snerte å jobbe med i bilen, og berre å slenge borti setet når eg må kjøre på land. Fergeturen er berre 10-15 minutt, men det er rart kva ein får gjort når ein pendlar kvar dag.
Utgangspunktet for desse rutene er mønsteret Romantic Memories fra Drops design. 


Men eg har brukt anna garn og andre fargar, og eg har stavar i staden for halvstavar på siste runde. I tillegg har eg ei runde med stavar i koksgrå farge. Her er brukt Karisma garn og heklekrok nr 4,5, og rutene består av grøn, blå, lyst og to gråfargar. Mot slutten sat eg att med mange smårestar av garnnøstane, og bestemte meg då for å hekle nokre ruter med fleire fargar. Det er eg glad for no, for det kvikkar opp teppet.


Eg hekla to omgangar med stavar som ramme. Det blei litt dystert, så det blei ein kant i tillegg med innslag av grå bouclé fra Sandnesgarn.


Eg er så glad i å fotografere ved denne avkappa greina;) 
Det er ikkje berre på tur eg finn hjerter. 
Rutene er hekla saman frå baksida med kjedemasker i ytre maskeledd. Det gjer teppet stødig.


Kanten rundt blei avslutta slik: ei fastmaske i kvar tredje stav og to luftmasker mellom. 
Bouclétråden blei hekla inn i fastmaskene.


Heklearbeidet starta eg på i mai, og fargane blei plukka berre fordi eg likte dei. 
Utpå sommaren fekk eg så lyst på litt gardinforandring, og skreiv etter nokre roll-up-gardiner frå Jotex til 35 kr pr stk!! Uvante fargar gjorde at stua blei litt ny for ein veldig billig penge;) 
Ein dag eg sat på ferga og hekla, slo det meg at fargane var no dei same! Så kjekt, og så bra. Dette er fargar eg aldri har brukt i huset før. Kanskje det skjer eit under til snart også; -at eg målar karmane i staden for berre å tenkje på det;)


Teppet måler ca 150 x 120 cm, og består av 10 x 8 ruter. 
Vekta er 1470 gram, så det er ikkje rart at eg kokte fleire gonger under monteringa.


Men ein og ein halv kilo ull varmar godt no når kuldegradene kjem snikande. 
Og ertersuppa kokt på kraft frå nyttårsteika, varma også godt i dag. Den var faktisk veldig god med gulerter, byggryn, gulrot, løk, mårbitar, timian og urtekrydder. 
Og at det no kjem litt snø og minusgrader, er vel meir normalt for årstida enn 10-12 grader 
som vi har hatt til no i vinter. 
Så må eg vel finne meg eit nytt fergearbeid i det nye året. 
Minner samtidig om gi-borten min, om du har lyst å vinne.



onsdag 8. januar 2014

Artikkel om meg i Norsk Quilteblad

I Norsk Quilteblad nr 4 2013 var det ein artikkel om meg og naturprosjektet eg gjennomførte som NQF- stipendiat. For meg var dette eit svært givande prosjekt, og eg kjem til å bruke naturen i ein del av arbeida mine vidare. Om du klikkar på biletet, trur eg det går an å forstørre det opp.




lørdag 4. januar 2014

Premie til deg?


Bloggen min har fylt to år, og i forrige innlegg lova eg eit blogglotteri, -eller give-away som det som oftast blir kalla i bloggverda;)  Premien denne gongen er eit oppheng til Post-it-blokka. 
Det er min eigen design. Motivet er frihandsquilta med symaskina på ullfilt. Sjølve lommeopphenget er sydd av to ulike bomullstoff med vatt mellom, og dekorert med band, knappar og fleirfarga tråd.


Eg leitar så ofte etter Post-it-blokka, for det er så lett å ta med heile blokka i staden for lappen eg har notert på. No får blokka sin eigen plass, og den koselege fuglen kan minne meg om at eg skal hugse å legge blokka tilbake;)


Og om eg hugsar å henge pennne på plass også, så er det mykje enklare når eg skal notere noko i full fart, -og før eg gløymer det;)


Lappane kan også samlast oppi her, om du hugsar å kikke oppi av og til då;) 
Eller opphenget kan brukast til rekningar, som du skal hugse å betale:)
Eller kanskje du heller vil bruke den til kort og brev?


Har du lyst å vinne dette opphenget?
Du får eit lodd for kvar av desse tinga:
Legg igjen ein kommentar under her.
Er eller blir følgjar av bloggen min.
Legg meg i bloggrollen din.
Deler dette innlegget via facebook eller blogg (link i sidefeltet eller innlegg)
Bruk det siste bildet.
Du kan altså få 4 lodd.

Skriv i kommentaren kor mange lodd du tar, og hugs namn eller e-post om du ikkje har eigen blogg, slik at eg kan kontakte deg om du blir trekt ut som vinnar. 
Trekning blir 19. januar.

(Om du ikkje er vant til å kommentere på blogg, så står det ei forklaring nederst når du trykker på kommentarer. Berre spør om du lurer på noko.)

Då gleder eg meg til å sjå kven eg kan sende denne gåva til.
Nyt helga!





onsdag 1. januar 2014

HJELP! Er det 2014 allereie?


"HJELP! Er det 2014 allereie?  Då er jo Prøysenåret i gang, og eg har så mykje å stelle i stand!"


"I går blei eg lita som ei teskei då eg skulle ause opp potetene til nyttårssteika! Og så måtte den gode mannen min hjelpe meg nok ein gong. Heldigvis var det ingen av gjestane som merka at eg var borte. 


Eg søkte dekning i blomsterpotta til rakettoppskytinga var over. 
Skal tru om eg greier å halde meg stor under alle arrengementa som skal foregå i år for å markere at det er 100 år sidan "faren min", Alf Prøysen, blei født?"


Teskeikjerringa får nok mykje å styre med dette året. 100 år sidan sjølvaste Prøysen kom til verda, kan ikkje gå upåakta hen.
Men det skal heller ikkje toårsdagen til bloggen min! Det skal feirast med eit nytt blogglotteri;) 
Og kva du kan vinne denne gongen, skal du få vite i neste innlegg;)

Sidan eg starta å blogge 1. januar i 2012, har eg posta 236 innlegg, 206 har lagt seg til som følgjar av bloggen, over 80.000 har vore innom sida mi, og eg har fått nesten 3000 koselege kommentarar. 
Dette gjer at eg vil drive bloggen vidare dette året også;) Tusen takk til deg som oppmuntrar meg til å halde fram!


Året 2013 har gått forbi oss, men skosålen som "eg fann, eg fann", har fått nytt liv.
Naturprosjektet mitt er offisielt over, men eg veit at eg er ikkje ferdig med å bruke ting frå naturen i syinga. I siste nummer av Norsk Quilteblad var det ein reportasje om meg og prosjektet mitt, men det skal eg kome tilbake til i eit seinare innlegg.


Til nyttårsmiddagen i går fekk kvar enkelt ei barkestjerne og ei Askepottnøtt, som eg håper vil bringe lykke i det nye året. 


Mine ønskjer er at ALLE skal ha det bra, og føle seg trygge og betydningsfulle saman med andre. 
Det betyr ja til inkludering og rausheit, og nei til mobbing og egoisme.

Måtte også dei som sprer løgner og ondsinna rykter få det bra med seg sjølv, slik at dei sluttar å øydeleggje for andre.

"La oss bruke 2014 til å feire våre friheter med klokskap", sa kong Harald i sin nyttårstale.

"Vi som voksne må ta tak i mobbing blant barn og unge. En ødelagt barndom kan sette dype spor. En god barndom varer hele livet", sa statsminister Erna Solberg i sin første nyttårstale.

GODT NYTT ÅR TIL DEG!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...