Då eg mimra meg gjennom blogginnlegga frå 2013, kom eg på at eg har ikkje vist meir om
puta og saksa etter snorklippinga for nybygget ved Tøndergård skule og ressurssenter i Molde.
I gangen i nybygget er altså puta no, saman med montasjar frå den store dagen.
Puta, som gullsaksa låg på, står no oppå ei hylle.
Her er avisoppslaget som stod i Romsdals Budstikke dagen derpå.
Saksa har fått plass på eine sida.
I den andre ramma har eg montert glimt frå feiringa og ein song som blei dikta til
40-årsjubiléet for skulen og for nybygget.
I gangen er skåpdørene i blå- og grønfargar, så eg brukte det som smårammer.
Det er viktig at ting står i stil veit du;)
Det er kjekt at tinga kan kome til nytte etterpå også.
No fungerer det både som dekor og dokumentasjon frå opningsdagen.
HER er innlegget som blei laga om puta og saksa til snorklippinga 01.02.13.
Eit kjekt og ærefullt oppdrag var det;)
Og så må du stikke innom LappeGrete og delta på den flotte give-awayen ho har for å samle inn pengar til forskning på brystkreft. Det er eit kjempefint lappeteppe i premie, men eg får ikkje lasta opp biletet. Men ta deg ein tur, så ser du!
Så smart å få "brukt det igjen"!
SvarSlettFlott måte å ta vare på det, kjedelig når slikt bare blir borte med tid og stunder :)
God helg!
Så oppfinnsomt å bruke dette som dokutmentation på positive hendelser.
SvarSlettFlott.
Tenk at du har sydd denne flotte puta og laget de fine bildene! Så supert med kombinasjonene dekor og dokumentasjon!
SvarSlettSo lovely! :)
SvarSlettGreetings from Finland!
Hugs, Ulla
Det ble jo veldig dekorative minner. Fint å stille ut slike prydgjenstander isteden for at det blir gjemt bort i en skuff.
SvarSlettFint å ta vare på minnene! Den puta er bare så lekker, absolutt er verdig underlag for ei gullsaks!
SvarSlettFortsatt god søndag!
Klem
Kjempefin måte å ta vare på minnene på:))
SvarSlett