fredag 30. mars 2012

Jula varer heilt til påske


Det som ikkje blir gjort med det same, har ein tendens til å bli liggande på vent,
i alle fall med meg... Og dette er altså ei forsinka julegåve; -ein tennbrikettboks som blei ferdig til palmehelga!! Men no snøar det faktisk ute, så det er kanskje bruk for vedfyring endå;)
Boksen er dekorert ulikt på sidene, så då kan dei nok variere kva som skal visast mest.
På den eine sida er to strykemerke sydd på med sølvtråd på sidene.
Midt mellom er det sølvstjerner og perler, og eit blondeband øverst og nederst.
I tillegg er det orandje pyntestikningar rundt.



På den andre sida er det eit hekla hjarte med sølvkant rundt. Ein engel er festa på med sølvtråd, blondeband og ein tags med "made for you" på.


Det er også festa på nokre perler og ein knapp for å friske det meir opp.
Øverst er eit band med tekst "wish hope dream" kombinert med blonde og "diamantar".



Det heile er avslutta med ein grov blonde, merkelapp og ein knapp.
Eg håper boksen og fargane fell i smak, og at jule-påske-gåva kan bli til nytte og glede;)

onsdag 28. mars 2012

Busteugle




Ei ugle "ramla" ned i hovudet mitt når eg var ute på tur, og då måtte eg teste den.
Den var kjapp å lage, så eg prøvar kanskje fleire versjonar etter kvart.
Eg berre dikta etter kvart, og dette førsteutkastet blei no ganske bra;)
Har du lyst å prøve deg på ei slik ugle? I tilfelle kjem ei heimsnekra oppskrift og forklaringar her;)



Det meste av garn kan nok brukast, men her har eg brukt eit brunspetta effektgarn, Pillpi Alpakka.
Eg strikka stort sett glattstrikking (ein omg. rett og ein omg. vrang), men  gløymte meg av og til, så det blei nokre riller innimellom. Egentleg var det berre fint;)
Legg opp 14 m på pinne nr 5, og strikk to omgangar. Auk ei maske i starten og slutten av neste pinne, så ein pinne utan auking, og den neste med auking i kvar side igjen. Då har du 18 masker på pinnen.
Fortsett med glattstrikking til arbeidet måler ca 14 cm.
(Brukar du tynnare/tjukkare garn og pinnar, må sjølvsagt lengda bli kortare/lengre.)
Fell så ei maske i starten og slutten av neste pinne, så ein omg. utan felling, og fell i kvar side på neste omgang igjen. Då skal du ha 14 m igjen. Strikk så tre omg. til før du feller av.


Rundt kanten har eg brukt eit pelsgarn, Funny frå Sandnesgarn og heklekrok nr 4.
Start ca der halsen blir og hekle ei runde med fastmasker. I hjørna må du nok hekle to-tre gonger i same maske for at det ikkje skal stramme. Hekle ein omgang til med fastmasker, men øverst i kvar side skal det heklast øyrer; 1fm, 1hst, 1st, 1dbst, 1st, 1hst, 1fm. Fastmasker vidare til det er 7m igjen, og lag så neste øyre på same måte. Deretter heklar du fastmasker til runda er ferdig.



Ta av tråden og tråkle den over til andre sida. Stram litt til for å danne hals. Fest tråden.
Til auger har eg laga to jo-jo-ar av grønt batikkstoff og festa ei krystallperle i midten.
Augene er ca 3 cm i diameter ferdig (den grøne malen).
Nebbet er ein trekanta knapp frå då eg og Vigdis dreiv sybutikk for 25 år sidan;) Ed-Vi Tekstil;)



Ugla blei litt slapp av dette garnet, så eg tredde litt ståltråd rundt baksida av hovudet, samtidig som eg laga eit lite oppheng.


Til slutt tok eg ståltråd som bein nederst. Dei går gjennom heklinga og rundt pinnen.
Kjempeartig om du også lagar ei slik ugle;) Og då reknar eg med at du linkar til meg.

Til slutt vil eg takke så mykje for fine kommentarar. Det varmar og gir meg lyst til både å lage ting og blogge om det. Og ja, eg blir veldig glad når du skriv nokre ord;) ;)

lørdag 24. mars 2012

Minner etter årsmøtet i NQF i Bergen

No har det allereie gått ei veke sidan årsmøtet i Bergen. Ei veldig kjekk og inspirerande helg, og minna er mange. Og for meg var det ekstra kjekt å bli tildelt Norsk Quilteforbund sitt stipend for 2012 på kr 15.000,-. Å bruke naturen i quiltinga, er ein tanke eg har hatt lenge, og i romjula kom tanken om eg skulle driste meg til å søkje på NQF sitt stipend. Vurderte fram og tilbake, men fann ut at om eg ikkje gjorde det, ville eg kanskje ha angra meg etterpå. Og no er eg så glad, for dette stipendet er veldig inspirerande for meg;) ;) Tenk at andre har tru på meg og min store hobby!! "Quilting i samarbeid med naturen og andre teknikkar" kalla eg søknaden. Eg har ikkje sett at andre har sydd med ting frå naturen før, og ikkje har eg greidd å spore opp noko heller. Og det er bra, for eg vil vere nyskapande og utvikle quiltinga i nye retningar. Ideane har kome dalande den siste veka, og eg har allereie prøvd nye ting. Noko av det kjem eg til å vise på bloggen min framover, men eg legg igjen ein liten smakbit her, og det er mine to aller første prøvelappar etter at eg bestemte meg for å prøve ut ideen.


Mitt første forsøk var å sy barnåler på ein furukvist.


Og det neste var å sy på ein bjørkekvist og dekorere litt rundt. 
Har du lyst å følge med i bloggen og prosjektet mitt framover, så er du velkommen til det. Og eg blir glad om du kjem med idear til kva eg kan bruke og kva eg kan lage.
Resultatet skal eg til slutt presentere å NQF sitt årsmøte i Sarpsborg i mars 2013.


Men det var sjølvsagt veldig mykje anna som skjedde på årsmøtet, og eg er veldig glad i utstillingane. Der brukar eg å ha mange runder. Her er vinnaren av Barnekonkurransen "Diamantar". Det er laga av 1B frå Bjørnelien skole. Elevane hadde tatt med stoffbitar som betydde noko spesielt for dei, og laga jo-jo-ar som er festa på i diamantform. Ein artig måte å løyse oppgåva på.
Veldig bra at NQF arrangerer konkurranse for barn også, for dei er våre framtidige quiltarar. Og når dette blir meir kjent etter kvart, vil nok fleire delta.

Dei to andre åra har eg vore involvert i denne konkurransen med mine elevar, og det blei 1.plass begge gongane;) ;) Veldig kjekt, og barna var så ivrige med arbeidet.  
Linkar til teppa ligg under her. 
Det første året, i 2008, vann 1.klasse ved Midøy skule.
Og i 2011 vann 4. og 5.klasse ved Midsund Montessoriskule.  Dei tok også 3. plassen i Birmingham!


Dette flotte teppet var vinnar i konkurransen "Hav". Kjersti Thoen var ein verdig vinnar. Utruleg flott arbeid. Eg stod lenge og beundra detaljane;)


2.premie gjekk til Sølvi Krokeide. Dette teppet fekk også publikumsprisen. Du verden for eit praktverk! Alle skulle hatt anledning til å studere alle detaljar på nært hald. Heilt utruleg kva den dama får til. Eg kjem aldri til å gløyme Årsmøteteppet ho laga eit år!! Det var fantastisk.


Eg tok utfordringa med å lage eit blogginnlegg før årsmøtet, og fekk derfor tildelt denne bloggknappen;) Det er veldig bra at NQF vil fokusere på quiltebloggarar;)
Bloggforumet var veldig kjekt, og eg reknar med at det blir tildelt meir tid dei neste åra. Interessen er stor, blogging har blitt veldig populært, og vi har mykje å lære av kvarandre. Det var kjekt at Merete Veian hadde det, for det var ho som fekk meg interessert i blogging, etter eit intervju med henne i Norsk Husflid. Eg veit ho sit inne med mykje kunnskap.

Av foredraga likte eg spesielt godt foredraget til Unn Stähr Irgens, som fekk stipendet i fjor for å studere juryering av tepper i Sør Afrika.
Eg kunne egentleg ha skrive side opp og side ned om årsmøtet, men innlegget er vel allereie langt nok som det er... Flotte butikkar, utstillingar og foredrag skulle hatt omtale osv..

Gå inn på bloggen til Norsk Quilteforbund. Der er det mange innlegg om årsmøtet;)
Og til slutt: Tusen takk til leiar marit Sande Iversen, styret, redaktør, Bergen Quiltelag og alle andre som står på for at vi stoffgalne kan ha slike treff!! Håper de føler at det er verd strevet;)


onsdag 21. mars 2012

Mykje lys og mykje varme


Her har eg dekorert ein tennbrikettboks til ein kjekk kar som runda år. Eg har quilta fleire samansydde stoff, og pynta på ulike måtar rundt, så kva som blir front kan varierast. "Mykje lys og mykje varme", er sydd med både snor og tråd. Prikken over j-ane er ei lita gullperle.
Under er det applikert eit gamalt motiv og ei paljettsdtjerne.


Neverhjarte er festa med hyssing.


Pyntesaumar og band er sydd på, samt lappar med "Homemade" og "Edny sine puslerier".


Blondar, band, saumar og fletta hyssingband både øverst og nederst.


Då håper eg at mottakaren har både nytte og glede av gåva. Brikettane kan brukast til å få fyr i omnen eller fyr på bålet på ein koseleg tur.

onsdag 14. mars 2012

Ei dame forut for si tid


Det er berre å ta av seg hatten for Maria Montessori. Alt den dama greidde å gjennomføre lenge før datamaskiner, internett, mobiltelefonar og anna teknologi ordnar opp for oss, greier eg ikkje å fatte. Og det kunne ikkje vere enkelt i eit mannsdominert samfunn. For å forklare biletet og tanken bak, må det bli ein del tekst i dette innlegget.


Maria Montessori er grunnleggjaren av montessoripedagogikken, og den brer seg endå over heile verda. Ho var frå Italia, og blei bl.a. lege, pedagog, antropolog, forfattar av mange bøker, foredragshaldar, starta barnehagar og skular i fleire land, utvikla mykje læremateriell som endå er i bruk, osv, osv. Her har eg overført bilete av litt kjent montessorimateriell frå språk og matematikk. Gullperlene er sentral, og derfor har eg laga ein tiarstav.
"Hånden er hjernens redskap" er hennar mest kjente sitat, og det var det sitatet som fanga meg.
Fredag 16. mars går det eit program om henne på NRK2 kl 20.10. Då er eg i Bergen på årsmøte i NQF, så eg håper inderleg at det går i reprise.


Montessoripedagogikken har fokuset på praktisk læring ved bruk av alle sansar.
 Barna skal gjere og erfare, eksprimentere, studere, sjå kor det utviklar seg frå frø til ulike vekstar, lære om alle levande skapningar, verdrommet, korleis alt har ein samanheng osv.
Ho var veldig opptatt av fredsarbeid, og sa at "Skal det bli fred på jord, må vi starte med barna". Maria Montessori var nominert til Nobels Fredspris tre gongar. Fred blant menneska er den raude tråden i hennar bodskap, og den raude tråden knyter også barna sine utviklingsfasar saman. Derfor har eg prøvd å la den raude tråden gå gjennom biletet, og frå den frihandsquilta rosestilken. For å skape balanse, er den også med i alfabetet, som endar i ei rose av silkeband. Inni rosa er det hekla metalltråd, slik som første del av alfabetet heng i. Før heklinga er det tredd på grøne perler. Dette er også brukt i hjartet, og sommarfuglen i midten er eit symbol. Montessori samanliknar den forvandlinga 6-åringane går gjennom, med metamorfosen, -den forvandlinga som skjer frå larve til sommarfugl.


100 år etter Maria sin fødsel, blei ho heidra på mange måtar, og aller mest i Italia. Her har eg kopiert eit frimerke over på stoff. Omriss og nervar i bladet og andre detaljar har eg frihandsquilta, og sitata er sydd på frihand med symaskin.


I jubileumsåret var ho å finne i trykt versjon på mange måtar. Her er små bilete både av frimerke, pengesetlar og frå hennar rikhaldige liv. Dette har eg ramma inn med diamantblonde. Ulike redskap er også med for å vise noko av det barna kan bruke.


Nederst legg den raude tråden seg i hjarteform, og her er mange ting som kan utforskast, som bark, barnåler, kongler, fjør og alle nervane som finst i blad.
Dette biletet er ei gåve frå meg til Midsund Montessoriskule, der eg starta som rektor då skulen starta opp i 2009. Håper det kan vere til glede og inspirasjon for alle som brukar huset;)



mandag 12. mars 2012

NQF sitt årsmøte i Bergen 2012


Nedteljinga til Norsk Quilteforbund sitt årsmøte til helga er snart over. Eg gleder meg slik til å komme til Bergen på fredag. Har bestilt fly om morgonen slik at eg kan nyte byen først og så ei heil helg med likesinna quiltera på Radisson Blu ;) ;) Eg bestilte faktisk flybillettar i september fordi eg angra meg slik over at eg ikkje drog til Tromsø i fjor.

Helga skal nytast saman med mange trivelege folk, og eg reknar med at eg er fullstappa med inntrykk og inspirasjon når eg reiser heim søndag kveld. Eg reiser ikkje før på kvelden, for denne gongen skal eg ha med meg alt;)

Og i år blir det Bloggforum for første gong, og det har eg meldt meg på;) Er veldig spent på kva det går ut på, og forhåpentlegvis får eg mange nye bloggvennar;)

Gå inn på nqf.no og lær meir om Norsk Quilteforbund dersom du ikkje er kjent frå før!
Håper eg møter mange av mine bloggvenner i Bergen;) Skal du dit?

søndag 11. mars 2012

Bluse av putetrekk


Denne blusen dukka opp då eg rydda i eit skåp. Den er litt spesiell, og sansynlegvis den einaste i sitt slag, sidan eg har sydd den utan mønster og av putetrekk.
Eg fekk to nydelege handbroderte putetrekk i Amerikagåve frå tante mi på 70-talet, som takk for barnepass;) Dei var for fine til å brukast, men tenkte at dei kunne innviast då eg gifta meg i 1980.
Men då var det så mykje anna som skulle ordnast, at det blei ikkje då heller.


Ein del år seinare, fekk eg ideen med å sy meg ein bluse. Eg måtte prøve å øydelegge minst mogleg av dei flotte putetrekka. Derfor er heile broderiet og avslutningskanten av tette tungesting, med både foran og bak, og berre festa til eit dobbelt skulderstykke. Framme er det festa med fire roseknappar.



Broderiet er så nydeleg, og baksida vitnar om at dette er handlaga.


Ryggstykket har også med heile broderiet og tungekanten.


Her er nedkanten av broderiet klipt i ein spiss, og stykket under har fått eit legg.
Ermane er klipte av delen utan broderi, og rynka på skuldrane.


Den fine tungekanten blei bevart nederst på ermet også, og resten er regulert med
to sydde legg og påsydd strikk.



Her er blusen henslengt ved inngangen, lykkeleg av å få komme fram i lyset igjen;)
Den har vore brukt både 17. mai og i konfirmasjon, før eg fekk meg bunad.
Med litt justering, skal den no takast i bruk igjen;) ;)
Forstår egentleg ikkje kvifor den har vore vekkpakka så lenge!!
(Kanskje den var for liten ein del år???  Ja)
No er eg lykkeleg over å ha funne den igjen;) ;)

fredag 2. mars 2012

Hobbyrom


No har eg blogga i to månadar, og det er veldig kjekt;) Eg blir så inspirert av å besøke andre bloggarar, og håper at eg også kan bidra med idear og inspirasjon til andre også;)

Eg prøver å lage system på hobbyrommet, og har ein intensjon om å ha alt på riktig plass igjen når eg er ferdig med ein ting.. Tvilar på at eg greier det, men skal no gjere eit forsøk. Og så har eg ganske mykje, for eg har alltid vore glad i handarbeid, og har prøvd det meste. I tillegg er eg ein samlar og trur alltid at eg skal lage så mykje..
-Og så kan ingenting kastast, for eg kan no få bruk for det ein gong...
 Men no skal eg vise noko av det eg har fått i system;)
Over her er settekassa frå eit tidlegare innlegg.
Foreløpig er den mest til pynt, men her skal det bli meir effekttråd til symaskina.


Dette er faktisk same settekasse. Den er berre ubehandla og står opp ned;) Rart kor forandra ting kan bli. Her har eg ulike kvalitetar og tjukkelsar av streng og metalltråd, samt litt knappar og band.


Og her er meir band. Ups, det ser så mykje ut når det blir samla.
Men opphenget er ganske genialt, om eg skal seie det sjølv;)

Krokar er skrudd under skapet, og meininga var å legge ein trepinne oppi. Men krokane var ikkje lange nok. Derfor er det hengt litt kjetting i krokane, og så er pinnen lagt inni kjettingen. På denne måten er det lett å ta bandrullar på og av pinnen. Den bakerste pinnen har lengre kjettingbitar, slik at det kan henge i to høgder. Og som du ser, så er her så mykje band at pinnane bøyer seg. Men det trur eg skal gå bra. No er det i alle fall lett å berre dra av ein bit band av farga eg treng.
Og rullen er på plassen sin heile tida, så den slepp eg å legge på plass;)


Under skapet lengre bort, er det ei knaggrekkje frå Skeidar. Trur eg må ha ei under også.
Det er så greitt å berre kunne henge frå seg ting.


Her er ei skåpside med ulike krokar. All plass må utnyttast;)
Eg skal vise meir frå hobbyrommet seinare. Min handyman har innreidd og ordna rommet med masse hyller og skåper, så eg gleder meg til å få alt i orden og få fart på symaskina igjen. Det har vore lite sying i det siste, -men eg er veldig flink å tenkje på alt eg kan lage;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...