lørdag 24. mars 2012

Minner etter årsmøtet i NQF i Bergen

No har det allereie gått ei veke sidan årsmøtet i Bergen. Ei veldig kjekk og inspirerande helg, og minna er mange. Og for meg var det ekstra kjekt å bli tildelt Norsk Quilteforbund sitt stipend for 2012 på kr 15.000,-. Å bruke naturen i quiltinga, er ein tanke eg har hatt lenge, og i romjula kom tanken om eg skulle driste meg til å søkje på NQF sitt stipend. Vurderte fram og tilbake, men fann ut at om eg ikkje gjorde det, ville eg kanskje ha angra meg etterpå. Og no er eg så glad, for dette stipendet er veldig inspirerande for meg;) ;) Tenk at andre har tru på meg og min store hobby!! "Quilting i samarbeid med naturen og andre teknikkar" kalla eg søknaden. Eg har ikkje sett at andre har sydd med ting frå naturen før, og ikkje har eg greidd å spore opp noko heller. Og det er bra, for eg vil vere nyskapande og utvikle quiltinga i nye retningar. Ideane har kome dalande den siste veka, og eg har allereie prøvd nye ting. Noko av det kjem eg til å vise på bloggen min framover, men eg legg igjen ein liten smakbit her, og det er mine to aller første prøvelappar etter at eg bestemte meg for å prøve ut ideen.


Mitt første forsøk var å sy barnåler på ein furukvist.


Og det neste var å sy på ein bjørkekvist og dekorere litt rundt. 
Har du lyst å følge med i bloggen og prosjektet mitt framover, så er du velkommen til det. Og eg blir glad om du kjem med idear til kva eg kan bruke og kva eg kan lage.
Resultatet skal eg til slutt presentere å NQF sitt årsmøte i Sarpsborg i mars 2013.


Men det var sjølvsagt veldig mykje anna som skjedde på årsmøtet, og eg er veldig glad i utstillingane. Der brukar eg å ha mange runder. Her er vinnaren av Barnekonkurransen "Diamantar". Det er laga av 1B frå Bjørnelien skole. Elevane hadde tatt med stoffbitar som betydde noko spesielt for dei, og laga jo-jo-ar som er festa på i diamantform. Ein artig måte å løyse oppgåva på.
Veldig bra at NQF arrangerer konkurranse for barn også, for dei er våre framtidige quiltarar. Og når dette blir meir kjent etter kvart, vil nok fleire delta.

Dei to andre åra har eg vore involvert i denne konkurransen med mine elevar, og det blei 1.plass begge gongane;) ;) Veldig kjekt, og barna var så ivrige med arbeidet.  
Linkar til teppa ligg under her. 
Det første året, i 2008, vann 1.klasse ved Midøy skule.
Og i 2011 vann 4. og 5.klasse ved Midsund Montessoriskule.  Dei tok også 3. plassen i Birmingham!


Dette flotte teppet var vinnar i konkurransen "Hav". Kjersti Thoen var ein verdig vinnar. Utruleg flott arbeid. Eg stod lenge og beundra detaljane;)


2.premie gjekk til Sølvi Krokeide. Dette teppet fekk også publikumsprisen. Du verden for eit praktverk! Alle skulle hatt anledning til å studere alle detaljar på nært hald. Heilt utruleg kva den dama får til. Eg kjem aldri til å gløyme Årsmøteteppet ho laga eit år!! Det var fantastisk.


Eg tok utfordringa med å lage eit blogginnlegg før årsmøtet, og fekk derfor tildelt denne bloggknappen;) Det er veldig bra at NQF vil fokusere på quiltebloggarar;)
Bloggforumet var veldig kjekt, og eg reknar med at det blir tildelt meir tid dei neste åra. Interessen er stor, blogging har blitt veldig populært, og vi har mykje å lære av kvarandre. Det var kjekt at Merete Veian hadde det, for det var ho som fekk meg interessert i blogging, etter eit intervju med henne i Norsk Husflid. Eg veit ho sit inne med mykje kunnskap.

Av foredraga likte eg spesielt godt foredraget til Unn Stähr Irgens, som fekk stipendet i fjor for å studere juryering av tepper i Sør Afrika.
Eg kunne egentleg ha skrive side opp og side ned om årsmøtet, men innlegget er vel allereie langt nok som det er... Flotte butikkar, utstillingar og foredrag skulle hatt omtale osv..

Gå inn på bloggen til Norsk Quilteforbund. Der er det mange innlegg om årsmøtet;)
Og til slutt: Tusen takk til leiar marit Sande Iversen, styret, redaktør, Bergen Quiltelag og alle andre som står på for at vi stoffgalne kan ha slike treff!! Håper de føler at det er verd strevet;)


14 kommentarer:

  1. Det må ha vært en begivenhetsrik helg, - og det skal bli spennende å følge med på hva stipendiet bringer videre for deg :-) Jeg fikk utrolig mye ut av det dengang da Sting ble tildet midler, og at det løftet meg som kreativ person og gav meg utviklingmuligheter jeg aldri så for meg da vi søkte, er sikkert.
    Ja, det er verdt alt sammen når en ser tilbake og får oppleve at så mange flotte quiltere får treffe hverandre.

    SvarSlett
  2. Gratulerer med stipendet!

    Eg er sikker på at du får mykje ut av det og kan gje mykje tilbake til NQF.
    Det er spennande å bruke naturen i quilten. Eg ser føre meg at tørka blad vil vere eit godt materiale i ein quilt og gje fin struktur.

    Det blir kjekt å følgje med på bloggen din.

    God helg!

    Solklem

    SvarSlett
  3. Gratulerer med stipendet!

    Liker naturtemaet ditt - gleder meg til å se fortsettelsen!
    Ønsker deg en fin og avslappende lørdagskveld!

    Klemmer, Marianne.

    SvarSlett
  4. Gratulerer med stipend og flinke elever! Det blir spennende å følge med på hva du lager framover.

    Ha en god helg!

    SvarSlett
  5. Gratulerer med stipend :) Spennande idear du har. God helg.

    SvarSlett
  6. Gratulerer med stipendiet! Interessant med naturtemaet. Gleder meg til å se hva du får ut av det... har selv puslet litt med tanken/temaet, og har plukket ulike saker og ting med hjem fra skogen. Det ligger "på vent", til tiden og inspirasjonen dukker opp ;-)

    SvarSlett
  7. Hei
    Gratulera så mye med stipendet,flott tema å bygge videre på,også med tanke på skolene,hådarbeidstimene med dårlig råd.Flotte arbeider dere har laget på skolene du har jobbet.Slike ting gir elevene mye å jobbe videre med i livets-situasjoner,istedenfor et papir og en saks som desverre mange skoler bruker.Har vel med kunnskapene til diverse lærere,interessen for faget,og økonomien.
    Beste hilsen Quiltegleder Margrethe

    SvarSlett
  8. Gratulerer Edny, ja det er stadig kjekt å sjæ ka du finne på!! Ser ut til at du kosa deg i Bergen:) Klem frå mollje

    SvarSlett
  9. Så flotte prøvelappa du he laga Edny!! Detta vet i kjem t å bli bra!
    Sikkert utrolig mykje flott å sjå i Bergen.....utrolig flotte de du viser her iallefall:)) Klems

    SvarSlett
  10. Hei og takk for sist, gratulerer så mye med stipendet, det blir spennende å følge med på prosjektet ditt. Klemz fra Ann-Margret.

    SvarSlett
  11. Hei Edny! Graatulerer med stipendiet du fekk - lappane dine er kjempefine, spent på kva du gjer meir ut av. Lykke til med prosjektet ditt! Håper du legg ut tinga dine her , kjekt å få sjå dei! Sidene dine og Birgitte har fått meg til å søke på fleire slike blogger og eg tykkjer dei er veldig inspirerande. Håper du får god bruk for teikningane dine også til dette. God framgang! Masse helsingar frå Sylvia

    SvarSlett
  12. Gratulerer med stipendet. Oppgaven din høres spennende ut og den vil jeg følge med på. Takk for en liten smakebit av NQF årsmøtet, fint for oss som ikke var der å få et lite innblikk i hvordan det var.

    SvarSlett
  13. Gratulerer igjen med stipendet. Vi er stolte av å ha deg i quiltelaget vårt. Vi gleder oss til å følge deg fremover. Husk at du kan prøve foredraget ditt på oss.

    Astrid

    SvarSlett
  14. Gratulere Edny. Las det inne på bloggen din no. Du e kjempeflink. Har ikke vært helt på nett i det siste.

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...