Ei ugle "ramla" ned i hovudet mitt når eg var ute på tur, og då måtte eg teste den.
Den var kjapp å lage, så eg prøvar kanskje fleire versjonar etter kvart.
Eg berre dikta etter kvart, og dette førsteutkastet blei no ganske bra;)
Har du lyst å prøve deg på ei slik ugle? I tilfelle kjem ei heimsnekra oppskrift og forklaringar her;)
Det meste av garn kan nok brukast, men her har eg brukt eit brunspetta effektgarn, Pillpi Alpakka.
Eg strikka stort sett glattstrikking (ein omg. rett og ein omg. vrang), men gløymte meg av og til, så det blei nokre riller innimellom. Egentleg var det berre fint;)
Legg opp 14 m på pinne nr 5, og strikk to omgangar. Auk ei maske i starten og slutten av neste pinne, så ein pinne utan auking, og den neste med auking i kvar side igjen. Då har du 18 masker på pinnen.
Fortsett med glattstrikking til arbeidet måler ca 14 cm.
(Brukar du tynnare/tjukkare garn og pinnar, må sjølvsagt lengda bli kortare/lengre.)
Fell så ei maske i starten og slutten av neste pinne, så ein omg. utan felling, og fell i kvar side på neste omgang igjen. Då skal du ha 14 m igjen. Strikk så tre omg. til før du feller av.
Rundt kanten har eg brukt eit pelsgarn, Funny frå Sandnesgarn og heklekrok nr 4.
Start ca der halsen blir og hekle ei runde med fastmasker. I hjørna må du nok hekle to-tre gonger i same maske for at det ikkje skal stramme. Hekle ein omgang til med fastmasker, men øverst i kvar side skal det heklast øyrer; 1fm, 1hst, 1st, 1dbst, 1st, 1hst, 1fm. Fastmasker vidare til det er 7m igjen, og lag så neste øyre på same måte. Deretter heklar du fastmasker til runda er ferdig.
Ta av tråden og tråkle den over til andre sida. Stram litt til for å danne hals. Fest tråden.
Til auger har eg laga to jo-jo-ar av grønt batikkstoff og festa ei krystallperle i midten.
Augene er ca 3 cm i diameter ferdig (den grøne malen).
Nebbet er ein trekanta knapp frå då eg og Vigdis dreiv sybutikk for 25 år sidan;) Ed-Vi Tekstil;)
Ugla blei litt slapp av dette garnet, så eg tredde litt ståltråd rundt baksida av hovudet, samtidig som eg laga eit lite oppheng.
Til slutt tok eg ståltråd som bein nederst. Dei går gjennom heklinga og rundt pinnen.
Kjempeartig om du også lagar ei slik ugle;) Og då reknar eg med at du linkar til meg.
Til slutt vil eg takke så mykje for fine kommentarar. Det varmar og gir meg lyst til både å lage ting og blogge om det. Og ja, eg blir veldig glad når du skriv nokre ord;) ;)
Artig ugle - skal se nøyere på oppskriften etterhvert!
SvarSlettØnsker deg en riktig god dag!
Klem, Marianne.
Så stilig den vart!
SvarSlettKjekt når ein kan finne på slike ting heilt sjølv,
må kikke litt nærmare på oppskrifta ein annen dag :)
Ha ein super kveld!
Klem
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettSå tøff ugle. Gratulerer med stipendet fra NQF, blir spennede å følge med prosjektet ditt. Ha en kreativ ukeslutt.
SvarSlettHerlig busteugle! Gratulerer med stipend, og takk for bursdagshilsen!!
SvarSlettHerlig ugle. Må kanskje prøve den en gang.
SvarSlettAstrid
Koselig blogg og en herlig ugle du har laget :-)
SvarSlettSå heldig du er som har fått et trådskap - jeg har 5 trådsenellestativer så nå må det bli bra orden - men det krever sin plass.....
Ha en fin helg.
Oj oj oj! Denne var jo helt skjønn! Tror jeg må prøve meg på en sånn etter at jeg har strikket ferdig sitteunderlagene mine :)
SvarSlettTakk for at du deler oppskrift!
klem fra Sissel (som er fra Tornes....)
Takk for koselig besøk på bloggen min:)
SvarSlettDenne ugla var knas! Jeg har sansen for ugler og har samlet noen kjekke eksemplarer her: http://pinterest.com/annelandaaserik/fiberart/
- kanskje jeg også skulle prøve meg på ei ugle?
Så utrolig flott ugle du har laget da... skikkelig skjønn =))
SvarSlettHvis du ønsker å prøve lykken på et gavekort-ønsker jeg deg velkommen inn på bloggen min ..I morgen bør du følge med =))
ha en fin fredag
Kerstin
Morsom! Den kan jeg tenke meg å lage en gang. Takk for at du deler oppskriften!
SvarSlett