torsdag 30. august 2012

I det våte element


Dette er eit utdrag av ein liten quilt eg leika meg med for nokre år sidan.
Her har eg brukt stoppefoten og frihandsquilting for å skape liv i vatnet. Fiskane og havhesten er teikna av frå eit hefte, og motiva er dekorerte og markerte med frihandsquilting.


Bakgrunn og ramme er sett saman av fleire nyansar og er a-symetrisk.

tirsdag 28. august 2012

Her er oppskriftene


Her kjem oppskriftene eg lova i forrige innlegg. Begge er greie å lage når vi skal ha gjestar, for alt kan gjerast ferdig i god tid, mengdene er lette å regulere alt etter kor mange som skal spise, og det er enkelt å servere;)


KJØTTKAKER I FORM
Legg godt med smørklattar i ei langpanne om det er mange, og i ei mindre form om det er få personar.
Skjær hodekål i bitar og fordel i forma. Det kan sjå mykje ut, men synk veldig saman under steiking.
Fordel 1 eller 2 hakka løk over kålen.
Skjær poteter i skiver og fordel eit par lag over kål og løk.
Dryss på salt og litt pepar mellom og på toppen av potetene.
Sett forma i steikeomnen på ca 200 grader, og la det stå ca 1/2 time.
I mellomtida (eller tidlegare) sper du ut kjøttdeiga som til vanlege kjøttkaker. 
Til denne store forma brukte eg ca 1,5 kg kjøttdeig, 3-4 ts salt, litt pepar, ingefær og muskatnøtt, 
3 egg, 2 ss kveitemjøl, 3 ss potetmjøl og skumma mjølk til passe konsistens. Elta godt inn saltet først.

Ta ut forma når potetene er mindre steikt enn på bildet over:)
Legg store klattar av kjøttfarsen oppå potetene. (eg kom ikkje på å ta bilete før eg var halvvegs med det)
Bruk ostehøvelen på hardt smør, og fordel litt smør over kvar kjøttkake.
Steik vidare til potetene er skikkeleg møre, ca 30-40 minutt. 
Denne forma kan også steikast sakte ved lavare temperatur, og alt kan leggast i forma før steiking.


Rett frå omnen og på bordet. Velbekomme;) 


Oppskrifta på Ripsterte er egentleg lita, og skal kjevlast ut til to små leivar. Eg doblar nesten alltid oppskrifta, og gjer det her også. Vil du ha ei mindre kake, så er det berre å halvere.
RIPSTERTE
300 gr lettkokte havregryn, 200 gr sukker, 3 egg, 1,5 ts bakepulver, 12 mandeldråpar.
Ha alt i ein bolle og bland saman. Eg brukar ein slikkepott.
Fordel røra på to bakepapirkledde plater.
Klipp opp ein plastpose og legg over røra når du kjevlar den utover. Då slepp du masse kliss.
Steik ved 175 grader i 10-15 minutt, til leivane er gyldne. Avkjøl på brettet.


Legg den eine leiven på eit brett. Er den for stor, er det berre å knekke av litt til det passar.
Fordel vaniljekrem over. Her brukte eg nesten to ferdigpakkar. Legg det andre flaket oppå.


På toppen er det krem av 1 pk fløte og ca 1-2 ss sukker. Fordel rips på toppen. Vent gjerne med krem og rips til like før servering, for då kan kaka berre vente på benken. Og sjølvsagt kan andre bær eller frukt brukast på toppen. Då håper eg det vil smake;)

søndag 26. august 2012

Duk og hagestue


Min mor er flink med hendene og har hekla og strikka mykje gjennom åra. No hadde ho hekla ein duk, men syntest den vart for grov for henne. Så lurte ho på om eg kanskje kunne bruke den på uteplassen. Svaret var sjølvsagt ja, for duken er jo kjempefin!


Vi hadde nabotreff i går kveld, og då passa det å innvie duken;)


Kveldane har blitt kaldare og mørkare, men no har vi fått montert glasdører på uteplassen, og då kan vi bruke den meir som ei hagestue. Og så er det godt med lys og varme frå peisen.


Og då passa det godt å servere mat i mamma sin ånd også;) Kjøttkaker i form var min yndlingsmat i barndommen, og det var alltid mitt førsteønskje når eg fekk velge, f.eks. bursdag og første skuledag.
Det har blitt ein familierett som alle er glad i.


Oppskrift på Ripsterte kjem også frå henne. Havregrynsbotn, vaniljekrem, krem og rips.
Enkel å lage og smakar veldig godt;)


Ute blei det skikkeleg ruskevér, men til trivelegare blei det då inne;)


Vi har kjempekjekke naboar, og det er triveleg å treffast til prat, god mat og drikke. 
Oppskriftene kan eg komme med i eit anna innlegg.

søndag 19. august 2012

Kaffiglas


Å finne på gåver til mannfolk er ikkje så lett. No fekk eg ein idé til ein som drikk berre pulverkaffi. Eg dekorerte eit stort kaffiglas som kan stå på benken, og eit krydderglas han kan ta med dit han dreg.


Dekoren er av enklaste slaget. Eg har berre klipt og limt stoff rett på glaset, og knytt på ei bastsnor.


 Oppå lokket har eg også limt på ei kaffitekst.


Lokket på den minste boksen er berre å vippe opp i eine sida for så å drysse kaffipulver i koppen.
Gåva bestod av desse glasa med pulver i, og kjeks og sjokolade til kaffien;)

onsdag 15. august 2012

Sydd pose


I staden for blomster, har eg sydd ein pose til ei flott dame, som har vore gjennom ein stor operasjon.
Tenkte det passa med eit ungdomsportrett som sjukepleiar. Biletet er pynta med blonde og ein liten blomst. På sidene er det band med bladranker.


Den andre sida er pynta med ein kollasj, som eg laga på eit kurs med Hilde Lien. Her er legelitteratur frå 1800-talet;) Rundt applikasjonen, er det frihandsquilta bladranker.


Posen er sydd saman av fleire stoff i like fargar. Enden av bandet er pynta med ein rosett av eit band.


Og øverst er det stoff i ei kontrasfarge. Då reknar eg med at ho har noko som kan puttast oppi;)

søndag 12. august 2012

Skumring


Eg lova premie til ein følgar og til ein kommentar, og no er desse fuglane klare til å flyge kvar sin veg. Her avslørte eg kven som blei uttrekt.


Naturprosjektet mitt er med på det meste eg lagar for tida. Her er det greiner som er festa med stoppefoten. Mål 18x24 cm.


Er det sola som forsvinn, eller månen som kjem fram?


Så Anne og Bodil, når eg får adressa di, så kjem fuglen flaksande til deg;) Håper du vil ta godt imot den;)
Og tusen takk til deg som kikkar innom her, og kanskje også legg igjen nokre ord;) Det oppmuntrar meg både til å produsere nye ting, og blogge om det. Ei riktig fin veke til deg!


onsdag 8. august 2012

Ting og tang


Ein godt vaksen mann rundar år, og sidan hans næring har vore sjøen, tenkte eg at kanskje noko av mine funn frå fjøra kan passe å lage noko av. Og vaksne gutar har vel også litt ting og tang?


Så det vart ein dekorert boks, både utanpå og inni. Og eg blei så fornøgd over idéen med tekst og tangdekor;) ;)


Utgangspunktet var denne boksen, som eg starta med å kle innvendig med stoff.


Eg smurte på lim og festa stoffstrimla. Ein linjal var fin å bruke i kantane.


Ei runde til med lim utanpå, og samtidig festa eg på band i øverkant for å få ein mjukare lyd mot lokket;)


Knytte makrame i eit skjell, og det fungerte fint som handtak. Blir så glad når eg kjem på slikt;)


Inni lokket, på baksida og under er det dekorert med ting frå mottakarens liv.


Denne engelen er inni lokket og passar på medaljen;) 


Og her er medaljens "bakside". Det er veldig kjekt å lage personlege gåver, for då har ingen maken;) Og så har eg fått brukt både tang, skjell og fjør i eit prosjekt.

mandag 6. august 2012

Tro, håp og kjærlighet, -og trekning


Eg fekk bestilling på ei innflytningsgåve, og hadde rose og noko å feste augene på, som utgangspunkt. Resultatet blei slik etter at eg har jobba med det litt no og litt då i løpet av eit par veker. Eg likar slike utfordringar, men treng tid for å utvikle detaljane. Og detaljar er eg glad i;) Tittelen blei "Tro, håp og kjærlighet". Mål: 24x30 cm.


Eg brukar ulike stoff, diverse materiale, strå, perler, garn o.l.








På bordet hadde eg ei skål med roser og ein hjertestein med sølvperler på, så eg måtte forevige det saman også:)

Og så kjem det som sikkert fleire har venta på: Trekninga;)  Eg brukte Random, og telte meg fram til to som skal få ei overrasking i posten.
Først trekte eg blant dei 103 som har lagt seg til som følgjar på bloggen, og det blei Anne med bloggen Anne på landet.
Så trekte eg ut ein av dei 1022 kommentarane eg hadde fått, og den var frå Bodil med bloggen Handarbeidsglede.
Gratulerer til begge! Send meg adressa på mail, så kjem det pakke i posten om ei stund. Sjekk dei fine og inspirerande bloggane dei har! Og kva dei får? -Ja, det skal du få sjå seinare, for eg er ikkje ferdig endå;)

Eg skulle gjerne ha sendt noko til alle mine bloggvenner, men til alle som ikkje vann no: Ganske snart kjem eg med Give-away, -eller blogglotteri, som eg likar å kalle det på norsk. Då blir det ein ny sjanse! Og kanskje finn eg på andre overraskingar innimellom også;)

søndag 5. august 2012

Gladpose


Aller først må eg få seie TUSEN TAKK for alle fine ord og helsingar, og VELKOMNE til nye medlemmar. I skrivande stund har eg passert dei magiske tala med 100 følgjarar og 1000 kommentarar, nærmare bestemt 102 og 1006. Det gjekk raskare enn venta. I morgon kveld trekkjer eg ut ein blant kommentarane som er publisert til då, og ein av følgjarane mine. Eg er veldig spent på kven det blir. Tenk om det tilfeldigvis blir to premiar til same person då!

Dette er ein gladpose som skal sendast til ei dame som treng ei oppmuntring. Eg tenkte at mange fargar og motiv kan glede henne mellom cellegiftbehandlingar og strålingar.


Her prøver eg ut knappar og perler, for det var enklast å sy dei på medan alt var flatt.


Det er sjeldan eg miksar så mange ulike fargar og mønstringar, men til meir er det å studere og la tankane vandre og finne assosiasjonar, og kanskje drøyme seg bort ei stund.


På baksida er det berre perlene og merkelappen min å studere. Den øverste kanten har to ulike stoff.


Men inni flaksar fullt av fargerike sommarfuglar;)



Posen er stor nok til eit strikketøy e.l. No skal den inn i ein konvolutt og sendast som ei overrasking, og forhåpentlegvis til glede for mottakaren;) Så får vi sjå kven andre eg kan få glede i morgon kveld;)
Ønskjer alle mine lesarar ei fargerik, glad og strålande veke!!

fredag 3. august 2012

Premie til DEG og fjørefangst


Eg har alltid vore glad i fjøra, og i sommar har eg har eg også plukka med meg ein del. Eg har vel alltid vore ein Askeladd, og datter mi seier at eg er verre enn barna. Det tek eg som eit kompliment:)
I dag har eg sortert litt i korger, så det blir lettare å finne fram når eg får ein idé om noko som skal lagast.


Men dette innlegget er egentleg for å fortelje at eg har mange premiar på gang, og kanskje er det nettopp du som får ei overrasking?


Eg er så glad og takknemleg for at du besøker meg her på bloggen, for alle fine og gode ord mange av dykk legg igjen, og for at mange har lagt seg til som følgjarar. Riktig velkomne til alle!! Eg blir så inspirert av andre bloggar, og eg håper derfor at eg også kan vere til inspirasjon for andre. Og eg prøvar å vere flink å legge igjen kommentarar, for eg sett så stor pris på dei kommentarane eg før sjølv;)


Og no har eg fått nesten 1000 herlege kommentarar!! Når det magiske talet blir passert, trekker eg ut ein kommentar, og den som har lagt igjen den, får ei overrasking i posten frå meg;) Kanskje blir det du? Det spelar ingen rolle kva innlegg kommentarane er på. Og dei som har lagt igjen mange spor, har sjølvsagt større sjanse til å bli utrekt;) Men det kan også vere at dei som ikkje har lagt igjen så mange ord, er den heldige.

Og så nærmar eg meg 100 følgjarar. Når det talet er passert, vil også ein av følgjarane mine få ei overrasking i posten;) -Eller kanskje den kjem rekande på ei fjøl:)



Sist eg sendte ei overrasking, var det dette som gjekk til den som la igjen kommentar nr 500.

Og til slutt vil eg komme med ein Give-away når besøkstalet overskrid 20.000. Og det er ikkje lenge til;) Då er eg veldig spent på kven eg får den glede å overraske med ei gåve;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...