søndag 27. april 2014

Reparasjon av bilsete


Mannen hadde fått hol i bilsetet, og det måtte reparerast. 
Ein skinnlapp blir no visande uansett, så kvifor ikkje gjere litt ekstra ut av det? 
Ein skinnlapp i ei passande gråfarge blei klipt i ein bladfasong, og fekk nervar ved hjelp av ein grov tråd i symaskina.


Skinn er ikkje det beste å sy, men med matpapir under gjekk det fint. 
Det var berre å rive vekk etterpå.


Neste steg blei litt vanskelegare, for setet er både forma og glatt. 
Korleis få lappen til å feste seg utan å halde heilt til limen hadde tørka?
Tape blei ei god hjelp her;)


Ja, ja, det er ikkje alle som har ei slik bot på bilsetet. 
Det er sikkert ingen andre heller.


Her er utgangspunktet etter å ha fått litt fyll og blitt snurpa saman.


Mannen var litt skeptisk til idéen min,men det blei godkjent til slutt;) 
Og eg må innrømme at eg var litt spent på resultatet sjølv også. Kjekt å kunne vere litt kreativ.
Kanskje det kan vere ein idé til andre med flenger i eit bilsete, ein stol eller ein sofa? 
Og eit ekstra tips: Limet som til slutt fungerte var Casco Kontaktlim.

Tusen takk for alle fine kommentarar til innlegget om søster mi. Det varma veldig! 
Eg har dessverre ikkje fått laga premie til blogglotteriet endå, men det skal bli;)
Takk til deg som er innom bloggen min! Ønskjer deg fine dagar.

mandag 21. april 2014

Sorg og minner


April vekkjer sorg og mange minner kvart år. 
21. april er datoen min søster døde. Vårblomster ved engelen i gangen er til henne. 
Siste dag ho var 13 år, var ho på fjelltur saman med venner, mista fotfestet og drap seg i fallet.


Mamma har tatt vare på dødsannonsa. Mykje har endra seg også når det gjeld gravferd.
Nederst står det "Alle som vil følge til grava er hjarteleg velkomne og bedes møte i heimen kl 12."
Eg var berre 4 år, men hugsar så godt kista som stod ute på to krakkar på marka, og at det var så mykje folk samla utanfor huset vårt. 
Mamma fortalte at kista kom sendt på varebussen dagen etter, 
og at ho blei lagt i kista på sin 14 års-dag.


Tenk at denne gode jenta berre blei riven bort! 
Eg saknar henne veldig, og tenkjer ofte på korleis ting hadde vore om dette ikkje hadde skjedd. 
Etter samlinga ute ved heimen, kjørte pappa kista til kyrkja. Det var veldig tungt for han.
Han hadde lastebil, og eg hugsa at eg sat på kne og såg på lasteplanet og kista gjennom bakvinduet. 
Det var ikkje gravferdsbyrå som ordna alt då. 


 På same tid i fjor, var det 50 år sidan Aud Kirsti døde og 20 år sidan pappa døde. 
Då laga eg denne engelen til mamma. 
Den fekk eit smykke av kvite perler, slik Aud Kirsti har på bildet over.


I eit av foredraga eg hadde om naturprosjektet mitt, var denne engelen med. Der var også to slektningar som eg heldigvis har fått ny kontakt med. Og då ei av dei sa at ho hadde ein bluse etter Aud Kirsti, og at eg skulle få den, kunne eg nesten ikkje tru at det var sant! 
Tenk at ho hadde spart på denne blusen i 50 år! 


Ho sa at eg sikkert kan lage noko fint av den.
Nokre dagar seinare kom den i posten. Så tynn, nydeleg og vakker.


Den eine knappen er borte, og eg føler at det er noko symbolsk i det.
Det første minneinnlegget eg laga om mi søster heiter "Mange minner i knappar."
Tusen, tusen takk, Gunn! Denne blusen betyr mykje for meg, og ein dag skal eg lage noko av den, men eg har ikkje fått den rette idéen endå.


Denne lysengelen var med i fjorårets minneinnlegg. Det kan du sjå HER.
I kveld tenner eg lys til for mi kjære søster, 
og ønskjer inderleg at eg kunne ha feira hennar 65-årsdag i morgon.

tirsdag 8. april 2014

Redesign av forkle og premie på gang


Av og til får eg oppdrag som eg tek som ei utfordring.
Denne gongen var det ei som ville ha to ekstra lommer på forkléet, slik at ho kunne putte forskjellige småting i lommene for å inspirere ein elev.
Eg hadde ikkje stoff som matcha, så eg kunne like godt skeie ut.


Etter å laga lommer i eit friskt stoff, såg eg at snorene var veldig slitte og stygge, 
så eg skifta dei også.


Eit grønt skråband gjorde nytta.


Men så blei det så tomt nederst, at eg sydde på ein stor blomst. 
Stilken er siksa over fleire lag moulinegarn, og rotsysemet heng under forklékanten.


Men så verka stilken så spinkel, at eg sydde like godt på eit par blad også.


Og då blei det meget betre;)
No heng det på formingsrommet i påvente av å få noko hemmeleg i alle lommene sine. 
Litt friskare og gladare i uttrykket sitt. 

Eg rugar også på ein ting som kan bli din! 
For bloggen min har passert over 100.000 besøk, og det må no feirast. 
Når rugetida er over og premien er ferdig, kjem eg altså med eit blogglotteri;)
Ha det godt så lenge!

søndag 6. april 2014

Bianca 4 år


Mitt lille, søte "barnebarn" Bianca har bursdag i dag, så eg såg litt bakover i tid. 
Til 1-årsdagen sydde eg eit boktrekk til Birgitte, der eg brukte stoffprint av det lille knøttet.
Det er frå første gong Birgitte fekk halde henne, og heime venta kosedyret Bernard.
"Bernard og Bianca" har du vel hørt om.


Trekket er frihandsquilta både foran og bak, og ei snor kan brukast til bokmerke.


Og inni quiltinga står det "verdens søteste sheltie".


 Bianca elskar snø, og på toårsdagen fekk ho i rikeleg monn.
Her spring ho så ørene står rett opp.


I fjor kunne ho også glede seg over snø.


Men i dag derimot, blei ikkje gåva kvit og kald. Ho har knapt nok sett sorten for heile vinteren!
Matmor posta dette vårbiletet frå Smøla i dag. 
Gratulerer med 4 år Bianca! Du har sjarmert din "tidlegare antihund-bestemor" i senk;)
Gleder meg til du kjem til påske.


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...