søndag 15. oktober 2017

Tid for englar


Eg fekk lyst å prøve å lage englar av ull. 
Her er dei første resultata, og alle er ulike.


Den aller første.


Den fekk lette perlevenger.


Så blei det ein skikkeleg kvardagsengel. 


Belte og hårband av lin, og kvistvenger.


Denne har pynta seg meir.





Fleire har blitt til no, og dei har også sine eigne uttrykk. 
Plutseleg kjem nok dei også innom bloggen.

fredag 6. oktober 2017

Moro med trekantar


Det har blitt litt trekantsying i sommer. 
Her har eg brukt åtte ulike svartmønstra stoff i tillegg til lin.


Bakstoffet måtte skøytast, 
og då laga eg ei strimle av fleire av trekantstoffa,


Lindelen er frihandsquilta.


Løparen er lang, og kan passe på et stort bord.


Eg har sydd svarte stikningar gjennom 
blokkene og vidare ut til kantane.


Denne blir nok med meg på messpå Vatne om eit par veker.

mandag 2. oktober 2017

Haustkrans


Vi har hatt sommartemperaturar nesten heile september, 
og i går starta oktober på same vis. 
Då er det kjekt å gå tur og plukke med seg noko av 
alt det vakre naturen byr på, og i går enda det opp i ein haustkrans.


Kjekt å markere årstida sjølv om temperaturen forvillar oss.


Haustfargane sklir inn i den ytre oppussinga eg viste tidlegare.


Tenk å sitte ute og pusle i sol og 18 grader i oktober! 
I september var det 20 grader mange dagar,


Dekoren varer nok ikkje så veldig lenge, 
men kanskje den held til adventskransen skal opp.

lørdag 30. september 2017

Trekantar i grått


Eg likar godt å leike med trekantar, 
og dette er første gongen eg brukar grånyansar.


Utgangspunktet for brikke og løpar er likt,
men blir forskjellig då bitane blir lagt saman på ulike måtar.


Denne er sydd etter boka Kult å sy - vesker, interiør 
av Grete Gulliksen Moe.


Løvetannen og steinane sklei så godt inn med gråfargane sine.
Firkantane er frihandsquilta, og trekantane har fått 
stikningar rundt forma.



Grått går til det meste, så eg håper nokon får glede av dei.




torsdag 28. september 2017

Med hodet i sanden


Dette bildet har eg sydd etter boka Gledesspredere av 
Nina Lise Moen. Ho har så mange artige motiv.


Dette er mitt yndlingsmotiv. 
"Hvor ble det av Per?"


Eg har sydd i andre fargar.


No gleder vi oss til at Nina Lise skal kome til Molde 
og halde julekurs for Molde Quiltelag siste helga i oktober.

søndag 24. september 2017

Slumreteppe av trekantar


I sommar sydde eg dette slumreteppet etter boka "kult å sy" av Grete Gulliksen Moe.


Grå, rød og svart var gode fargar å jobbe med.


Eg brukte 12 ulike stoff til trekantane, 
og prøvde å få frem spenning med ulike mønstringar.
Baksida er grå og det er vattert med bomullsvatt.


Lukkekanten har mønstring i svart og grå.


Utsikta kan vi ikkje klage på. 


Restane av det gamle plommetréet er godt å ha til fotografering ute.


Spesielt hjertet etter ei avsaga grein må eg berre ha med.


I første omgang er det utstilt på butikken Inspirerende Hobby i Molde.
Alle stoffa er frå butikken.
Dette bildet er tatt frå utsida av butikken.


21. og 22.oktober blir det med på Kunst- og handverksmessa 2017 
på Eidet Kulturhall på Vatne. 
Eg ser fram til å delta der for første gong. 
No blir det full fokus på produksjon framover.




torsdag 21. september 2017

Husnummer


No held det ikkje berre med postnummer på bygda. 
Alle skal ha gateadresse og husnummer.
Med oss tok det litt tid før tala kom opp på veggen, 
for eg måtte sjølvsagt gjere noko ut av det....
Etter mykje grubling, kom idèen då eg stod og måla denne veggen.


Denne fjøla har eg samla på i fleire år. 
Den minner meg om ein fisk. Eg tok litt beis frå trappa og måla 
rundt kantane og i munnopninga, for å få ein større kontrast til veggen. 
Ein rusta spikar i bakenden, var perfekt å henge eit par garnkuler på. 
Dei, og litt anna maritimt, kjem frå heimgarden til mannen min. 
Kjekt å få samle det her.


Eit garn er stifta fast bak fisken,


og bak båten, som eg kjøpte på ei messe for nokre år sidan. 
No blei den lasta til randen, men ikkje av blomster, som var plana då eg kjøpte den.
Litt stein er med som ballast, for å halde "sjøplantene" på plass.


Og fangst har det blitt, 
både av fisk, krabbe, tang, tare og skjell.


Slik er det på dagtid.


Og her er det kveld. 
Då lyser det i vindua på badet. 
Eg er spent på om båten tåler vinterstormane, 
men det får stå si prøve. 
No er kreasjonen i alle fall dokumentert.

onsdag 20. september 2017

Husmaling og inngangsparti


Det er på tide å få litt liv i bloggen igjen. Eg startar med sommarens største prosjekt, 
som var husmaling. No er det ikkje gult hus meir.
Tre strøk maling tok si tid, men så var det ekstra kjekt å å ordne og stæsje etterpå.
Inngangspartiet fekk ny stil.


Prøvde å få ein maritim vri.


Termometeret hadde ei trollkjerring.
Ved hjelp av redesign, så blei det som nytt.


Fyrtårnet måtte jeg bare ha, og det var det som ga føringer for resten.
Den gamle krakken og hylla fekk maling, og eg plukka fram ting eg har samla på.


Døra og trappa blei også måla, og då måtte det ei ny dørmatte til.


Trappa er overbygd, så då mykje kan stå ute.


Denne krukka fekk litt spray, og blei finare enn ny.


Sommarfuglen har Birgitte måla, og mjølkespanna er etter bestefar.




Og endeleg fann eg ut korleis husnummeret skulle opphengast. 
Det skal eg vise meir i neste innlegg.







LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...