torsdag 20. september 2012

Snerten veske


Ofte er det både kjekt og praktisk med ei lita veske til det mest nødvendige; mobil, bankkort og nøklar.
Lokket er dekorert med diverse stoff, band, garn, blonde og eit gamalt fotografi.


Lokket utgjer heile veskefronten, så stengsel er unødvendig. 


Blåbærbuskene har bra avling i år. Etter vekesvis med regn, var det godt å gå rundt i hagen i deilig haustsol.


Baksida av veska er berre frihandsquilta.


Det er fronten også. Hanken er sydd av same band som lokket er kanta med.


tirsdag 18. september 2012

Fri bruk av sirklar


I helga har eg vore på kurs med Anne Beier Finnestad, og som du ser, så har det gått heilt rundt for meg;) Det var også Anne som i si tid lærte meg å bruke stoppefoten på symaskina, og det har eg hatt mykje glede av. No laga eg ein liten løpar i grått og svart, så den skulle passe til sofaen.

Det er gøy å bruke stoppefoten på ulike måtar og få fram ulike strukturar og mønstringar.


Her er eg i full konsentrasjon. Sirklar er ikkje det lettaste å sy rundt.


Astrid  har her starta på ei brikke i collageteknikk, og ho omtalar kurset på sin blogg.


Trine trossa sjukdom for å få med seg kurset;) Ho har også eit kursinnlegg på sin blogg.


Her er ein del av produksjonen etter helga. Det er så kjekt å sy i lag, prate og ete god mat saman med likesinna;)


I år feirar Molde Quiltelag 20 år og Syskrinet 25 år. I helga vart det markert med kurs og festmiddag. Og under middagen fekk vi fin-fint besøk av dette sjarmerande paret;)

torsdag 13. september 2012

Strikka klut med oppskrift


Heimstrikka klutar er kjekke å ha. Her har eg laga ei "koppetvoge", som vi kallar kluten vi brukar å tørke av bord og benkar med når vi vaskar opp. Denne var enkel og grei å både strikke og hekle rundt, så eg legg med ei lita oppskrift om nokon har lyst å lage;)


Garnet eg har brukt her er Tuva Helårsgarn frå Europris. Det er ei blanding av bomull og akryl. Strikkepinnar nr 4,5 og heklekrok nr 4. Anna garn og pinnar kan sjølvsagt brukast. Eg la opp 53 masker, og strikka ein omgang med berre rett og ein omgang med 1 rett og 1 vrang. Slik fortsette eg til kluten var ca like høg som den var brei. Då blei rettsida slik.


Og baksida blei slik. Når alle maskene var felt av, tok eg heklekroken i siste maska som var igjen på pinnen og begynte å hekle rundt; 3 luftmasker og ei fastmaske i ca annakvar eller tredjekvar maske i kanten rundt kluten. Sjå kva som passar slik at kanten legg seg fint.


Neste runde var 3 luftmasker og ei fastmaske rundt kvar luftmaskeboge. I kvart hjørne laga eg ei ekstra luftmaskeboge. Slike klutar er fine å ha som gåver også, og kan vere ein fargeklatt på kjøkkenet saman med ei stilig oppvaskbørste;)

fredag 7. september 2012

Te-hette


Eg fekk i oppdrag å sy ei te-hette som underlag til dette flotte hekleriet.


Dette måtte vere stødig, så eg kjøpte veskevatt. Den hekla te-hetta blei brukt som mønster.


Sjølv om den skal vere under eit trekk, er det greitt at den er litt fin utan også. Kanskje den kan brukast åleine til jul?


Inni er det eit koseleg englestoff.


Og her er te-hetta frå sida.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...