lørdag 28. januar 2012

Minner frå bestemor



Symaskina til "Bestemor på loftet" har hedersplass i gangen. Bestemor hadde alltid tid til meg, og ho var glad i handarbeid. Å få lov til å hjelpe henne å trø på brettet når ho sydde, det var stort! Ho bestemte at denne symaskina skulle bli mi.
Engleteppet over spegelen, og dei andre broderte bileta, er gåve frå flittige Birgitte.


Når desember kjem, blir symaskina invadert av englar i alle variantar.


Og under er det ei eiga verd for ei søt, lita ei, -med stjernelys, englar og
 eit gammalt strykejern frå ei tante;)


Maskina er omringa av englar. Dei to store keramikkenglane var 50 års-gåve frå ei god venninne.
Dei er så skjønne!


Og på eine sida heng ei settekasse med fingerbøller frå ulike plassar. Eg har ikkje så veldig mange, men kjøper oftast når eg er kjem på nye plassar, -og så har eg ei venninne med samme interesse som tenkjer på meg når ho er på tur;) Og søte englar passar sjølvsagt på.
Hylla har eg måla med mørk lakkbeis.


På andre sida heng bestemor si 100 år gamle salmebok med gotisk skrift. På framsida er namnet hennar i gull. Det var konfirmasjonsgåve. Eg har montert salmeboka i ei kasseramme.


No er mange av englane pakka bort for ei stund, men det er alltid nokre som passar på;)
I symaskinskuffa låg ei fin, gammal Vaselineske med undertrådspolane i.

torsdag 26. januar 2012

Helleristningar


For fleire år sidan var eg på eit kurs med Bente Vold Klausen, der vi skulle sy med utgangspunkt i helleristningar. Det var ein del utfordringar med bua linjer og uvante oppdelingar, men det var kjempekjekt å lære, og resultatet blei annaleis enn vanlege lappeteppe.


Bente er ein meister med frihandsquilting. Same helg som vi var på kurs, hadde ho utstilling av sine teppe på Skaret i Molde, og då hadde ho omvisning for oss. Det var veldig inspirerande for meg som er veldig glad i å frihandsquilte sjølv. Eg likar godt desse teppa eg sydde på kurset. Quilting og montering blei gjort heime.


Ein gong har eg lyst å prøve å sy desse helleristningane, som er i Nord-Heggdal i vår kommune, Midsund. Og dei har sjølvsagt ei historie:

Desse helleristningane vart tilfeldigvis oppdaga i 1965 av familien Heggdal, som eig hytta like ved. Dei 5000 år gamle figurane var dekte av mose og lav, men vart skimta under ein laus mosebit.
Dei føresteller ei kveite og ein skogsfugl og har detaljerte former.
Det er dei første steinhelleristningane som er påvist i ytre Romsdal.

Dekorert boks


Hadde lyst å sette eit personleg preg på ei gåve til ei super dame. Det enda opp med ein dekorert boks og ein blomst i ei koseleg potte.


Eg pynta boksen med litt englepapir og decoupage først. Etterpå blei blondar, knappar og stjerne limt på. Fann ut at det er greitt å gi noko praktisk, og ein slik boks kan plasserast i alle rom for oppbevaring til eitt eller anna. Og så var det kjekt at den fall i smak hos mottakar.

søndag 22. januar 2012

Pikene på broen


23. februar 2011 var eg på dagstur til kurs i Oslo. På veg til Litteraturhuset, var det dette nydelege synet som møtte meg. Eg blei heilt bergtatt, det var tidleg og nesten folketomt i gata, og for ein gongs skuld hadde eg god tid!! Og på toppen av det heile hadde eg med meg kamera;) 
Byggverket av is var laga i anledning VM på ski i Oslo, og på ettermiddag skulle opningsseremonien gå føre seg på Universitetsplassen.

www.oslo2011.no stod dette:
IsskulpturparkI Spikersuppa kommer en isskulptur-park under temaet ”Munch i snø og is”. Her har et antall iskunstnere fra hele verden blitt invitert til å lage sine bidrag. Det skal lages åtte store skulpturer med Edvard Munch-motiver, deriblant en gigantisk versjon av ”Pikene på broen”, som skal måle intet mindre enn 15 meter. 1000 tonn snø og 70 kubikk is kjøres inn til Spikersuppa i ukene før VM, og det vil være et skue i seg selv å se kunstnerne jobbe med motorsag og strykejern for å få ferdig kunstverkene.                       


Kunstnaren legg siste hand på verket, og eg fekk lov å knipse;)



Ja, det var stort og gigantisk, og med god plass til å gå under brua.


For eit praktverk!! Og pikene kan stå på brua og skue opp til slottet.

Eg er så glad for at eg fekk med meg dette på nært hald, og det kunne ikkje ha vore betre ramme rundt det heile. Det gjorde eit sterkt inntrykk.

På veg til Nasjonalteateret og tog til flyplassen på ettermiddag same dag, var det stappa med folk overalt. Seremonien nærma seg, og eg stod plutseleg oppi der deltakarane stilte opp og gjorde seg klare til innmarsjen. Og på veg inn til stasjonen, var eg verkeleg kjerringa mot straumen. Det stimla folk ut frå toga, og eg følte eg var den einaste som skulle dra frå Oslo. Lykkeleg over at eg tok meg tid om morgonen, for seinare hadde det vore umuleg.

Både Bjørgen, Northug, Johaug, kongen og dronninga smilte og klemte seg gjennom ski-VM. Det var mange flotte prestasjonar.

For meg var det denne opplevinga av Edvard Munch som tok 1.plassen:)

torsdag 19. januar 2012

onsdag 18. januar 2012

Bæ, bæ lille lam

Eg har laga ein del personlege vognteppe. Bileta blei så vanskelege å laste opp, og dei ville berre ligge på sida, så derfor blir berre eitt teppe vist fram her no.
Om eg får det til seinare, skal eg komme med fleire.
Det einaste som ville stå riktig veg, var desse, og teppet blir derfor presentert i to bitar.



Sjølve vegen, trea, grinda og bia er ide frå kurs med Anne Beier Finnestad.
Resten har eg komponert sjølv.
Det er veldig mykje arbeid med slike vognteppe, og dei er laga slik at dei kan hengast på veggen når poden blir stor. Det er mange detaljar med stoppefoten, og skrifta er sydd på frihand.

tirsdag 17. januar 2012

Smågåver


Her er fleire ting som mor mi har fått for lenge sidan. Er litt artig å sjå tilbake også.
Gryteklutar etter at eg lærte meg frihandsquilting (som har blitt min yndlingsteknikk;)


Prøvelappar av japansk bretteteknikk blei også gryteklutar.


Nissen laga eg til mi mormor på 70-tallet. Medan ho levde, hadde den fast plass på ein lampeskjerm. Kula, som heng under nissen, er lappar som er bretta og festa til ei isoporkule med knappenåler.
Det var no ein "farsott".


Spikar- og trådbilete lærte eg å lage på vidaregåande på slutten av 70-talet.
Produksjonen blei ganske stor;) Får alltid så store planer når eg lærer nye teknikkar...


Dette makrame-opphenget var også ei mormorgåve.
Eg kjeda meg aldri på hybelen, for det var alltid så mykje eg hadde lyst å lage.


Dette har mannen min laga til sine svigerforeldre for mange år sidan..
Det er sydd frå baksida med ei spesialnål. Garnløkkene på framsida er børsta opp.

Mamma har framme alt ho har fått av slike ting. Eg blir litt flau av ein del ting etter kvart, og tek det vekk. Men samtidig er det veldig kjekt å sjå tilbake og oppdaga skifte i trendar og fargar.

mandag 16. januar 2012

Gåver til mor


Her kjem meir frå svunnen tid. Sydde dette teppet til mamma sin 75-årsdag (i år blir ho 84). Greier ikkje å hugse kvar eg tok mønsteret frå..
(kanskje det er eg som blir 84! Er i alle fall meir glemsk enn mi mor;(
Men eg har ein ide om at det var frå eit kort.


Det meste er applikert med stoppefoten, og heile teppet er frihandsquilta.


Synst motivet passar godt her ute på kysten.


Og når eg først knipsa, tok eg med eit juleteppe (egentleg meint som duk) eg laga til henne for x antal år sidan, -ca 20 kanskje. Bakgrunnen er samansett av log cabin-blokker, og fire englar er applikerte i ein ring. Englemotivet trur eg er frå ei Kristin Langebraaten-bok.


Dette blei veldig lyst, men du kan no sjå heile teppet;)

søndag 15. januar 2012

Smaken er som baken


Produksjonen er ikkje så stor for tida, så eg legg heller ut ting eg har laga tidlegare. Her er ein gryteklut der hendene kan stikkast i lommene, og maten kan settast på bordet rett frå omnen, for då fungerer den som bordskånar;) Eigen ide;)


På den eine sida har eg quilta; Smaken er som baken,


den er delt, står det på andre sida. Mellom dongeridelane, felte eg inn eit stykke med "små vannglass", som var ein prøvelapp som berre låg der.


Ei lang beltestropp fungerer som oppheng.


Baksida er sydd saman av dongeribitar og strimler frå ramma på framsida.
Blomstrane er quilta frå framsida.

Kjøttpudding og grønsaker i form


Dikta ein matrett etter kvart som eg laga i kveld, og det blei så godt at eg må berre ta det med her, slik at andre også kan bli frista til å prøve.


Dette er ein stor porsjon i langpanna, for eg hadde 1 kg kjøttdeig som måtte brukast. Først skulle det bli kjøttpudding, så eg elta den med salt, pepar, egg, potetmjøl, kveitemjøl og mjølk. Men så kom eg på at det hadde no vore greitt med alt inn i omnen. Derfor tok eg dei grønsakene som låg i kjøleskåpet og skar i bitar og skiver; -kålrot, gulrot, blomkål, løk og potet. Spredde det i ca 2/3 av ei smurt langpanne og dryssa aromat-krydder over.
I andre delen av forma, blei kjøttfarsen fordelt utover, og toppa med meierismør.


Så blei ein boks med kremfløte fordelt over grønsakene.


Etter ca 50 minutt i omnen ved 200 gr, var det klart til servering;)
Eg vurderte å ha grønsaker i heile forma og berre legge kjøttkakeklattar utover.
Det hadde sikkert også blitt bra.

torsdag 12. januar 2012

Måleri i barndomsheimen


I stua til mor mi er eit snart femti år gamalt måleri, som eg likar veldig godt. Det er spesielt og vekkjer mange minne. Det er måla rett på brannmuren av Olaf Raknes. Han hadde laga ei blyantskisse på eit ark. Med oss barna som publikum, måla han rett på murveggen. Eg var berre tre år, men det gjorde inntrykk, og eg var så imponert. -Og det er eg endå. Då han var ferdig å måle, ville han ha 50 kr i betaling, -men far min ga han 100 kr;) -Og det var det verd!!
Bror min fekk blyantskissa etterpå, og søster mi prøvde å etterligne motivet. Ho var flink å teikne. Men ei tid seinare skjedde det tragiske; -ho ramla ned og drap seg på ein fjelltur. Seinare fann eg ei teikning ho hadde laga av "Prinsessa på erta". Derfor har eg eit spesielt forhold til det eventyret, og eg prøvde å etterlikne den teikninga så mange gonger.
Eg vil alltid sakne henne;(


Det er så gode uttrykk. Stammen som gryta heng i, likar eg veldig godt.




Før stod det ei oljefyring framfor muren. Den er no erstatta av ein elektrisk peis.

onsdag 11. januar 2012

Hane Pane;)


Om det er Høne Pøne eller Pannekaka Hane Pane er på jakt etter, veit eg ikkje. Men når eg først er i hanehumør, tek eg han med her. I eit nummer av Quiltemagasinet for nokre år sidan, viste han seg på spisebrikker. Eg brukte ideen vidare til bordløpar, og putta inn stoff som passa til mottakar.

Mange ulike stoff til bakgrunnen er sydd saman og frihandsquilta med vatt og bakstykke, før hanen er applikert på med tungesting.


Enkel lukkekant er sydd på til slutt. Ein løpar som kan brukast heile året;)

Den stolte hane


I 2003 var NQF sitt årsmøte lagt til Molde, og det var første årsmøte for meg.  Men eg har fått med meg dei fleste deretter. No gleder eg meg veldig til det skal vere i Bergen i mars. Som medlem i Molde Quiltelag, var eg også med og arrangerte. Vi sydde bl.a. roser som glasbrikker til alle som deltok på festmiddagen. Det kunne dei ta med som minne;)
På mitt første årsmøte gjekk eg på kurs med Merete Nybro Berg, som driv Meretes Lille Atelier i Grimstad. Ho var ein blid og triveleg kurshaldar;) Vi skulle lage hjerte med bakgrunn av mange små stofflappar, og så frihandsquilte over heile. Det skulle vere ujamnt og røft rundt kanten.
Etter kurset blei det liggande, for eg syntest det likna meir på ein hane;(
Men så gjekk det opp eit lys for meg!! Kvifor kan det ikkje bli ein hane? Dermed sydde eg på perler for å markere kam og vøle. Auget og nederst på foten blei også markert med ei perle.
Ramma rundt er sydd på av svart lin.


 Det er quilta med ulike trådar og ulike mønstre for å få fram effektar.



Det er artig å quilte på frihand, for det er ingen som får det likt, og du kan sette ditt eige preg på det. Eg hadde ikkje så lang erfaring med frihandsquilting endå då, men fekk prøve heilt fritt her. Og når eg ser på det no, så var det ikkje så ille. Ofte blir eg flau over ting eg laga tidlegare, men det betyr vel også at eg har utvikla meg;)
Men den stakkars hanen har blitt liggane stille i fleire år, og heilt til no...
Endeleg er den ferdig montert, og skal få bu på kjøkkenet;)  No kan den vere både stolt og kry, og kanskje kan eg vakne til ky-ke-li-kyyyy, --om han ikkje endå er fornærma på Edny..

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...