Eg er glad i dørkransar, og tenkte at dei kan få vere med å opna døra inn til bloggverden for meg.
Og som med det meste eg lagar, så likar eg å ha min eigen vri, slik at det ikkje blir slik som alle andre har. På døra heime har eg ein lyskrans som eg har pynta opp med kongler, krokhassel, kuler m.m, og nederst heng eit englepar eg falt pladask for på Kid for mange år sidan.
Eg gleder meg til å ta fram kransen til kvar advent.
Julenissa ved dørhandtaket, er ei dørklokke. Når vi trykker på nasen, spelar den ein julesang, og det kjem ein ny ved neste trykk. Den er alltid like kjekk å ta fram igjen. Den har vart i ca 25 år, og batteria har vore skifta kun ein gong! Det kallar eg kvalitet, sjølv om eg var veldig i tvil om det var for "harry" då eg kjøpte den. Har ikkje angra ein dag;) Den gleder både store og små.
Først på føremiddag julaftan blei den laga ferdig, og kunne hengast på døra til mi kjære mor då vi kom dit til julesteik. Med sine 83 år er ho endå ein meister i matlaging, og likar å ordne middag til mange.
Dagen etter kom uveret Dagmar på besøk. Heldigvis var pynt og krans festa med streng, så den stod imot den stormfulle dama. Håper at mor kan glede seg over kransen, og at den held mange juler framover.
Velkommen til bloggverdenen, mamma mi:) Har gledet meg til denne dagen. Syns det er kjekt at andre skal få se alt det fine du lager! Og hvor gjennomtenkt alt er med fine detaljer. Dørkransene er bare superlekre der de lyser opp i vintermørket!
SvarSlettKjekt da Edny. Du e bare flink
SvarSlettFlott dørkrans og pynt rundt døren. Ringeklokkenissen har jeg også, den må komme frem hver advent. Ungene elker og trykke på den, mange ganger, og igjen og igjen. Koselig med tradisjoner.
SvarSlett