23. februar 2011 var eg på dagstur til kurs i Oslo. På veg til Litteraturhuset, var det dette nydelege synet som møtte meg. Eg blei heilt bergtatt, det var tidleg og nesten folketomt i gata, og for ein gongs skuld hadde eg god tid!! Og på toppen av det heile hadde eg med meg kamera;)
Byggverket av is var laga i anledning VM på ski i Oslo, og på ettermiddag skulle opningsseremonien gå føre seg på Universitetsplassen.
På www.oslo2011.no stod dette:
IsskulpturparkI Spikersuppa kommer en isskulptur-park under temaet ”Munch i snø og is”. Her har et antall iskunstnere fra hele verden blitt invitert til å lage sine bidrag. Det skal lages åtte store skulpturer med Edvard Munch-motiver, deriblant en gigantisk versjon av ”Pikene på broen”, som skal måle intet mindre enn 15 meter. 1000 tonn snø og 70 kubikk is kjøres inn til Spikersuppa i ukene før VM, og det vil være et skue i seg selv å se kunstnerne jobbe med motorsag og strykejern for å få ferdig kunstverkene.
Kunstnaren legg siste hand på verket, og eg fekk lov å knipse;)
Ja, det var stort og gigantisk, og med god plass til å gå under brua.
For eit praktverk!! Og pikene kan stå på brua og skue opp til slottet.
Eg er så glad for at eg fekk med meg dette på nært hald, og det kunne ikkje ha vore betre ramme rundt det heile. Det gjorde eit sterkt inntrykk.
På veg til Nasjonalteateret og tog til flyplassen på ettermiddag same dag, var det stappa med folk overalt. Seremonien nærma seg, og eg stod plutseleg oppi der deltakarane stilte opp og gjorde seg klare til innmarsjen. Og på veg inn til stasjonen, var eg verkeleg kjerringa mot straumen. Det stimla folk ut frå toga, og eg følte eg var den einaste som skulle dra frå Oslo. Lykkeleg over at eg tok meg tid om morgonen, for seinare hadde det vore umuleg.
Både Bjørgen, Northug, Johaug, kongen og dronninga smilte og klemte seg gjennom ski-VM. Det var mange flotte prestasjonar.
For meg var det denne opplevinga av Edvard Munch som tok 1.plassen:)
Nydelige bilder!
SvarSlettØnsker deg en fin søndag! Klem, Marianne.
Dette måtte ha vært en fantastisk opplevelse!! De skulpturene var fantastiske. Skal si du tar bloggingen alvorlig. Så mange innlegg på så kort tid kan ta pusten fra de fleste. Men det er gøy å se hva du har laget. Jeg legger også ut gamle ting innimellom, som en dokumentasjon.
SvarSlettNydelig. Tenker dette var en flott opplevelse. Har du funnet bloggen til Moda?
SvarSlettPrøv denne adressen.
http://www.modabakeshop.com/
Astrid
Takk;) Fant bloggen til Moda nå når du var så snill å sende meg adressen;)
SlettKjempe fint. Blei sikkert ikke vist på tv.
SvarSlett