fredag 6. januar 2012

Brikke og boks

 Eg hadde så lyst å lage noko nyttig i bursdagsgåve til ei flott dame som runda år. Forsinka blei det no då, men eg fekk gjort det i same årstal;) Og det var målet;)
Brett er ein nyttig ting og kan brukast til så mangt. Eg sydde ei brikke som passar oppi. Englestoff, blondar, små hekla rosettar og eit applikert hjerte synst eg passa bra.
Brikka kan sjølvsagt ligge på eit bord eller ei hylle også, eller hengast på veggen.

Eg er veldig glad i både englar og tekst, og dette passar til mottakar også.

Og brettet kan sjølvsagt brukast som det er;)


Eit kort i same stil blei også laga.
Ho fekk også ein boks med opptenningsbrikettar. Den er dekorert med stoff, blondar, band og neverhjerter. Då håper eg gåva blir til både hygge og nytte;)

1 kommentar:

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...