Vi pussa opp badet for nokre år sidan, og då kunne eg endeleg sy teppet eg hadde planlagt lenge. Midtstykket er ein batikk eg kjøpte med Olaugs Quilt. Utifrå bakgrunnsfargane der, prøvde eg å finne ulike fargar stoff til kvar side for å dra fargane meir utover. I tillegg har eg brukt forskjellige teknikkar til rammedelane.
Heile teppet er frihandsquilta, og etter nokre bobler sydde eg -nå har vi det
- som fisken i vannet", fortsett det nedover høgre side. Silvi står for fiskedesignen. Dei fire kvadrata i midten av log-cabin-rutene, går igjen frå kanten over for å få ein samanheng.
Eg er veldig glad i frihandsquilting, og i tillegg til motiva, har eg quilta bakgrunnen slik at den passar til bobler, tang o.l.
Eg ville også at teppet skulle passe til "blyglaset" vi har på badet.
Det er bare lekkert det du lager Edny.
SvarSlett