I 2003 var NQF sitt årsmøte lagt til Molde, og det var første årsmøte for meg. Men eg har fått med meg dei fleste deretter. No gleder eg meg veldig til det skal vere i Bergen i mars. Som medlem i Molde Quiltelag, var eg også med og arrangerte. Vi sydde bl.a. roser som glasbrikker til alle som deltok på festmiddagen. Det kunne dei ta med som minne;)
På mitt første årsmøte gjekk eg på kurs med Merete Nybro Berg, som driv Meretes Lille Atelier i Grimstad. Ho var ein blid og triveleg kurshaldar;) Vi skulle lage hjerte med bakgrunn av mange små stofflappar, og så frihandsquilte over heile. Det skulle vere ujamnt og røft rundt kanten.
Etter kurset blei det liggande, for eg syntest det likna meir på ein hane;(
Men så gjekk det opp eit lys for meg!! Kvifor kan det ikkje bli ein hane? Dermed sydde eg på perler for å markere kam og vøle. Auget og nederst på foten blei også markert med ei perle.
Ramma rundt er sydd på av svart lin.
Men den stakkars hanen har blitt liggane stille i fleire år, og heilt til no...
Endeleg er den ferdig montert, og skal få bu på kjøkkenet;) No kan den vere både stolt og kry, og kanskje kan eg vakne til ky-ke-li-kyyyy, --om han ikkje endå er fornærma på Edny..
Hanen ble kjempeflott Edny. Håper vi får se den på neste quiltemøte.
SvarSlettArtig historie, av og til blir ting noe helt annet enn de vi først hadde tenkt.
Astrid
Synes det var et fint hanebilde eg, og artig historie! Eg lærte for lenge sidan, at det ein ikkje er fornøgd med skal ein framheve istaden for å prøve å skjule. Ja det er no akkurat det du har gjort og resultatet blei kjempefint!
SvarSlettTrine:)
Klart jeg vil inn i bloggen din å titte.
SvarSlettTusen takk for hyggelig kommentar i bloggen min.
Denne hanene var da riktig så vakker. Å frihåndsquilte er ikke lett men det tar ikke lang tid før det sitter i hånda. Bare litt øvelse som skal til.
jeg har egen for til min Bernina som gjør slik at alle sting blir like lange. Du kan dra i stoffet så mye du vil, men denne regulerer faktisk stingene etter som du syr. Det hele handler om trening.
Ha en strålende onsdag.
Den va kjempefin! Skjønna ikkje korleis du klare å trylle slik med symaskina...eg & symaskina til mamma prøva å bli venna - so eg helde meg til puter og slike lettare saker foreløpig - men kunne godt tenkt meg å kunna meir ;)
SvarSlettEg og Ulrik hadde forresten baka vannbakels med rosa melisglasur ;)
Klem frå Sissel Astrid